Hopp til innhald

Fagstoff

Snakk om film

Her får du forslag til spørsmål som kan gi gode refleksjonar i forkant og i etterkant av ei filmoppleving. Plukk ut dei spørsmåla som passar til den gruppa du har, og filmen de skal sjå.
Stolrader i ein kinosal sett bakfrå. Hovuda blir lyste opp av lyset frå kinolerretet. Foto.

Kva er kunst?

Det kan vere både interessant og nyttig å la elevane diskutere meir overordna spørsmål som "Kva er kunst?" før dei skal møte ein bestemd produksjon i Den kulturelle skulesekken. Du finn forslag til kva dei kan diskutere i artikkelen "Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar". artikkelen "Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar". Plukk ut det du meiner er relevant å gå i djupna på, før de går over til å snakke om film.

Før filmen

  1. Kva forventningar har du til å møte ein filmskapar?

  2. Kva forventningar har du til filmen du skal sjå?

  3. Kva forventningar trur du filmskaparen har til å møte deg?

  4. Kvifor trur du filmskaparen ønsker at du skal sjå denne filmen?

  5. På kva måtar kan eit filmskaparmøte påverke korleis du oppfattar ein film?

  6. Filmskaparar uttrykker seg gjennom film. Kva er dei beste måtane for deg å uttrykke deg på?

  7. Kva trur du er viktig for filmskaparar å tenke på når dei planlegg ein film?

  8. På kva måtar kan erfaringane og bakgrunnen til ein filmskapar påverke det hen lagar film om?

  9. På kva måtar kan eit filmskaparmøte endre måten du tenker om film på?

  10. Korleis kan det å snakke om ein film gjere han betre eller meir interessant for deg?

  11. På kva måtar kan filmar eller filmskaparmøte inspirere deg og gi deg idéar?

  12. Kva type filmar liker du å sjå? Grunngi.

  13. På kva måtar er det annleis å sjå ein film på kino enn å sjå han heime?

  14. På kva måtar kan eit stort lerret og høg lyd påverke filmopplevinga di?

  15. På kva måtar kan film påverke kjenslene våre eller korleis vi tenker om ting? Har du nokon døme?

  16. På kva måtar kan film hjelpe oss til å forstå forskjellige menneske, kulturar og perspektiv betre? Har du nokon døme?

  17. Er det nokon bodskap eller tema du synest er viktige å formidle i film? Kva for nokre? Grunngi.

  18. Er det nokon bodskap eller tema som ikkje burde bli formidla i film? Kva for nokre? Grunngi.

  19. Kva slags eigenskapar trur du ein regissør/filmfotograf/filmklippar/skodespelar må ha?

  20. På kva måtar kan ein skodespelar bruke kroppsspråk, stemma og ansiktsuttrykk for å uttrykke kjensler og tankar til publikum?

  21. På kva måtar kan skodespelarar bruke evnene sine til å påverke og engasjere publikum?

  22. På kva måtar kan lydeffektar, musikk og lys bidra til å skape stemning i filmar? Har du nokon døme?

  23. Kva eigenskapar synest du det er viktig å ha for ein god filmkarakter? Grunngi.

Etter filmen

  1. Var det noko ved filmen eller filmskaparmøtet som påverka deg? Kva påverka deg?

  2. Kva inspirerte deg mest i løpet av filmskaparmøtet?

  3. Var det noko filmskaparen fortalde eller viste fram som kan koplast til dine eigne opplevingar eller erfaringar?

  4. Kva var det mest interessante du fekk vite om filmskaparen eller filmen?

  5. Kva var det mest interessante du fekk vite om det å lage ein film?

  6. Kva kriterium bruker du for å vurdere om ei filmoppleving er god eller dårleg?

  7. Kva råd ville du gitt filmskaparen for den neste filmen hens?

  8. Kva ville du ønske at filmskaparen hadde inkludert, utelate eller endra i filmen? Grunngi.

  9. Kva var det mest interessante spørsmålet du eller nokon andre stilte filmskaparen? Kvifor var det interessant?

  10. Kva spørsmål ville du stilt filmskaparen dersom du fekk ei ny moglegheit?

  11. På kva måtar kan du bruke det du såg eller høyrde om i dag, i ditt eige liv?

  12. Kva var det viktigaste temaet eller den viktigaste bodskapen i filmen, og på kva måtar kan det vere relevant for deg og ditt liv?

  13. Korleis kan du kjenne deg igjen i karakterane i filmen, og kva kan du lære av erfaringane deira?

  14. Kva karakter i filmen liker du best/dårlegast? Forklar kvifor.

  15. Kva ville du gjort annleis dersom du var hovudpersonen i filmen?

  16. Kva ting i filmen syntest du var utfordrande eller vanskeleg å forstå?

  17. Kva delar av filmen likte du best/dårlegast? Forklar kvifor.

  18. Kva betydning kan det ha å kjenne seg igjen i karakterar eller hendingar i ein film?

  19. Kva var det mest interessante eller overraskande for deg i filmen?

  20. Kva trur du var formålet med å lage denne filmen?

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken