Hopp til innhald

Fagstoff

Snakk om litteraturopplevingar

Her får du forslag til spørsmål som kan gi gode refleksjonar i forkant og i etterkant av ei litteraturoppleving. Plukk ut dei spørsmåla som passar til den gruppa du har, og det de skal oppleve.
Mann med bøyelmikrofon les frå ei bok. Foto.

Kva er kunst?

Det kan vere både interessant og nyttig å la elevane diskutere meir overordna spørsmål som "Kva er kunst?" før dei skal møte ein bestemd produksjon i Den kulturelle skulesekken. Du finn forslag til kva dei kan diskutere i artikkelen "Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar". Plukk det du meiner er relevant å gå i djupna på, før de går over til å snakke om litteratur.

Før litteraturopplevinga

  1. Kva forventningar har du til å møte ein forfattar?

  2. Kva forventningar trur du forfattaren har til å møte deg?

  3. Kvifor trur du forfattaren ønsker at du skal høyre om eller lese denne boka?

  4. På kva måtar kan eit forfattarmøte påverke korleis du oppfattar ei bok?

  5. Forfattarar uttrykker seg gjennom bøker. Korleis uttrykker du deg best?

  6. Kva trur du er viktig for forfattarar å tenke på når dei planlegg ei bok?

  7. På kva måtar kan erfaringane og bakgrunnen til ein forfattar påverke det hen skriv om?

  8. På kva måtar kan eit forfattarmøte endre korleis du tenker om litteratur?

  9. På kva måtar kan det å snakke om ei bok gjere ho betre eller meir interessant for deg?

  10. På kva måtar kan bøker eller forfattarmøte inspirere deg og gi deg idéar til di eiga skriving?

  11. Kan ord og bilete fortelje det same? Kvifor / kvifor ikkje?

  12. Kva slags historier liker du eller liker du ikkje å lese, og kvifor?

  13. Er det nokon tema eller bodskap det ikkje bør skrivast om, i så fall kva for nokre og kvifor?

  14. Kva tema eller bodskap synest du det er viktig at det blir skrive om, og kvifor?

  15. Er det nokon historier som ikkje kan forteljast i bøker, i så fall kva for nokre og kvifor?

  16. På kva måtar kan du bruke det du les, til å forstå verda rundt deg betre?

  17. På kva måtar kan skjønnlitteratur hjelpe deg med å utvikle forståinga di for menneske, stader og kulturar?

  18. På kva måtar kan du bli påverka av bøker og bruke det du les, i ditt eige liv?

  19. Kva gode grunnar er det for å lese skjønnlitterære bøker?

  20. Korleis kan du bruke skjønnlitteratur for å utvikle din eigen fantasi og kreativitet?

  21. Kva kriterium bruker du for å vurdere om ei bok er god eller dårleg?

  22. Kva slags bok vil du tilrå til ein venn, og kvifor?

  23. Lesing av bøker kan utløyse ulike kjensler. Er det viktig at bøker gjer det? Grunngi.

  24. På kva måtar kan ei bok vere bra sjølv om ho gir deg ei dårleg kjensle?

  25. På kva måtar kan opplevinga av ei bok endre seg over tid?

  26. Kva bokkarakterar kan du kjenne deg mest igjen i, og kvifor?

  27. På kva måtar kan du lære noko frå handlingane og vala til karakterane i bøker?

Etter litteraturopplevinga

  1. Var det noko ved boka eller forfattarmøtet som inspirerte deg eller påverka deg? Kva og kvifor?

  2. Var det noko forfattaren fortalde eller las om som kan koplast til dine eigne opplevingar eller erfaringar, i så fall kva?

  3. Kva var det mest interessante du fekk vite om forfattaren?

  4. Kva var det mest interessante du fekk vite om det å skrive ei bok?

  5. Kva råd ville du ha gitt forfattaren for hens neste bok, og kvifor?

  6. Kva skulle du ønske at forfattaren hadde inkludert, utelate eller endra i boka, og kvifor?

  7. Kva var det mest interessante spørsmålet du eller nokon andre stilte forfattaren, og kvifor?

  8. Kva spørsmål ville du ha stilt forfattaren dersom du fekk ei ny moglegheit?

  9. På kva måtar kan du bruke det du høyrde om i forfattarmøtet, i ditt eige liv?

  10. Kva var det viktigaste temaet eller den viktigaste bodskapen i boka, og på kva måtar kan det vere relevant for deg eller andre på din alder?

  11. Kva eigenskapar synest du det er viktig at ein god bokkarakter har, og kvifor?

  12. Korleis kan du relatere deg til karakterane i boka, og kva kan du lære av erfaringane deira?

  13. Kva karakter i boka liker du best/dårlegast, og kvifor?

  14. Kva delar av boka likte du best/dårlegast, og kvifor?

  15. Kva ville du ha endra i boka, og kvifor?

  16. Kva ting i boka syntest du var utfordrande eller vanskeleg å forstå, og kvifor?

  17. Kva betydning kan det ha å kjenne seg igjen i karakterar eller hendingar i ei bok?

  18. Kva trur du var hovudbodskapen i boka?

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken