Hopp til innhald

Fagstoff

Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar

Her får du forslag til spørsmål som kan gi gode refleksjonar i samanheng med ulike kunstopplevingar. Plukk ut dei spørsmåla som passar til den gruppa du har, og det de skal oppleve.
Person kledd i lyst slør sit bøygd over ein synthesizer. Scenen er mørk, men personen er opplyst av to lyskastarar. Foto.
  1. Kva skal til for at noko kan kallast kunst?

  2. Kven bestemmer kva som er kunst?

  3. Kva kriterium bruker du for å vurdere om eit kunstverk er godt eller dårleg?

  4. På kva måtar kan kunst vere farleg, vondskapsfull eller urettferdig? Har du nokon døme?

  5. På kva måtar kan kunst fortelje historier? Har du nokon døme?

  6. Er det nokon historier kunsten ikkje kan fortelje?

  7. Er det nokon historier som berre kan forteljast gjennom kunst?

  8. Kva betyr det å fortelje historier gjennom kunst for deg?

  9. På kva måtar er det annleis å fortelje historier i kunstverk framfor i filmar eller bøker?

  10. På kva måtar kan vi lære av kunst? Har du nokon døme?

  11. Kva trur du er viktig for kunstnarar å tenke på når dei skal vise fram verka sine?

  12. På kva måtar kan du vere kreativ?

  13. Kva er dei beste måtane for deg å uttrykke deg kreativt på?

  14. På kva måtar kan ein få idéar eller inspirasjon til å uttrykke seg kreativt?

  15. På kva måtar kan kunst hjelpe deg til å sjå verda annleis?

  16. På kva måtar kan ein finne hjelp og trøyst i kunst? Har du nokon døme?

  17. På kva måtar kan kunst bidra til å forandre korleis folk tenker, og i kva tilfelle er det viktig?

  18. På kva måtar kan du oppdage nye ting ved deg sjølv gjennom eit kunstverk?

  19. Kva kjensler kan eit kunstverk vekke?

  20. På kva måtar kan du forstå noko utan at det blir brukt ord?

  21. På kva måtar kan kunst vere relevant for deg og ditt liv?

  22. På kva måtar kan kunst vere god fordi vi opplever han som stygg eller ubehageleg?

  23. På kva måtar kan kunst vere farleg eller umoralsk? Har du nokon døme?

  24. Finst det kunstverk som ikkje bør visast fram? Kva og kvifor?

  25. På kva måtar kan opplevinga av eit kunstverk forandre seg over tid?

  26. Kvifor trur du kunstnarar ønsker å dele det dei lagar, med folk?

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken