Hopp til innhald

Fagstoff

Snakk om musikkopplevingar

Her får du forslag til spørsmål som kan gi gode refleksjonar i forkant og i etterkant av ei musikkoppleving. Plukk ut dei spørsmåla som passar til den gruppa du har, og det de skal oppleve.
Silhuett av songar på ein scene med publikum framfor. Scenelysa er raude, lilla og blå. Foto.

Kva er kunst?

Det kan vere både interessant og nyttig å la elevane diskutere meir overordna spørsmål som "Kva er kunst?" før dei skal møte ein bestemd produksjon i Den kulturelle skulesekken. Du finn forslag til kva dei kan diskutere i artikkelen "Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar". Plukk det du meiner er relevant å gå i djupna på, før de går over til å snakke om musikk.

Før musikkopplevinga

  1. Kva forventningar har du til å møte ein musikar / eit band/ eit orkester?

  2. Kva forventningar trur du musikaren har til å møte deg?

  3. Kvifor trur du musikaren ønsker at du skal høyre denne musikken?

  4. På kva måtar kan eit musikarmøte påverke korleis du oppfattar musikken?

  5. Musikarar uttrykker seg gjennom musikk. Korleis uttrykker du deg best?

  6. Kva trur du er viktig for musikarar å tenke på når dei lagar musikk eller skal spele ein konsert?

  7. På kva måtar kan erfaringane og bakgrunnen til ein musikar påverke det hen lagar musikk om?

  8. På kva måtar kan eit musikarmøte endre korleis du tenker om musikk?

  9. På kva måtar kan det å snakke om musikk gjere han betre eller meir interessant for deg?

  10. På kva måtar kan musikk eller musikarmøte inspirere deg og gi deg idéar?

  11. Kva musikk får deg til å føle deg glad eller oppstemd? Kvifor trur du det er slik?

  12. På kva måtar kan musikk hjelpe deg med å handtere vanskelege kjensler, til dømes tungsinn eller sinne?

  13. På kva måtar kan du bruke musikk til å uttrykke kjenslene dine? Har du nokon døme?

  14. På kva måtar kan musikk påverke humøret ditt? Har du nokon døme?

  15. Kva slags musikk liker du best/minst å høyre på, og kvifor?

  16. Kva historier kan musikk fortelje deg? Har du nokon døme?

  17. Er det nokon historier musikk ikkje kan fortelje, i så fall kva for nokre? Grunngi.

  18. På kva måtar kan musikk lære deg om forskjellige kulturar og samfunn? Har du nokon døme?

  19. Kva slags musikk frå andre delar av verda synest du er spesielt interessant å lytte til?

  20. Kva slags musikarar eller band har du opplevd live, og kvifor valde du å oppleve desse?

  21. Korleis trur du musikarar jobbar når dei lagar musikk?

  22. Kva slags eigenskapar trur du er viktig for å vere ein god musikar?

  23. Kvifor trur du nokon musikarar jobbar saman i eit band, mens andre jobbar åleine?

  24. På kva måtar kan musikk bidra til å skape fellesskap og samhøyr?

  25. På kva måtar kan musikk hjelpe deg til å forstå andre sine kjensler, perspektiv eller erfaringar?

Etter musikkopplevinga

  1. Kva ved musikken eller musikarmøtet påverka deg? Grunngi.

  2. Var opplevinga slik du hadde forventa? Kvifor / kvifor ikkje?

  3. Kva inspirerte deg mest i løpet av opplevinga, og kvifor?

  4. Kva synest du om opplevinga du akkurat har hatt?

  5. Kva kriterium bruker du for å bedømme om ei musikkoppleving er god eller dårleg?

  6. Var det noko musikaren fortalde eller spelte som kan koplast til dine eigne opplevingar eller erfaringar, i så fall kva?

  7. Kva var det mest interessante du fekk vite om musikaren eller musikken?

  8. Kva var det mest interessante du fekk vite om det å lage musikk?

  9. Kva råd ville du ha gitt musikaren/bandet for den neste framsyninga si, og kvifor?

  10. Kva var det mest interessante spørsmålet du eller nokon andre stilte musikaren, og kvifor?

  11. Kva spørsmål ville du ha stilt musikaren dersom du fekk ei ny moglegheit?

  12. På kva måtar kan lyd og lyseffektar bidra til ei betre konsertoppleving?

  13. På kva måtar kan den sceniske framføringa til musikaren bidra til ei betre eller dårlegare oppleving?

  14. Korleis trur du musikarar jobbar med å lage musikk? Kva slags eigenskapar trur du er viktig å ha for å vere ein god musikar?

  15. Kva type musikar ville du ha likt å vere, og kvifor?

  16. Ville opplevinga ha vore den same om du opplevde ho åleine? Kvifor / kvifor ikkje?

  17. På kva måtar kan musikkopplevingar knyte menneske saman? Har du nokon døme?

  18. Kva ville du ha sagt om du skulle ha tilrådd opplevinga til ein venn?

  19. På kva måtar kan du som publikum bidra til å forme ei musikkoppleving?

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken