Hopp til innhald

Fagstoff

Snakk om opplevingar med visuell kunst

Her får du forslag til spørsmål som kan gi gode refleksjonar i forkant og i etterkant av ei kunstoppleving. Plukk ut dei spørsmåla som passar til den gruppa du har, og det de skal oppleve.
Ein person held opp ei kladdebok med teikning av to strekmenn og ein katt. Det er handskriven tekst under biletet. Foto.

Før kunstopplevinga

  1. Kva forventningar har du til å møte ein kunstnar eller besøke eit museum eller galleri?

  2. Kva forventningar trur du kunstnaren/formidlaren har til å møte deg?

  3. Kvifor trur du kunstnaren/formidlaren ønsker at du skal sjå denne kunsten?

  4. På kva måtar kan eit kunstnarmøte påverke korleis du oppfattar kunsten?

  5. Korleis uttrykker du deg best?

  6. Kva trur du er viktig for kunstnarar å tenke på når dei planlegg kunsten sin?

  7. På kva måtar kan erfaringane og bakgrunnen til ein kunstnar påverke det hen lagar?

  8. På kva måtar kan eit kunstnarmøte endre korleis du tenker om kunst?

  9. På kva måtar kan det å snakke om kunsten gjere han betre eller meir interessant for deg?

  10. På kva måtar kan kunst og kunstnarmøte inspirere deg og gi deg idéar?

  11. Kan ord og bilete fortelje det same? Kvifor / kvifor ikkje?

Etter kunstopplevinga

  1. Var det noko ved opplevinga som påverka deg, i så fall kva? Grunngi.

  2. Kva inspirerte deg mest i løpet av opplevinga, og kvifor?

  3. Var det noko du såg eller høyrde som kan koplast til dine eigne opplevingar eller erfaringar, i så fall kva?

  4. Kva var det mest interessante du fekk vite i dag, og kvifor var det interessant?

  5. Kva var det mest interessante du såg i dag, og kvifor var det interessant?

  6. Kva råd ville du ha gitt til kunstnaren eller formidlaren du møtte i dag?

  7. Kva skulle du ønske at du fekk vite meir om?

  8. Kva var det mest interessante spørsmålet du eller nokon andre stilte kunstnaren/formidlaren, og kvifor var det interessant?

  9. På kva måtar kan du bruke det du såg og høyrde i dag i ditt eige liv?

  10. Kva kriterium bruker du for å vurdere om eit kunstverk er godt eller dårleg?

  11. Kva var det første du la merke til då du såg på kunstverket?

  12. Kva såg du då du såg dette kunstverket?

  13. Såg du noko som ikkje kan beskrivast med ord i kunstverket?

  14. Kva kjensler kan dette kunstverket vekke i deg eller andre?

  15. Kva fargar og figurar kan du identifisere i dette kunstverket?

  16. Kva liker du best, og kva liker du minst ved dette kunstverket? Grunngi.

  17. Kva kunstverk syntest du var utfordrande eller vanskeleg å forstå?

  18. Kva trur du kunstnaren prøvde å uttrykke gjennom kunstverket?

  19. Kva slags teknikkar eller materiale trur du kunstnaren har brukt for å lage kunstverket?

  20. Oppdaga du nokon tema eller bodskap i kunsten du såg, i så fall kva for nokre?

  21. Kva kjensler gav dette kunstverket deg?

  22. På kva måtar kan eit kunstverk vere bra sjølv om det gir den som ser det, ei dårleg kjensle?

  23. Kva ville du ha gjort annleis dersom du var kunstnaren som laga kunstverket?

  24. Kva historie kan du lage basert på dette kunstverket?

  25. På kva måtar kan du knyte dette kunstverket til noko som anten har skjedd deg, eller til kjensler du har hatt?

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken