Hopp til innhald

Fagstoff

Ti tips for ei god DKS-oppleving

Korleis kan du legge til rette for at DKS-opplevinga blir god? Her får du konkrete tips til både forarbeid og etterarbeid.
Mann står ved digital tavle og demonstrerer for elevar korleis han jobbar. Foto.

Før besøket

  1. Det kan vere både interessant og nyttig å la elevane diskutere overordna spørsmål som "Kva er kunst?" før dei skal møte ein bestemd produksjon i Den kulturelle skulesekken. Du finn forslag til kva dei kan diskutere i artikkelen "Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar".

  2. Kva skal de sjå? Konsert? Teater? Danseframsyning? Utstilling? Kva kjenneteiknar kulturuttrykket de møter? Bruk gjerne denne oversikta over kunst- og kulturuttrykk i DKS.

  3. Prøv å førebu elevane på staden de skal besøke. Er det eit museum – gå gjennom museet på nett og sjå kva dei har av utstillingar. Er det eit skodespel – snakk om korleis ein oppfører seg når ein er på teater. Skal de sjå ein film – snakk om kinoopplevinga.

  4. Utforsk temaet, prøv å få ei tydeleg forståing av tema, handling og kontekst – til dømes historisk bakgrunn, tradisjonar og skikkar, eventuelt språk og kultur. Dette kan gjerast som debatt, diskusjon, lesestoff, oppgåver og så vidare.

  5. Framsnakk alltid opplegga og undre deg høgt over kva de som gruppe skal få oppleve. Kanskje har du lese eller høyrt nokon snakke om det de skal sjå?

  6. Snakk om korleis de kan vere eit godt publikum. Faktum er at mange elevar aldri (eller sjeldan) har vore med på ei kunstoppleving. Det er då viktig å snakke om dette. Til dømes: Korleis oppfører du deg på ein konsert eller ei teaterframsyning? Korleis går du inn i salen, og kvar set du deg? Korleis viser du respekt for utøvarane på scenen? Når gir du applaus?

Silhuett av ein songer på ein scene med publikum framfor. Scenelysa er raude, lilla og blå. Foto.

Etter besøket

  1. Klassesamtale: Snakk om at alle opplever kunst frå sitt perspektiv, og at alle derfor har ulik kunstoppleving.

  2. Gruppesamtalar: Om du deler klassen inn i mindre grupper, gir det fleire moglegheiter til å snakke. Bruk gjerne samtalestartarar eller spørsmål som oppmuntrar til refleksjon.

  3. Fordjuping: Gå i djupna ved å besøke andre stader og kulturopplevingar som tek for seg det same temaet. De kan òg gjere djupneundersøkingar ved å sjå nærare på historie, personar, kultur, tradisjonar, språk og musikk knytte til temaet.

  4. Presenter for andre: Fortel om DKS-opplevinga til andre som ikkje var der. Dette kan til dømes gjerast munnleg, lagast som ein samansett tekst eller som ei skriftleg melding.

  5. Inviter inn foredragshaldarar som snakkar om det same temaet som DKS-opplevinga handla om.

Skrive av Kulturtankens ressurslærarar

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken