Kunst- og kulturuttrykk i DKS
Kulturarv er opphavsmyten til det moderne mennesket. Viss vi er fleire som deler ei historie, og opnar ho for andre sine historier, får vi eit inkluderande perspektiv.
Alle menneske har ein kulturarv – med sin eigen personlege kombinasjon av kultur, erfaringar og historie. Vi er dermed alle med på å definere kva som skal vere kulturarven i framtida. Det handlar om dei store spørsmåla i livet, dilemmaa og mogelegheitene – som gjer at vi kan spegle oss i personane i fortida.
Kulturarv i DKS rommar mange fagområde og emne. Det omfattar eksempelvis forteljarkunst, tradisjonshandverk og kulturminne og industriarv og arven til minoritetar. Immateriell og materiell kulturarv er sidestilte i DKS-samanheng.
Temaa famnar over både det vi er stolte av – og ønsker å ta vare på – og den historia vi skjemmest over – men som like fullt fortener ein plass for debatt og kritikk. Kulturarv i DKS er dermed eit rom for den store samtalen om historieskriving og historieutval.
Gjennom film i Den kulturelle skulesekken skal elevane få sjå og oppleve filmkunst og få teoretisk og praktisk innføring i filmproduksjon.
Film og levande bilete er ein naturleg del av kvardagen til barn og unge, anten det er på kino eller tv, på nett eller gjennom sosiale medium. Film kan vere ein døropnar til ulike måtar å oppleve og fortelje historier på, og spegle barn og unge sine eigne liv og samfunnet vi lever i.
Gjennom film i DKS kan elevane få møte filmskaparar og filmsjangrar som dokumentaren, kortfilmen, spelefilmen og animasjonsfilmen. Dei får mogelegheita til å sjå og oppleve filmkunst, delta på filmverkstad og få innføring i filmhistorie, filmproduksjon og filmkritikk.
Visuell kunst i Den kulturelle skulesekken rommar fagområda biletkunst, arkitektur, design og kunsthandverk.
Dei omkring 800 årlege produksjonane i DKS tek alle tenkelege former: kunstnarmøte, museumsbesøk, visningar, atelierbesøk, performative verk, forelesningar og verkstader.
Slik må det nesten vere, for kunsten i DKS skal vere like mangfaldig, grenselaus og ustyrleg som all annan kunst. Derfor vil visuell kunst ofte òg inngå i ulike konstellasjonar med andre kunst- og kulturuttrykk, som film, litteratur eller scenekunst.
Musikk i Den kulturelle skulesekken har som mål å inspirere til nye opplevingar som kan setje spor og opne øyre og dører til lydar og melodiar ein ikkje visste fanst.
Musikk har ein stor plass i kulturen og livsverda til barn og unge, og DKS ønsker å formidle den store uttrykksmessige og kulturelle spennvidda som finst. Musikk i DKS skal by på alt frå folkemusikk og klassisk musikk til hiphop og rock. Elevane kan få oppleve profesjonelle orkester, band og soloutøvarar.
Gjennom Den kulturelle skulesekken vil elevane få oppleve scenekunst i ulik drakt og ulikt uttrykk, med opplevingar som set avtrykk.
Scenekunst i Den kulturelle skulesekken (DKS) omfattar eit mangfald av sceniske uttrykk og sjangrar innanfor teater, dans, opera og nysirkus. Her finn vi både scenekunstproduksjonar av stort format, som blir viste i kulturhus for fleire hundre elevar om gongen, og visningar av mindre format. I tillegg rommar han interaktive former og verkstader som gjerne kan finne stad i klasserommet.
Kva var den første boka nokon las for deg? Kva bok har forandra deg og måten du tenker på? Kva er den beste boka du har lese?
Møtet med litteratur i Den kulturelle skulesekken skal tilby elevane litt meir enn litteraturen dei får gjennom undervisninga. Det kan vere gjennom eit forfattarmøte eller andre måtar å formidle kvalitetslitteratur på. I dette møtet ligg mogelegheita til å skape både engasjement og ei nysgjerrigheit, som forhåpentlegvis får eleven til å vilje halde fram inn i boka.