Hopp til innhald

Fagstoff

Snakk om scenekunstopplevingar

Her får du forslag til spørsmål som kan gi gode refleksjonar i forkant og i etterkant av ei scenekunstoppleving. Plukk ut dei spørsmåla som passar til den gruppa du har, og det de skal oppleve.
Person kledd i lyst slør sit bøygd over ein synthesizer. Scenen er mørk, men personen er opplyst av to lyskastarar. Foto.

Kva er kunst?

Det kan vere både interessant og nyttig å la elevane diskutere meir overordna spørsmål som "Kva er kunst?" før dei skal møte ein bestemd produksjon i Den kulturelle skulesekken. Du finn forslag til kva dei kan diskutere i artikkelen "Refleksjonsspørsmål til kunstopplevingar". Plukk ut det du meiner er relevant å gå i djupna på, før de går over til å snakke om scenekunst.

Før scenekunstopplevinga

  1. Kva forventningar har du til scenekunstopplevinga?

  2. Kva forventningar trur du scenekunstnaren har til å møte deg?

  3. Kvifor trur du scenekunstnaren ønsker at du skal oppleve dette?

  4. På kva måtar kan eit møte med ein scenekunstnar påverke korleis du oppfattar ei scenekunstframsyning?

  5. Scenekunstnarar uttrykker seg gjennom dans og skodespel. Kva er dei beste måtane for deg å uttrykke deg på?

  6. Kva trur du er viktig for scenekunstnarar å tenke på når dei planlegg ei framsyning?

  7. På kva måtar kan erfaringane og bakgrunnen til ein scenekunstnar påverke det hen framfører?

  8. På kva måtar kan ei scenekunstoppleving endre korleis du tenker om scenekunst?

  9. På kva måtar kan det å snakke om ei oppleving gjere ho betre eller meir interessant for deg?

  10. På kva måtar kan scenekunstframsyningar inspirere deg og gi deg idéar?

  11. På kva måtar kan dans fortelje historier? Har du nokon døme?

Etter scenekunstopplevinga

  1. Kva ved scenekunstopplevinga påverka deg? Kvifor?

  2. Kva inspirerte deg, eller var det mest interessante i framsyninga, og kvifor?

  3. Var det noko du såg eller høyrde som kan koplast til dine eigne opplevingar eller erfaringar, i så fall kva?

  4. Var det noko i framsyninga som forvirra deg eller var vanskeleg å forstå, og kva ville du gjerne fått ei forklaring på?

  5. Kva råd ville du gitt hen som laga framsyninga, og kvifor?

  6. Kva ville du ønske at scenekunstnaren hadde inkludert, utelate eller endra i framsyninga, og kvifor?

  7. På kva måtar kan du bruke det du opplevde i dag, i ditt eige liv?

  8. Kva var det viktigaste temaet eller den viktigaste bodskapen i framsyninga, og på kva måtar kan det vere relevant for deg og ditt liv?

  9. Kva eigenskapar synest du det er viktig å ha for ein scenekunstnar, og kvifor?

  10. Korleis kan du kjenne deg igjen i karakterane i framsyninga, og kva kan du lære av erfaringane deira?

  11. Kva delar av opplevinga likte du best/dårlegast, og kvifor?

  12. På kva måtar klarte scenekunstnaren å uttrykke forskjellige kjensler ved hjelp av kroppen sin og utan å bruke ord?

CC BY-SASkrive av Kulturtanken.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024

Læringsressursar

Den kulturelle skulesekken