Hopp til innhald
Fagartikkel

Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sikrar at alle elevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur kvart år. Kunst- og kulturopplevingane kan gi elevane nye erfaringar og perspektiv som er ein del av utviklinga deira.

Eit besøk utanfrå skaper variasjon i skulekvardagen. Ta med elevane inn i kulturopplevingar som får dei til å undrast, stille spørsmål og kanskje òg bli litt provosert.

Korleis er DKS organisert?

DKS er eit samarbeidsprosjekt mellom kultursektoren og opplæringssektoren på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Samarbeidet omfattar alle grunnskular og vidaregåande skular i Noreg. Skulen har ansvar for det pedagogiske opplegget for elevane, mens kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet.

DKS: Les meir om kva DKS er

DKS og læreplanverket

DKS-tilboda gir skulane ein moglegheit til å jobbe med læreplanverket i sin heilskap. Alle produksjonar har koplingar til læreplanverket, både til overordna del og til læreplanane.

UDIR: Les meir om forankring av DKS i skulen

Korleis bruke DKS-opplevingane i skulen?

Kunst og kultur gir gode moglegheiter for elevar og lærerar til å jobbe med ulike emne og problemstillingar i og på tvers av fag. Skulen har eit ansvar for å legge til rette for at elevane får gode kunst- og kulturopplevingar, og eit godt fagleg utbytte av DKS-besøket.

DKS: Les meir om korleis du som lærar kan bruke kunst og kultur på tvers av fag i opplæringa

Få mest mogleg ut av DKS-besøket

Ved å tenke godt gjennom kva for produksjonar som eignar seg for skulen, planlegge og førebu både lærarar og elevar godt, vil de få best utbytte av besøket. Her er tips til korleis de kan gå fram:

Om kunst- og kulturuttrykka

DKS der du held til

Du finn eigne nettsider for DKS-tilboda i kvart fylke, der du òg kan finne læringsressursar knytta til dei enkelte produksjonane. Ressursane hjelper deg med å sjå kva i overordna del og i læreplanane som er relevant for den aktuelle produksjonen. Forarbeid og etterarbeid i samband med eit DKS-besøk vil styrke det faglege utbyttet.

Lenker til DKS i fylka

Agder

Innlandet

Nordland

Oslo

Rogaland

Telemark

Troms og Finnmark

Trøndelag

Møre og Romsdal

Vestfold

Vestland

Viken