Hjelp! DKS kjem på besøk!
Kva gjer du?
Det finst dessverre inga oppskrift på korleis eit DKS-besøk kan gjerast morosamt, lærerikt og relevant. Alle kunstverk er unike, og kunstmøte oppstår i samspel mellom kunstverk, elevar og lærarar. Her får du likevel nokre forslag til korleis du kan ramme inn desse møta, avhengig av kor mykje tid du har.
Du har dårleg tid!
Forslag 1: "Bruk eit ark"
Før besøket
Del ut eit blankt ark til elevane og be dei skrive tittelen på DKS-besøket.
Gi dei så 5 minutt til å skrive ned kva dei trur skal skje.
Etter besøket
Be elevane ringe rundt eit ord på arket som dei synest passar.
Gi dei ein post-it-lapp til å skrive ned det ordet dei har sett ring rundt.
Skriv tittelen midt på tavla og be elevane henge opp post-it-lappane sine rundt.
Start dialog.
Forslag 2: "Ta ein prat"
Før besøket
Sei tittelen på DKS-besøket og fortel elevane kva kunstuttrykk dei skal få oppleve.
Fortel ALT du veit om kunstuttrykket. Ver ærleg på at du ikkje veit noko meir.
Del elevane i grupper på fire og be dei snakke om kva dei sjølv veit om kunstuttrykket.
Etter besøket
La elevane igjen setje seg i grupper. Be dei svare på spørsmålet: Kva overraska oss?
Start klasseromsdialog.
Forslag 3: "Bruk tavla"
Før besøket
Skriv tittelen på DKS-besøket midt på tavla og lag eit assosiasjonskart saman med elevane.
LA STÅ!
Etter besøket
Observer tavla saman. Les høgt alle orda som står der.
Bli einige med elevane om fem av orda som kan relaterast til besøket. Diskuter kvifor.
Bruk dei fem orda i dialogen.
Du har sånn passe tid.
Forslag 1: "Kva handlar det om?"
Før besøket
Skaff informasjon om kunstnar/kunstverk saman med elevane. Du kan òg dele elevane inn i grupper og gi dei ulike oppdrag.
Oppsøk rommet der møtet skal skje saman med elevane. Aktiver forkunnskapar og visningar hos elevane om kva dei trur kjem til å skje.
Gi elevane konkrete oppdrag som dei skal sjå etter under sjølve besøket. Døme kan vere å leite etter lydar, karakterar, handlingar, kostyme, ansiktsuttrykk, teksturar, former, ting og kjensler. Somme av elevane kan prøve å legge merke til noko dei trur ingen andre ser.
Etter besøket
Lei ein samtale med utgangspunkt i følgande spørsmål:
Kva skjedde?
Kva såg du?
Kva la du merke til?
Kva høyrde du?
Kva tenkte du?
Kva følte du?
Prøv i fellesskap å finne ut av kva dette handla om.
Korleis kan tematikkane utforskast vidare i andre fag?
Forslag 2: "For ei kjensle!"
Før besøket
Vel to eller tre kjensler DKS-besøket omhandlar (til dømes forelsking, sjalusi, einsemd).
Be elevane utforske desse kjenslene med kroppane sine. Korleis ser ein person som er einsam/sjalu/forelska ut?
Vel ei av kjenslene. Be elevane stå i "frys" mens dei uttrykker kjensla. Etter 5 sekund seier du "skift". Elevane skal då finne eit anna kroppsleg uttrykk for den same kjensla. Sei "skift" igjen, og så vidare.
Start ein dialog om kjenslene de har utforska.
Etter besøket
Skriv opp tittelen på DKS-produksjonen og kjenslene de har utforska.
Individuelt: La elevane velje seg EI kjensle. Be dei skrive ned korleis denne kjensla kom til uttrykk under DKS-besøket. Døme: "Eg tenkte på einsemd då …" I grupper: La elevane som har valt lik kjensle få sitje saman. Elevane les opp setningane sine. Gruppa lagar fire nye setningar som definerer kjensla. Døme: "Einsemd er …" I plenum: Gruppene presenterer påstandane sine for klassen.
Forslag 3: "Ver konkret!"
Før besøket
Ta med deg konkrete gjenstandar som skal utforskast i forkant av besøket. Fortel om kva kunstuttrykk som kjem, men ikkje noko meir.
Lag grupper på 3–5 elevar. Del ut ein gjenstand til kvar av gruppene. La elevane utforske gjenstanden ved å aktivere sansane.
La dei utforske gjenstanden med tankane:
Kvar har eg sett slike før?
Kva blir han brukt til?
Av kven? Når? Korleis?
Be elevane diskutere: Kva kan gjenstanden ha med besøket å gjere?
Etter besøket
Be elevane om å kople DKS-opplevinga til gjenstanden ved å
ta bilete av gjenstanden og skrive ned opplevinga si av DKS-besøket
diskutere korleis gjenstanden kan sjåast på som symbol for kunstverket
reflektere over kvifor kunstnarane valde å ha med denne gjenstanden (eller ikkje)
fortelje att DKS-besøket gjennom perspektivet til gjenstanden
Du har eit hav av tid …
Forslag 1: "Kva har dette med oss å gjere?"
Før besøket
Utforsk saman med elevane:
Kvifor kjem DKS til oss?
Kva vil kunsten fortelje oss?
Korleis vil kunstnarane fortelje oss det?
Kvifor kjem vi til å synast at dette er interessant?
Etter besøket
Utforsk vidare saman med elevane:
Kva ville kunsten fortelje oss?
Kvifor handlar dette DKS-besøket om oss?
Ta kontakt med ein annan klasse som skal oppleve den same DKS-produksjonen. Oversikta ligg på dks.no. Møt dei på Zoom eller Teams. Fortel dei kvifor DKS-besøket passa så godt til akkurat dykk. Be dei om å gjere det same til ein annan klasse.
Forslag 2: "Anten, eller …"
Før besøket
Alternativ 1: Send brev til elevane i posten frå ein oppdikta karakter. Brevet skal innehalde triggerar som har med tematikken eller kunstforma til DKS-besøket å gjere.
Alternativ 2: Finn ein ekspert (på tematikken eller kunstuttrykket) i lokalmiljøet ditt som kan komme på besøk.
Etter besøket
Alternativ 1: Be elevane skrive ei melding av besøket som dei sender til den oppdikta karakteren.
Alternativ 2: Be elevane sende eit brev til eksperten der dei formulerer nokre tankar om måten tematikken blei behandla på i DKS-besøket.
Forslag 3: "Viss eg var ein annan"
Før besøket
Lat som om klassen er ei fiktiv gruppe (til dømes ein jury, ein sirkustrupp, ein hjelpeorganisasjon, fabrikkarbeidarar, vikingar eller liknande). La elevane lage seg fiktive karakterar som høyrer heime i denne fellesskapen.
La elevane utforske gruppa og dei fiktive karakterane på ulike måtar. Dei kan til dømes lage ein podkast, skrive dagbok, lage eit tv-program, ein plakat eller skissere eit oversiktskart.
Etter besøket
Be elevane omarbeide kunstuttrykket som om dei var den fiktive karakteren.
Korleis ville karakteren ha reagert?
Kva ville hen ha gitt av tilbakemeldingar?
La elevane utforske DKS-opplevinga som om dei var den fiktive karakteren. Dei kan til dømes skrive ei klage, ei melding eller lage ei nyheitssak.