Få innblikk i korleis munnleg-praktisk eksamen blir gjennomført i biologi 1, og prøv deg på døme på nokre aktuelle eksamensoppgåver.
Oppgåver ved lang førebuingstid
Eksamensoppgåvene på denne sida er døme på korleis oppgåver kan vere utforma når du har munnleg-praktisk eksamen med lang førebuingstid. Ved lang førebuingstid får du beskjed om tema/oppgåve 24 eller 48 timar før eksamen.
I løpet av førebuingstida kan du snakke med faglærar, og du kan få tilgang til rom der du kan gjennomføre aktuelle forsøk.
Er du privatist?
Privatistar må vere merksame på at privatisteksamen kan ha andre retningslinjer enn eleveksamen i same fylke. I nokre fylke har til dømes privatistar kort førebuingstid, mens elevar har lang førebuingstid.
Praktiske opplysningar som følger med oppgåva
Dette er døme på informasjon som følger med oppgåva/temaet som du får utdelt når førebuingstida startar.
Førebuingstida
Set deg inn i temaet. Finn ut kva som er mest sentralt i temaet ditt, og forsøk å finne koplingar mellom temaet og dei vedlagde kompetansemåla.
Kva trur du faglærar/eksaminator kjem til å spørje om på eksamen? Førebu deg på dette, og kom hen i forkjøpet!
Snakk med faglæraren din. Fortel korleis du tolkar oppgåva, og høyr kva hen tenker.
Førebu deg på å gjennomføre forsøka i oppgåva. Tenk gjennom korleis du vil kople forsøka saman med det du har tenkt å seie om temaet du har trekt.
Jobb saman med andre.
Alle hjelpemiddel er tillatne i førebuingstida.
Notat og hjelpemiddel til eksamen
Under eksamen er det berre tillate å bruke notata frå førebuingstida til ei eventuell innleiing. Dersom notata er digitale, kan du ikkje bruke digitale verktøy til noko anna enn å sjå på notata dine eller utføre praktiske oppgåver. Elles blir eksamen gjennomført utan hjelpemiddel, men utstyr til forsøk/praktisk oppgåve og relevante tabellar vil vere tilgjengeleg i eksamenslokalet.
Det er ikkje tillate å bruke internett eller kommunisere med andre under sjølve eksamen.
Slik føregår eksamen
Den første delen av eksamenstida kan du bruke til ei innleiing viss du vil. Her kan du fortelje kva du tenker om temaet for oppgåva, og korleis biologifaget er relevant for temaet (5 til 10 minutt).
Deretter vil eksaminator/faglærar ta utgangspunkt i forslaget ditt til løysing av temaet og gjennomføre ein fagsamtale med deg ut frå dei aktuelle kompetansemåla (20 til 25 minutt).
Du skal òg presentere eller demonstrere og kunne diskutere resultat frå eit aktuelt forsøk (10 til 15 minutt).
Dersom du ikkje får vist nok kompetanse i faget innanfor gitt tema til å bestå eksamen, kan det òg brukast andre kompetansemål enn dei som er gitt opp i oppgåva.
Eksamen varer i inntil 45 minutt.
Tema 1. Forsvar mot sjukdom
Lag ei eiga problemstilling som knyter sjukdom og smitte til daglegliv og samfunnsliv, eller ta utgangspunkt i casen som er skildra under.
Case: Skal eg ta imot tilbod om MMR-vaksine?
Naboen din har ei dotter som nettopp har fylt eit år. I dag har han fått innkalling til helsestasjonen med tilbod om å gi barnet vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar, den såkalla MMR-vaksinen. Han har lese at barn som har teke denne vaksinen, seinare har utvikla autisme. Dette høyrest risikabelt ut! Og er det ikkje slik at kusma og mange av desse sjukdommane ikkje finst i Noreg lenger? Kvifor ta sjansen med vaksinasjon då?
Bruk kunnskapar frå biologi 1 til å gi naboen din faglege grunngitte råd om kva han skal gjere.
planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og funn
gjere greie for korleis virale og mikrobielle sjukdommar oppstår, spreier seg og blir nedkjempa
drøfte korleis vaksinar førebyggjer og vernar mot sjukdom på individ- og populasjonsnivå
gjere greie for bruk av antibiotika og drøfte moglege konsekvensar
utforske samanhengar mellom cellestrukturar og -funksjonar og gjere greie for korleis cellulære membranar dannar grunnlag for kommunikasjon mellom celler
samanlikne korleis ulike celler deler seg, og gjere greie for kvifor regulering av celledeling er viktig for vekst og reparasjon
Tema 2. Livsstil og likevekt i organismen
Lag ei problemstilling som handlar om korleis ulike mekanismar sørger for at det indre miljøet i ein organisme blir halde stabilt, eller ta utgangspunkt i situasjonen som er skildra under.
Case: Stress og søvn
Yoel går studiespesialisering på Brattbakken vgs. Han synest har vore veldig stressande å gå på vidaregåande, samanlikna med ungdomsskulen. Det er utruleg mange vurderingar kvar veke, og han merkar at det begynner å gleppe i mange fag. Karakterane begynner å gå nedover. I tillegg til skulen trener Yoel ein god del på treningssenteret, og han skjønner nesten ikkje korleis han skal klare å jobbe meir med skulen. Det er ikkje nok timar i døgnet!
Yoel har lese at forskarar meiner at vi ikkje treng så mykje søvn som vi tidlegare har trudd. Kanskje han skal begynne å sove litt mindre for å frigjere meir tid til skulearbeid og trening? Viss han blir litt trøytt på kveldane, så finst det jo alltid koffein i ulike former.
planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og funn
utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar
gjere greie for korleis utvalde reguleringsmekanismar styrer homeostase hos mennesket, og undersøkje korleis livsstil kan påverke disse mekanismane
utforske samanhengar mellom cellestrukturar og -funksjonar og gjere greie for korleis cellulære membranar dannar grunnlag for kommunikasjon mellom celler
samanlikne korleis ulike celler deler seg, og gjere greie for kvifor regulering av celledeling er viktig for vekst og reparasjon
Tema 3. Biologisk mangfald i møte med klima- og naturkrisa
Teamet handlar om dei store truslane mot det biologiske mangfaldet på jorda, nemleg klimaendringar og arealendringar. Lag ei problemstilling som tek for seg kva truslane går ut på, korleis artar og økosystem blir påverka, og kva vi kan gjere for å avgrense skadane, eller ta utgangspunkt i casen som er skildra under.
Case: Forvalting av areal i kommunen
Kommunestyret i Dalsosen kommune skal behandle arealplanen for kommunen. Her blir det lagt opp til eit stort utbyggingsprosjekt for hytter i ein del av kommunen.
Peik på moglege faktorar som påverkar det biologiske mangfaldet i dette området. Kva undersøkingar kan vere aktuelle å gjennomføre, og kva informasjon vil desse kunne gi?
Korleis kan ein vurdere dei kvalitetane som finst i området, og vege desse opp mot dei tiltaka som kommunen planlegg?
Kva moglege interessekonfliktar kan forvaltinga av området føre til? Lag ei oversikt over moglege konfliktar mellom utbygging og det å ta vare på det biologiske mangfaldet i kommunen. Vurder både positive og negative sider ved ei utbygging, og gi ei tilråding om kva kommunestyret bør gjere.
utforske abiotiske og biotiske faktorar i eit økosystem, drøfte samanhengar som forklarer det biologiske mangfaldet og reflekter over naturens eigenverdi
utforske kva konsekvensar endringar i klima og arealutnytting kan ha for det biologiske mangfaldet, og drøfte tiltak for ei meir berekraftig forvaltning
planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og funn
utforske korleis dei taksonomiske kriteria har endra seg i tråd med den teknologiske utviklinga, og samanlikne organismar med omsyn til fellestrekk og variasjon
utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar
Tema 4. Livsprosessar hos plantar og dyr
Ta utgangspunkt i casen under, eller lag ei eiga problemstilling der du samanliknar utvalde livsprosessar hos ulike typar organismar. Du kan til dømes samanlikne
gassutveksling i ulike miljø
utskiljing i ulike miljø
korleis utvalde livsprosessar påverkar kvarandre
livsprosessar med utgangspunkt i systematikk og evolusjon
Case: Sommarjobb i dyreparken
Du har fått sommarjobb som dyrepassar i den lokale dyreparken. Arbeidsoppgåvene dine er å sørge for at dyra har det bra. Det vil seie at dei får den næringa dei treng, at dei har riktige og stabile omgivnader, og at dei får stimulert dei naturlege behova og instinkta sine.
Lag ein plan for korleis du vil legge til rette for nokre av desse dyra eller dyr du vel sjølv.
ørkenrev
spissnutefrosk
kjempeskjelpadde
kafferbøffel
Bruk kunnskapar knytte til læreplanen i biologi 1 til å grunngi dei vala du gjer.
utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar
planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og funn
utforske korleis dei taksonomiske kriteria har endra seg i tråd med den teknologiske utviklinga, og samanlikne organismar med omsyn til fellestrekk og variasjon
gjere greie for korleis utvalde reguleringsmekanismar styrer homeostase hos mennesket, og undersøkje korleis livsstil kan påverke disse mekanismane
Tema 5. Kunstige biosfærar
Case: Planlegg ein kunstig biosfære
Tenk deg at du er ein del av eit team med biologar som skal lage eit forslag til innhald og oppbygging av ein kunstig biosfære som på sikt skal vere sjølvberga.
Lag ei oversikt over organismar som er nødvendige og nyttige å ha i ein slik biosfære. Forklar kvifor.
Lag moglege scenario for korleis forholda i biosfæren utviklar seg.
Kva undersøkingar må de gjere undervegs for å ha kontroll på abiotiske og biotiske faktorar i biosfæren? Vis og forklar.
planleggje og gjennomføre undersøkingar, samle, behandle og tolke data, og presentere resultat og fun
utforske korleis dei taksonomiske kriteria har endra seg i tråd med den teknologiske utviklinga, og samanlikne organismar med omsyn til fellestrekk og variasjon
utforske abiotiske og biotiske faktorar i eit økosystem, drøfte samanhengar som forklarer det biologiske mangfaldet og reflekter over naturens eigenverdi
utforske samanhengar mellom anatomi og fysiologi og gjere greie for prinsippa for livsprosessane i organismar
gjere greie for korleis utvalde reguleringsmekanismar styrer homeostase hos mennesket, og undersøkje korleis livsstil kan påverke disse mekanismane
gjere greie for korleis virale og mikrobielle sjukdommar oppstår, spreier seg og blir nedkjempa
Viken fylkeskommune. (2023, 19. februar). Muntlig-praktisk eksamen i flere realfaglige programfag – Eleveksamen. https://viken.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/eksamen-for-elever/gjennomforing-av-eksamen/rammedokument-for-eleveksamen-i-lk20/muntlig-praktisk-eksamen/muntlig-praktisk-eksamen-i-flere-realfaglige-programfag-eleveksamen.128068.aspx
Viken fylkeskommune. (u.å.). Retningslinjer for muntlig, muntlig-praktisk og praktisk eksamen. Henta 2. mars 2023 frå https://viken.no/tjenester/skole-og-opplaring/eksamen-og-vitnemal/retningslinjer-for-muntlig-muntlig-praktisk-og-praktisk-eksamen/