Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Ta tida på vasstransporten hos plantar

Vi veit at vatn og oppløyste mineral blir transporterte i leidningsvevet hos plantar, men kor fort skjer eigentleg denne transporten? Vil farten variere frå plante til plante? Går transporten med konstant fart heile vegen? Dette er spørsmål vi skal prøve å finne svar på i dette forsøket.
Foto av kvit og blå krysantemum
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette forsøket skal du sjå nærare på kor fort vatn og mineral blir transporterte i leidningsvevet hos ein tulipan. Basert på målingar du gjer, skal du prøve å estimere kor fort væska beveger seg, og kor lang tid det vil ta før væska har kome heilt opp til blomsteren.

Til lærar

Planlegg gjerne forsøket saman med elevane.

  • Korleis kan vi få tulipanane mest mogleg like?

  • Speler det noka rolle kor mange blad dei ulike tulipanane har?

  • Har det noko å seie kor lange tulipanane er?

  • Er det andre plantar enn tulipanar som kan vere eigna til dette forsøket?

Framgangsmåte

  1. Lag ein hypotese for kor lang tid fargeløysninga bruker på å bevege seg oppover i tulipanen.

  2. Fyll eit begerglas med vatn, og tilfør rikeleg med farge for å få eit tydeleg resultat.

  3. Skjer av nokre centimeter nedst på stilken. Pass på at alle tulipanane har same lengd.

  4. Mål lengda på tulipanane med ein linjal eller eit måleband.

  5. Plasser tulipanane i begerglaset med fargeløysninga. Vent 30 minutt.

  6. Ta ut éin av tulipanane og skjer av små snitt frå botnen av stilken til du ikkje ser noko meir farge på leidningsvevet. Bruk mikroskop eller ei stereolupe.

  7. Bruk ein linjal til å finne ut kor mykje du har fjerna av stilken, ved å måle kor mykje som er igjen av tulipanen. Noter kor langt fargeløysninga har bevegd seg.

  8. Gjenta punkt 6 og 7 etter 1 time, og etter 1,5 timar.

  9. Den siste tulipanen lèt du stå i fargeløysninga til du kan observere farge i kronblada. Kor lang tid trur du det vil ta?

Resultat

  1. Bruk resultatet frå dei tre målingane til å berekne kor fort løysninga beveger seg.

  2. Lag ein graf det du plottar inn dei tre punkta du har målt.

  3. Bruk regresjon til å lage ein matematisk modell. Bruk modellen til å vurdere kor lang tid du trur det vil ta før fargen kjem til toppen av tulipanen.

  4. Stemmer resultata med hypotesen din? Var farten like stor heile vegen?

Refleksjonsspørsmål

  1. Kvifor bruker vi fleire tulipanar i forsøket?

  2. Kva gjer vi for å sikre at tulipanane er mest mogleg like?

  3. Kva feilkjelder kan du peike på i dette forsøket?

  4. Kva kan vi gjere for å redusere desse feilkjeldene?

Alternative måtar å gjennomføre forsøket på

  • Alternativ 1
    Lat klassen designe eit forsøk for å måle vasstransport i plantar.

  • Alternativ 2
    Del klassen inn i fleire grupper, som alle gjennomfører forsøket på same måte. Dette gjer at klassen får meir data å jobbe med i resultatdelen.

  • Alternativ 3
    Gi alle elevane éin tulipan kvar. Tildel kvar enkelt elev bestemte tider for å undersøkje kor langt konditorfargen har blitt transportert i tulipanen.

  • Alternativ 4
    Del klassen inn i fleire grupper. Lat gruppene jobbe med ulike plantar, til dømes kvite roser, tulipanar, nellikar og stongselleri. Samanlikn resultata frå alle gruppene.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Transport i plantar