Opptak av vatn og næring i plantar
Viktige mineral, mellom anna natrium, kalsium og fosfor, blir tekne opp som ion frå jorda ved aktiv transport. Opptaket skjer gjennom rothår, som er små utposingar på ytterhudcellene. Mineralopptaket skaper ein konsentrasjonsforskjell mellom inn- og utsida av rota. Konsentrasjonsforskjellen gjer at vatnet følgjer etter ved osmose.
Oppbygginga og funksjonen til rothåra
Opptak av ion og vatn skjer gjennom rothår.
Kva samanheng er det mellom strukturen og funksjonen til rothåra? Kan du kome på andre spesialiserte utvekslingsoverflater som liknar på rothår?
Kva type organell trur du det er spesielt mykje av i rothårceller, samanlikna med andre celler i rota?
Langtransporten mellom rota og dei overjordiske delane av planten går føre seg i leidningsvevet, som ligg i sentralsylinderen. Transporten frå rotoverflata inn til leidningsvevet følgjer to ruter, slik figuren under illustrerer:
utanfor cellemembranane, det vil seie i celleveggen og rommet mellom cellene
gjennom cytoplasmaet, frå celle til celle gjennom spesielle opningar (plasmodesmata) i celleveggane
Cellene i innerhuda er omgitt av eit tjukt band med vassavstøytande stoff (lignin). Bandet fungerer som ei sperre som tvingar vatnet gjennom den halvgjennomtrengjelege membranen til cellene. Dette gjer at planten kan regulere kva stoff som slepp inn til vedvevet og vidare til resten av planten.
Dei fleste plantar har ein mutualistisk symbiose med ein soppart. Symbiosen blir kalla mykorrhiza (sopprot). Sopphyfane gjer at treet får ei større overflate for vassopptak. Soppen bidreg dessutan til mineralopptaket og beskyttar planterøtene mot insektangrep, bakteriar og skadelege soppar. Til gjengjeld får soppen organisk næring frå fotosyntesen til planten.