Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – transport

Dette samandraget gir deg ei oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet om transport.
Prinsippskisse av eit sirkulasjonssystem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behovet for transport

Alle fleircella organismar over ein viss storleik har eit transportsystem som fraktar stoff over lengre avstandar.

Transport hos dyr

  • Sirkulasjonssystemet til dyr består av ein pumpemekanisme (eitt eller fleire hjarte), eit transportmedium (blod), og eit røyrsystem (blodårer).

  • Dei viktigaste oppgåvene til sirkulasjonssystemet er transport av gassar, næringsstoff og avfallsstoff.

  • Dei fleste virvellause dyr har eit ope sirkulasjonssystem. Virveldyr har eit lukka system.

  • Eit dobbelt lukka krinsløp inneber at blodet er innom hjartet to gonger på ein runde gjennom sirkulasjonssystemet.

Ulike typar sirkulasjonssystem: opne og lukka. Dei lukka kan ha både enkelt og dobbelt krinsløp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjartet til pattedyr

  • Oppgåva til hjartet er å skape eit blodtrykk som driv blodet gjennom årene.

  • Hjartet har denne oppbygginga:

Lengdesnitt av hjartet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Den venstre sida av hjartet pumpar oksygenrikt blod til kroppen. Den høgre sida pumpar oksygenfattig blod til lungene.

  • Klaffar styrer retninga på blodstraumen gjennom hjartet

  • Ein hjartesyklus består av ein avslappingsfase, diastole, og ein samantrekkingsfase, systole.

  • Hjartefrekvens vil seie tal samantrekkingar per minutt. Frekvensen blir regulert av hjartesenteret i hjernen på bakgrunn av informasjon frå sanseceller.

  • minuttvolum=slagvolum×hjartefrekvens

Blodårene – funksjon og eigenskapar

Teikning som viser dei ulike typane blodårer i samanheng. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tabell med eigenskapane til ulike hovudtypar av blodårer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blod, vevsvæske og lymfe

Sentrifugerøyr med sentrifugert blod. Det øvste sjiktet utgjer om lag to tredjedelar av innhaldet og består av ei gulaktig, klar væske. Dette er blodplasma. Det nedste sjiktet er mørkeraudt av raude blodceller. Dette sjiktet utgjer om lag ein tredjedel av innhaldet. Mellom dei to sjikta er det eit tynt sjikt som består av kvite blodceller og blodplater. Foto.
  • Blod består av blodceller og plasma:

    • Raude blodceller fraktar oksygen.

    • Kvite blodceller deltek i immunforsvaret.

    • Blodplater bidreg til å stanse blødingar.

    • Plasma er vatn med næringsstoff, salt, protein, avfallsstoff og oppløyste gassar.

  • Vevsvæske omgir cellene og blir danna av blodplasma.

  • Lymfesystemet tek opp og transporterer overskotsvæske (lymfe) frå vevet.

Hemoglobin

  • Oksygen blir bunde til hemoglobin og transportert i dei raude blodcellene.

  • Hemoglobin bind oksygen reversibelt.

  • Evna hemoglobinet har til å binde oksygen, blir påverka av fleire faktorar, mellom anna konsentrasjonen av karbondioksid.

Transport hos plantar

  • CO2 og O2 blir utveksla direkte ved diffusjon mellom cellene og omgivnadene.

  • Karplantar har spesialisert leidningsvev for å transportere vatn og organiske stoff:

    • Vedvev transporterer vatn og mineral.

    • Silvev transporterer organiske stoff.

  • Tabellen nedanfor samanfattar dei viktigaste forskjellane.

Tabell som samanfattar hovudforskjellar mellom transport av vatn og organiske stoff hos plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2022

Læringsressursar

Transport i plantar