Forsøk
Forsøk: Transpirasjon hos plantar
I dette forsøket skal du påvise kvar og når det går føre seg transpirasjon gjennom overflata hos plantar. Vi bruker filterpapir som er innsett med koboltklorid til å påvise fukt. Dette er eit ope forsøk der du må bruke kreativiteten din for å lære om vasstransport og gassutveksling hos plantar.
Krystallane i koboltklorid endrar struktur og farge når dei bind seg til vatn. Vi bruker filterpapir innsett med ein koboltkloridløysning for å påvise fukt.
Dette er mogleg fordi filterpapiret med koboltklorid har ulik farge når det er tørt og når det er fuktig.
- Tørt filterpapir med CoCl2 er blått.
- Fuktig filterpapir med CoCl2 er svakt rosa.
Oppskrift på koboltkloridløysning
Denne delen av forsøket kan læraren gjere på førehand.
Utstyr:
- kobolkloridløysing (CoCl2*6H2O)
- plantar
- filterpapir
- teip
- fønar
- avtrekksskap
- Klipp små kvadrat av det tørre filterpapiret.
- Før du festar papirbitane på overflata hos plantar, må du tenkje gjennom kva du vil undersøkje, og lage deg ein eller fleire hypotesar.
Du kan til dømes undersøkje- forskjellar i lys og mørke (bruk eit skap)
- forskjellar mellom ulike plantar (unngå hårete blad fordi det er vanskeleg å få teipen til å sitje tett nok inntil)
- forskjellar mellom over- og underside på eit blad
- om kaktusar transpirerer på same måten som andre plantar
- om fukta i jorda speler noka rolle
- om temperaturen påverkar transpirasjonen
- Dei tørre bitane av filterpapiret skal teipast fast på overflata hos plantar. Pass på at teipen sit tett rundt papirbitane.
- I løpet av ein halv time skal det vere mogleg å sjå resultat, men forsøket kan gjerne stå til neste biologitime.
Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.
- Bruk gjerne rapportgeneratoren til å føre forsøket. Når du har lagra dokumentet på eigen pc, kan du leggje inn tabellar og bilete frå forsøket.
- Ta bilete med mobiltelefon eller fotoapparat (eller teikn) for å dokumentere prosess og resultat.
- Lag ein tabell med oversikt over resultata.
- Stemte hypotesane dine?
- Drøft resultata og forklar variasjonane i vasstapet til plantane. Gjer samtidig greie for årsaken til transpirasjon hos planter.
- Har du lært noko om tilpassinga til plantane?
- Har du funne feilkjelder?
Relatert innhald
Fagstoff
Rapportgenerator for naturfag og biologiDette verktøyet skal hjelpe deg med å skrive ein ryddig og oversiktleg naturvitskapleg rapport.