Oppsummeringsoppgåver om transport hos plantar
Røter har mange forgreiningar. Dessutan er dei tynne med små rothår. På kva måte bidreg dette til meir effektivt vassopptak?
På kva måte heng røtene sitt opptak av vatn saman med opptaket av mineral?
Kva er rottrykk, og kva betydning har det for planten?
Korleis blir vatn og næring transportert frå rothåra og inn til sentralsylinderen?
Kvar finn vi casparyske band, og kva funksjon har desse?
Gi døme på essensielle mineralnæringsstoff som plantane treng. Kva treng dei desse til?
Kva andre funksjonar enn opptak av vatn og mineral kan ei rot ha?
Kva er transpirasjon? Kva betydning har transpirasjon for vasstransporten i karplantar?
Kva er kapillarkrefter? Kva betydning har kapillarkrefter for vasstransporten i karplantar?
Kva energikjelde er hovudansvarleg for transpirasjon av vatn frå planteoverflata?
Beskriv oppbygginga av vedvev, og peik på samanhengar mellom oppbygging og funksjon.
Kva rolle speler trykk i transpirasjons-kohesjons-teorien?
Kva rolle speler trykk i trykkstraumsmodellen?
Kva del av transporten av sukrose er aktiv, og kva del er passiv?
Kvifor ligg vedvevet og silvevet inntil kvarandre?
Beskriv oppbygginga av silvevet, og peik på samanhengar mellom oppbygging og funksjon.
Forklar kvifor transporten av fotosynteseprodukt og andre organiske sambindingar må kunne gå i fleire retningar.
Gi døme på typiske produksjons-, forbruks- og lagringsstader for karbohydrat.
Gi to døme på at same planteorgan kan fungere som både kjelde og forbruksstad for karbohydrat.
Lag ei oversikt over transporten i vedvev og silvev der du mellom anna samanliknar følgjande:
kva som blir transportert
eigenskapane til cellene som byggjer opp vevet
plassering i planten
betydninga av følgjande prosessar: aktiv transport, diffusjon, osmose
betydninga av trykkforskjellar
Mosar og algar manglar røter og leidningsvev. Korleis løyser desse organismane behovet for transport?
Tang og tare kan ha stilk og utvekstar som minner om røter. Kva funksjonar trur du desse strukturane har?