Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kapillærkrefter i sugesnabel hos insekt

Visste du at sommarfuglar har snabel og berre tek inn flytande føde? I dette forsøket skal du lage ein modell for å illustrere korleis ein sommarfugl bruker sugesnabelen for å få i seg næring.
Sommarfugl som har sugesnabelen ute. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsteori

Til liks med fleire andre insektartar har ikkje sommarfuglen kjevar. Han har i staden ein sugesnabel (proboscis). Lengda på sugesnabelen varierer frå art til art. Hos sommarfuglar er han ekstra lang, og han blir rulla saman når han ikkje er i bruk. Sommarfuglar får i seg vatn og næring ved å suge nektar frå blomsterplantar.

Føremål

I dette forsøket skal du lage ein modell for å illustrere korleis sommarfuglar bruker kapillærkrefter i sugesnabelen for å få i seg næring.

Framgangsmåte

  1. Lag minst to hypotesar til kvar av desse problemstillingane:

    • Korleis påverkar diameteren på sugerøyret kor raskt vatnet stig i røyret av seg sjølv?

    • Korleis påverkar viskositeten på løysninga kor raskt vatnet stig i røyret?

  2. Lag tre sukkerløysningar med ulik konsentrasjon ved å følgje tabellen nedanfor.

    Løysning

    Framgangsmåte

    1

    Løys opp 50 g sukker i 50 mL vatn. Røyr til alt sukkeret er løyst opp.

    2

    Ta ut 25 mL av løysning 1 i eit nytt begerglas. Fortynn med 25 mL vatn.

    3

    Ta ut 25 mL av løysning 2 i eit nytt begerglas. Fortynn med 25 mL vatn.

  3. Fyll ei petriskål med vatn blanda med konditorfarge. Fyll tre andre petriskåler med sukkerløysningar med ulik konsentrasjon.

  4. Teip saman tre og tre sugerøyr med ulik diameter, slik at du endar opp med tre buntar som kvar består av tre røyr.

  5. Hald røyrbunten loddrett ned i petriskåla, utan at røyra treffer botnen av petriskåla, som om du sjølv skulle ha drukke vatnet i skåla med sugerøyr. Hald røyra i same posisjon i 30 sekund.

  6. Etter 30 sekund markerer du med tusjen på kvart av dei tre sugerøyra kor høgt vatnet har nådd. Har vatnet stige like høgt i dei tre ulike røyra? Er det forskjell på dei ulike løysningane?

  7. Bruk linjal for å måle kor høgt vatnet har stige i dei ulike røyra.

Resultat og spørsmål

Sommarfugl. Foto.
Sugesnabelen på ein sommarfugl kveila opp som ein rull. Foto.
  1. Kva er den uavhengige variabelen (variabelen vi varierer) i denne aktiviteten?

  2. Kva er den avhengige variabelen (variabelen vi måler) i denne aktiviteten?

  3. Kva for ein av følgjande variablar bør vere kontrollert i denne aktiviteten?

    • vassvolumet

    • diameteren på sugerøyra

    • kor høgt vatnet stig

    • type væske ()

  4. Korleis stemmer resultatet med hypotesane du laga før forsøket starta?

  5. I kva for eit av sugerøyra steig vatnet mest? Kvifor trur du det skjedde?

  6. Teikn figurar på mikronivå av kva som skjer med vassmolekyla på innsida av sugerøyra.

  7. Korleis verkar kapillærkreftene på vatnet i sugerøyra? Kvifor fekk du ulikt resultat i dei ulike røyra?

  8. Kva heiter kreftene som tvingar vassmolekyla oppover i sugerøyret via kapillærkrefter?

  9. Kva kan du no seie om tilpassinga til å suge nektar hos insekt med sugesnabel? Kvifor trur du sugesnabelen har utvikla seg slik som han har gjort?

Tips til vidare arbeid

Charles Darwin var spesielt fascinert av sommarfuglfamilien tussmørkesvermarar (Sphingidae). I denne familien finn vi arten Xanthopan morganii praedicta, også kalla Darwins møll. Denne arten har den lengste
sugesnabelen blant insekt. Han måler mellom 20 og 35 cm.

  • Søk på internett for å finne fakta, film og bilete av denne arten.

  • Kor mange sommarfuglartar er beskrivne i Noreg? Søk på nettsidene til Artsdatabanken. Har du sett nokon av dei før? Kva kjenneteikn har disse sommarfuglane?

  • Kva er eigentleg forskjellen på møll og sommarfuglar?

  • Kva andre insekt har sugesnabel? Finn minst tre døme på artar som har sugesnabel.

  • Kva kjenneteiknar insekt som ikkje har sugesnabel?

  • Kva er kapillærkrefter og intermolekylære krefter?

  • Kan du seie noko generelt om transport av vatn og oppløyste stoff i plantar ut frå dette forsøket?

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021

Læringsressursar

Næringsopptak og fordøying