Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Muskelvev hos dyr

Undersøk strukturen i muskelvev hos dyr, og observer kva som skjer når du tilset små energipakkar i form av ATP.
Filetering av ein liten fisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

I dette forsøket skal du undersøke muskelvev frå fisk eller andre dyr. Ved å studere eit tynt snitt i mikroskop med stor forstørring kan du sjå strukturen i muskelvevet. Du skal òg tilsetje små energipakkar i form av .

Etter dette forsøket skal du kunne gjere greie for strukturen i muskelvevet og forklare korleis ATP påverkar muskulaturen.

Framgangsmåte

  1. Lag eit tynt mikroskoppreparat av muskelvev ved å klemme ein liten bit av fiskekjøtt mellom to objektglas.
  2. Fjern det eine objektglaset, og erstatt det med eit dekkglas.

  3. Viss du ønsker betre kontrast, kan du prøve deg fram med å tilsetje litt jodløysning eller metylenblått. Plasser ein drope ved kanten av dekkglaset og trekk han inn under dekkglaset ved å fjerne vatn frå motsett side ved hjelp av eit filtrerpapir.

  4. Studer preparatet med stor forstørring. Hugs å justere og lys (blendar) for å få eit skarpt bilete.
  5. Ta bilete med mobiltelefon eller kamera gjennom okularet, eller teikn det du ser.
  6. Lag eit nytt preparat, men tilset ein drope ATP-løysning på muskelfibrane før du legg på dekkglaset.
  7. Observer det som skjer.

Resultat og spørsmål

  1. Rediger bileta du tok, i eit biletbehandlingsprogram, eller lag ei skisse.
  2. Korleis vil du beskrive muskelvevet du observerte gjennom mikroskopet? Kva type muskulatur er dette?

    Viss det ikkje er så lett å sjå detaljane i preparatet ditt, kan du ta ein kikk på dette preparatet av muskulatur frå Michigan Histology and Virtual Microscopy Learning Resources.

  3. Kva er det som gjer at muskulaturen ser slik ut?

  4. Forklar kva som skjer når du tilset ATP til muskelvevet.

  5. Studer mikroskoppreparatet på Michigan Histology and Virtual Microscopy Learning Resources.

  6. Samanlikn med det du såg i mikroskopet over.

    1. Kva likskapar eller forskjellar ser du?

    2. Kva slag muskulatur trur du dette er? Grunngi svaret ditt.

  7. Dette preparatet frå Michigan Histology and Virtual Microscopy Learning Resources er òg eit preparat av skjelettmuskulatur, slik som preparatet i punkt 2. Forsøk å forklare eventuelle likskapar eller forskjellar du ser.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Thomas Bedin. Rettshavar: Skolelaboratoriet for biologi, UiO
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Bevegelse