Feltarbeid: Er det liv i frose organiske materiale?
I dette feltarbeidet skal de gå ut og samle inn frose organisk materiale og undersøkje om det finst liv i det de finn.
Lag hypotesar om liv i frose materiale før de går ut.
Gå ut og samle inn frose lauv eller anna organisk materiale.
- Når de er tilbake på skulen, legg de det organiske materialet i eit begerglas. Tilset vatn slik at det dekkjer materialet. Bland materialet med vatnet.
Bruk ein dropeteljar til å ta ut ein drope vatn, og undersøk han i mikroskopet. Pass på at det kjem med litt «grums».
- Teikn figurar, ta bilete, eller beskriv utsjånaden på det levande materialet de observerer.
Anslå kor mykje levande materiale de ser i synsfeltet ved 40 eller 100 gongers forstørring (ingenting, opptil 10 individ, 10–20 individ, fleire enn 20 individ).
Tips: Om de tilset ein liten drope jod-løysning til mikroskoppreparatet, kan enkelte bakteriar bli meir synlege. Lag figurar eller ta bilete av eventuelle bakteriar.
De kan òg bruke petrifilm eller utstryk på næringsagar for å undersøkje om det er bakteriar i prøva eller ikkje. Tel kor mange bakteriekoloniar det er etter eitt døgn i varmeskåp ved 37 °C.
Undersøk om det skjer ei endring i materialet om det får stå i romtemperatur nokre dagar.
- Dekk begerglaset med plastfolie slik at vatnet ikkje fordampar. La løysninga stå ved romtemperatur.
- Lag mikroskoppreparat og dyrk bakteriar med nokre dagars mellomrom for å undersøkje om livet i vatnet endrar seg.
- Lag ei oversikt over dei levande organismane med figurar eller bilete.
- Forsøk å finne ut kva slags organismar det er. Kan du finne både eincella og fleircella organismar?
- Korleis stemte hypotesane dykkar? Forklar.
- Korleis er det mogleg for organismane de har observert, å overleve frost? Diskuter og finn informasjon i kjelder.