Hopp til innhald

Fagstoff

Bevegelse hos plantar

Plantar er med få unntak fastsitjande. Dei kan derfor ikkje flytte seg frå stad til stad. Likevel kan dei bevege på seg for å utnytte miljøforholda best mogleg og for å unngå ugunstige situasjonar.

Plantar bøyer seg mot lyset etter kvart som lyskjelda endrar posisjon.

Korleis beveger plantar seg?

Fastsitjande plantar kan ikkje flytte seg frå stad til stad, men dei kan likevel bevege på seg. Det gjer at dei kan tilpasse seg endringar på staden der dei veks.

Spalteopningar i bladet til ei lilje. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slike bevegelsar kjem ofte av at motsette sider av eit planteorgan, til dømes ein stengel, veks med ulik hastigheit. Men det kan òg kome av endringar i saftspenninga i cellene, det vil seie at vatn går inn i eller ut av ei celle som følge av ionebevegelsar. I andre tilfelle kan celler bevege seg inne i planten.

Dei fleste plantebevegelsar skjer så sakte at vi knapt registrerer dei, med mindre vi følger dei over tid.

Plantebevegelsar blir gjerne delte inn i

  • tropismar

  • nastiar

  • taksiar

 Samanlikning av ulike typar bevegelse hos ulike plantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heilt gresk?

Første del i namna på plantebevegelsar er ofte avleidde av greske eller latinske ord. Dette er forstavingar vi bruker i mange andre samanhengar òg. Derfor er det ikkje sikkert du treng å pugge namna på alle dei ulike typane plantebevegelsar. Lær deg kva dei greske eller latinske orda betyr – og med eitt har du oversikt over mange ulike typar plantebevegelsar.

Tropismar

Tropismar er vekstbevegelsar som går i ei bestemt retning og er styrte av ein ytre påverknad. Døme på påverknader kan vere

  • lys (fototropisme)

  • vatn (hydrotropisme)

  • tyngdekraft (gravitropisme)

  • berøring (thigmotropisme)

Med eller mot – positiv eller negativ?

For å angi om ein plante beveger seg med eller mot ein påverknad, bruker vi positiv eller negativ i kombinasjon med namnet på tropismen.

Når ein stengel veks oppover, veks han mot tyngdekrafta. Dette blir derfor kalla negativ gravitropisme. Når røtene veks med tyngdekrafta, kallar vi det positiv gravitropisme.

Nastiar

Nastiar er bevegelsar som er bestemte av oppbygginga til planteorganet, og som er uavhengige av retninga til faktoren som påverkar. Døme på påverknader kan vere

  • lys (fotonasti)

  • temperatur (termonasti)

  • berøring (thigmonasti)

Som hos tropismane kan bevegelsane kome av ulik veksthastigheit i delar av plantar. I tillegg kan bevegelsane utløysast av endringar i saftspenninga i visse celler. Desse bevegelsane er raske og reversible.

Opning og lukking av blomstrar er bevegelsar som kjem av både lys, fotonastiar, og temperatur, termonastiar. I motsetnad til tropismar skjer desse bevegelsane uavhengig av retninga lyset eller temperaturen kjem frå.

Mekanisk berøring og vind kan utløyse thigmonastiar. Den raske og reversible samanklappinga av blad hos Mimosa pudica ved berøring er eit døme på dette. Desse bevegelsane kjem av endringar i saftspenninga i delar av planten og blir utløyste av .

Viss eit insekt rører ved blada på den kjøttetande planten venusflugefangar fleire gonger, klappar han raskt saman rundt insektet og held det fanga. Denne bevegelsen er òg eit døme på thigmonasti og kjem av ionebevegelsar som får vatn til å leke ut av cellene.

Taksiar

Ulike stadium i formeiringa til ein bregne teikna som ein sirkel. Dei ulike stadia er forbundne med piler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Taksiar er bevegelsar hos celler eller organellar. Bevegelsane skjer på grunn av ein ytre påverknad, og dei går i ei bestemt retning.

Taksiar skil seg frå tropismar og nastiar ved at det her er snakk om å bevege seg "for eigen maskin", mellom anna ved hjelp av flagellar.

Slike bevegelsar er mest vanlege hos dyr, men vi finn dei òg hos enkelte plantar: Eincella algar og sporar og dessutan kjønnsceller hos mosar og karsporeplantar kan i nokre tilfelle bevege seg ved hjelp av flagellar. Slimsoppar har eit utviklingsstadium der dei er amøbar og har krypande bevegelsar.

Kjelder

Berner, E. jr. (2021, 9. juli). Bevegelse (botanikk). I Store norske leksikon Henta 28. april 2022 frå https://snl.no/bevegelse_-_botanikk

UiO. (2019). Tropisme. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 28. april 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/t/tropisme.html

Relatert innhald

Visste du at plantar har kontinuerleg vekst heile livet? Korleis veks plantar, og kva faktorar styrer plantevekst?

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Bevegelse