Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – bevegelse

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet om bevegelse.
Ein liten og ein stor hund spring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bevegelse

Evna organismar har til å bevege seg, er ein av dei viktige livsprosessane som sikrar overleving. Til dømes strekker plantar seg mot lyset, amøbar flyttar massen sin mot mat, rovdyr spurtar for å fange byttedyr, og olbogeskjel "glir" på svaberget for å beite.

Plantebevegelsar

Fastsittande plantar kan ikkje flytte seg frå stad til stad, men dei kan likevel bevege på seg. Det gjer at dei kan tilpasse seg endringar på staden der dei veks.

Tropismar

Tropismar er vekstbevegelsar som går i ei bestemd retning, og som er styrt av ein ytre påverknad. Døme på påverknader kan vere

  • lys (fototropisme)

  • vatn (hydrotropisme)

  • tyngdekraft (gravitropisme)

Nastiar

Nastiar er bevegelsar som er bestemde av oppbygginga til planteorganet, og som er uavhengige av retninga til faktoren som påverkar. Døme på påverknader kan vere

  • lys (fotonasti)

  • temperatur (termonasti)

  • berøring (thigmonasti)

Taksiar

Taksiar er bevegelsar hos celler eller organellar. Bevegelsane skjer på grunn av ein ytre påverknad, og dei går i ei bestemd retning.

Samanlikning av ulike typar bevegelse hos ulike plantar. Tropismar er bevegelse mot eller vekk frå ein påverknad. Nastiar er bevegelse som er uavhengig av retninga til påverknaden, og taksiar er flytting av celler mot eller vekk frå ein påverknad. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bevegelse hos dyr

Samling av ulike typar dyr med ulike typar bevegelsesorgan. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å kunne bevege seg frå stad til stad må dyra kjempe mot tyngdekraft og motstand frå luft, jord eller vatn.

  • og beveger seg ved hjelp av musklar og skjelett, og eit nervesystem som styrer desse.

  • Eincella dyr har ikkje musklar og skjelett, men dei kan likevel bevege seg: Eincella amøbar lagar utløparar av cytoplasmaet sitt, mens andre eincella organismar kjem seg rundt med ulike typar flimmerhår.

Skjelett

Eit skjelett støttar opp kroppen, beskyttar indre organ og gjer at eit dyr kan bevege seg. Det finst tre ulike typar skjelett:

  • hydrostatisk skjelett

  • ytre skjelett

  • indre skjelett

Sjøstjerne med hydrostatisk skjelett, hummar med ytre skjelett og menneske med indre skjelett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ulike typar skjelett
TypeOppbyggingFunksjonFinst hos
hydrostatisk skjelettskilde rom fylte med væskeheld kroppen utspend og støttar indre organblautdyr
ytre skjeletthardt skal som omgir dyretbeskyttar mot rovdyr, beskyttar indre organ og gjer det mogleg å bevege seg ved hjelp av musklarvirvellause dyr
indre skjelettknoklarstøttar opp organismen, beskyttar indre organ og gjer det mogleg å bevege seg ved hjelp av musklarvirveldyr

Musklar

Oversikt over ulike typar muskulatur: skjelettmuskulatur, hjartemuskulatur og glatt muskulatur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Musklar består av celler som er spesialiserte til å trekke seg saman, og gjer at vi og andre dyr kan bevege oss. Vi treng også musklar for å utføre ulike oppgåver, for at hjartet skal kunne slå, og for å fordøye mat. Ulike typar musklar har ulike oppgåver.

Skjelettmuskulaturen kan vi kontrollere med vår eigen vilje, mens den glatte muskulaturen og hjartemuskulaturen jobbar utan at vi treng å tenke på det.

Ulike typar musklar
TypeFinst kvar?FunksjonUtsjånadKontroll
skjelettmuskulaturi heile kroppen festa til knoklanegjer at vi kan bevege osstverrstripeteviljestyrt
hjartemuskulaturi hjartetfår hjartet til å trekke seg samantverrstripeteikkje viljestyrt
glatt muskulaturi fordøyingskanalen, urinvegar, luftvegar, blodårer, lymfeårerdriv innhald framoverglattikkje viljestyrt

Ein muskel består av muskelfibrar

Utsnitt av muskel som viser stadig fleire detaljar i oppbygginga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire muskelceller/-fibrar ligg saman og dannar ein større bunt som er omgitt av ei hinne. Fleire buntar utgjer til saman ein muskel. Muskelen er også omgitt av ei hinne, og denne går over i sener der muskelen er festa til skjelettet.

Signaloverføring frå nervecelle til muskelcelle

Når du til dømes bestemmer deg for å bevege det eine beinet ditt, blir det sendt signal frå hjernen via ryggmergen og ut til dei enkelte cellene i musklane som trengst for å bevege beinet. Figuren viser meir detaljert korleis dette går føre seg.

Hjerne, ryggmerg, nervecelle og muskelcelle kopla saman. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Bevegelse