Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kva er livretten til slimsopp?

Kva er slimsopp – og kva et han til frukost? Undersøk kva desse fascinerande skapningane liker å ete, og finn ut korleis dei rører seg for å få tak i favorittmaten sin.
Gul, svampaktig sopp veks på stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er slimsopp?

Slimsopp er, trass i namnet, ikkje ein sopp systematisk sett. Han høyrer til det såkalla slimriket. Slimsoppar er eincella organismar og består av ei amøbeliknande celle som breier seg utover. Ei enkelt celle kan etter kvart dekke eit areal på fleire hundre kvadratcentimeter. For å finne mat har han såkalla kjemoreseptorar som kan oppfatte kjemiske stoff som er i nærleiken. I tillegg har han eit slags eksternt minne ved at han legg igjen slimspor som han kan kjenne igjen viss han treffer på desse seinare.

Slektskapstre over alle organismar. Alle organismar er delte i to hovudgrupper, prokaryote eller eukaryote organismar. Dei prokaryote organismane er bakteriar og erkebakteriar. Dei eukaryote organismane er planteriket, dyreriket, soppriket, slimriket, urdyrriket og det gule riket. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slimsoppar leiter altså ikkje etter mat utan mål og meining! Men kva liker eigentleg slimsopp å ete? Det skal de undersøke i dette todelte forsøket.

Slimsopp attskapte jarnbanenettverket i Japan

Ei gruppe forskarar tok eit kart med alle jarnbanestasjonane i Japan og la ut eit havregryn på kvar stasjon. Deretter "slapp dei laus" ein slimsopp på kartet, og etter kort tid hadde slimsoppen laga eit nettverk av trådar som var svært likt togrutene i Japan.

Gul sopp dannar eit nettverk av trådar på ein død trestamme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Kva er livretten til slimsopp?

I denne delen av forsøket skal de undersøke kva slags mat slimsoppen føretrekker, når han får to ulike "rettar" å velje mellom.

Førebuingar for læraren

Kvar får du tak i slimsopp?

Du kan finne slimsopp i skogen. Kombiner gjerne sankinga med eit planlagt feltarbeid med elevar. Då får dei høve til å undersøke slimsoppen i det rette elementet sitt.

Korleis lagar du agarskåler?

Sjå Forsøk: Lag agarskåler til bakteriedyrking for oppskrift på agarskåler. For å dyrke slimsopp er 2 % agar ( 2 g agar til 100 mL vatn) ein passande konsentrasjon.

Sjå òg detaljert lærarrettleiing på engelsk hos Science in School.

Utstyr
  • 1 agarskål med slimsopp

  • 1 ubrukt agarskål per elev

  • etanol og tørkepapir

  • skalpell

  • pinsett

  • salami (bitar på 2–3 cm)

  • salatblad (bitar på 2–3 cm)

  • parafilm

  • aluminiumsfolie / liten boks

Framgangsmåte

  1. Reingjer alle arbeidsflater, pinsett og skalpell med etanol.

  2. Bruk ein skalpell og skjer ut ein bit slimsopp saman med agaren han sit på (1 cm2).

  3. Bruk pinsetten og plasser biten med slimsopp i midten på ei ubrukt agarskål.

  4. Skjer opp like store bitar med salami og salat.

  5. Plasser salamibiten på ei side av slimsoppen og salatbiten på motsett side. Pass på at avstanden til slimsoppen er lik for salamien og salaten.

  6. Dekk skåla med parafilm.

  7. Ta vare på skåla mørkt og ved romtemperatur i 24 timar. (Pakk skåla inn i aluminiumsfolie eller set ho i ein boks med lokk.)

Resultat og diskusjon

  1. Kva observerer de? Ta bilete for å dokumentere kva som har skjedd.

  2. Lag hypotesar som kan forklare det de observerer. Er det slik at slimsoppen veks mot det han liker best, eller veks han vekk frå det han ikkje liker? Forsøk å stadfeste eller avkrefte hypotesane i del 2 av forsøket.

Del 2. Rørsle hos slimsopp

I denne delen av forsøket skal de undersøke korleis slimsopp rører seg når han skal ut for å finne næring. Rører han seg mot noko han liker godt, eller rører han seg vekk frå det som er vondt?

Kjemoreseptorar hos slimsopp

Kjemoreseptorar i cellemembranen hos slimsopp registrerer kjemiske samband i omgivnadene som anten tiltrekker eller fråstøyter slimsoppen. I denne delen av forsøket skal elevane finne ut kva ingrediensar i salamien som fråstøyter slimsoppen.

Slimsoppen blir tilboden to stimuli:

  • kontroll (havregryn)

  • testingrediens (havregryn + testingrediens)

Havregryn er kvardagskost for slimsopp og blir derfor brukt både i kontrollprøven og i sjølve testprøven. Det er tre moglege utfall i denne testen:

  1. Slimsoppen går mot kontrollprøven (altså vekk frå testprøven).

  2. Slimsoppen går mot testprøven.

  3. Slimsoppen har ingen preferansar.

Taksis er frie rørsler utløyste av ein ytre faktor. Ved kjemotaksis blir rørslene utløyste av nærværet av kjemiske stoff.

Utstyr

Framgangsmåte

  1. Reingjer arbeidsflatene og utstyret de skal bruke, med etanol.

  2. Skjer ut ein bit agar med slimsopp og plasser han midt på ei ubrukt agarskål ved hjelp av ein pinsett.

  3. Bruk ein pinsett og plasser eit havregryn i lik avstand på kvar side av slimsoppen.

  4. Sett ein drope vatn på kvart av havregryna. Dette gir slimsoppen fukt og gjer at havregryna festar seg til agaren.

  5. Bruk ein spatel og tilset eit stoff, til dømes salt, til eit av havregryna. Merk skåla med kva stoff de brukte, og kva havregryn som vart tilsett stoffet.

  6. Forsegl agarskåla med parafilm, og la ho stå ein mørk stad i 24 timar.

Resultat og diskusjon

  • Kva slags mat tiltrekker/fråstøyter slimsopp?

  • Var resultata som forventa? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

  • Kvifor liker ikkje slimsoppen salami/salat?

  • Korleis vil konsentrasjonen av ulike stoff påverke kjemotaksisen?

  • Kvifor er det viktig å bruke biologiske modellar som ikkje er for avanserte, når vi skal forklare biologiske fenomen?

  • På kva måte kan del 2 av forsøket forklare kvifor kjemotaksis er viktig?

  • Kva økologisk funksjon har slimsoppar?

Avfall

Når de er ferdige med slimsoppen, kan han enkelt avlivast ved å putte han i frysaren i 24 timar. Deretter kan han kastast i restavfallet.

Jobb vidare

Slimsoppar er òg praktiske for mange andre forsøk. Dei blir påverka av miljøfaktorar som lys (fototaksi), og dei kan brukast for å finne ruter eller finne vegen gjennom labyrintar fordi slimsoppar berre forsterkar dei mest effektive sambanda, dei som leiar til næring.

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av Moving slime: exploring chemotaxis with slime mould frå Science in School.

Kjelder

Høiland, K. (2021, 16. desember). Slimsopper. I Store norske leksikon. https://snl.no/slimsopper

Vestre, K. M. (2016, 13. juni). Slimete smartinger. Nysgjerrigper. https://www.nysgjerrigper.no/bladet/2016-2/slimete-smartinger/

Relatert innhald

CC BYSkrive av Amber Buchta og Micah Dunthorn.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2023

Læringsressursar

Bevegelse