Hopp til innhald

Fagstoff

Skjelett

Eit skjelett støttar opp kroppen, beskyttar indre organ og gjer at eit dyr kan bevege seg. Det finst tre ulike typar skjelett: hydrostatisk skjelett, ytre skjelett og indre skjelett.
Sjøstjerne, hummar og menneske-skjelett. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hydrostatisk skjelett – væsketrykk gir bevegelse

Dykkar nærmar seg stor sjøanemone på havbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit hydrostatisk skjelett består av skilde rom som er fylte med væske. Dette held kroppen utspent og støttar dei indre organa. Denne typen skjelett finn vi hos blautdyr som sjøanemonar, meitemarkar, nesledyr og andre virvellause dyr.

Desse dyra beveger seg når musklane vekselvis trekkjer seg saman og slappar av. På denne måten blir væske pumpa frå holrom til holrom og skaper ein bevegelse som forplantar seg gjennom organismen. Dette blir kalla peristaltiske bevegelsar og er same type muskelsamantrekkingar som fraktar maten gjennom matrøyret og ned til magesekken hos til dømes menneske.

Sjølv om eit hydrostatisk skjelett er ei god tilpassing for enkelte virvellause dyr, er ikkje dette det beste skjelettet for dyr som lever på land. Eit hydrostatisk skjelett krev at dyret har god tilgang på væske, for å kunne halde oppe det innvendige trykket i kroppen. Det er derfor godt eigna for dyr som lever i vatn eller fuktig jord, men mindre eigna for artar som lever på landjorda.

Ytre skjelett – hardt skal for beskyttelse og bevegelse

Krabbe med lange bein og piggete skal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit ytre skjelett består av eit hardt skal som omgir dyret. Det finn vi mellom anna hos krabber, sniglar og insekt. Skalet gir beskyttelse mot rovdyr, støttar opp kroppen og gjer det mogleg å bevege seg ved hjelp av musklar som er feste på kvar si side av ledd inne i skjelettet. Når ein muskel trekkjer seg saman, blir ein annan strekt ut, og vi får bevegelse.

Skalet består av , som blir skilt ut frå hudceller. Hos mellom anna hummar blir det forsterka med kalsiumkarbonat. Sidan skjelettet ikkje veks, må organismen kvitte seg med det når det blir for lite, og lage eit nytt.

Hudpanser er ikkje eit ytre skjelett

Nokre dyr har eit hardt hudlag ytst. Dette laget beskyttar mot skade, men sidan musklane ikkje er feste til panseret, bidreg det ikkje til bevegelse.

Dyr dekt med skjelaktig skal står på bakbeina. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Indre skjelett – stativ for musklane

 Skjematisk oppbygging av knoklar og sener i kneet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit indre skjelett består av harde, mineralrike knoklar som er omgitt av det blaute vevet til organismen. Hos virveldyr inneheld knoklane levande vev, og dei veks i takt med organismen. Det indre skjelettet støttar opp organismen, beskyttar indre organ og gjer det mogleg å bevege seg. Bevegelse skjer ved at musklar som er feste til skjelettet, trekkjer seg saman. Skjelettet er òg lagringsplass for mineral som kalsium og fosfor, og for feittstoff.

I tillegg til knoklane består skjelettet av brusk og bindevev. Brusk er støttevev som finst mellom knoklar i mellom anna ryggsøyla. Bindevev kan vere sener og leddband. Sener fester musklane til skjelettet, mens leddband fester knoklane til kvarandre og bidreg til at skjelettet heng saman.

Bruskfiskar har ikkje bein i nasen

Haiar og skater høyrer til ei gruppe fiskar som blir kalla bruskfiskar. Dei har skjelett som består av brusk. Desse skjeletta er mjukare og meir elastiske enn knoklane hos beinfiskane.

Revhai. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Knoklane – ikkje berre bein å gå på

I den raude beinmergen i knoklane finst det stamceller som kan utvikle seg til raude blodceller, kvite blodceller og blodplater. Raude blodceller er naudsynte for transport av oksygen og karbondioksid i blodet, mens kvite blodceller er viktige i immunforsvaret. Derfor kan vi seie at knoklane våre er viktige for å sikre likevekt i kroppen.

Tverrsnitt av knokkel med blodårer og beinmerg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visste du at også celler har skjelett?

Cytoskjelettet (òg kalla celleskjelettet) er eit nettverk av proteinfibrar som fyller store delar av cytosol. Proteinfibrane er dynamiske. Det inneber at dei blir bygde opp og brotne ned etter behov. Dette gjer det mogleg for cella å vekse, utvikle seg og bevege seg.

Her kan du lese meir: Cytosol og cytoskjelett

Kjelder

Bjålie, B. G., Haug, E., Sand, O., Sjaastad, Ø. V. & Toverud, K. C. (2018). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Universitetsforlaget.

OpenStax. (2018). Types of skeletal systems. Henta 29. mars 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/38-1-types-of-skeletal-systems

UiO. (2019). Skjelett. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 29. mars 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/s/skjelett.html

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Bevegelse