Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om rørsle

Med desse oppgåvene kan du lære omgrep, forklare fenomen, sjå samanhengar og løyse problem om emnet rørsle.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Tropismar

  1. Kva tropismar viser dei ulike figurane? Kva kjenneteiknar tropismane? Dra og slepp til rett figur.

  1. Kva for nokre andre faktorar som påverkar veksten til ein plante på denne måten, kjenner du til?

Oppgåve 3. Planterørsler

Vel rett alternativ om planterørsler.

Oppgåve 4. Kva typar planterørsler?

Oppgåve 5. Lag din eigne planterørsler

  1. Kva meiner vi med taksisar? Gi nokre døme.

  2. Forklar forskjellen på positiv kjemotaksi og negativ kjemotaksi.

  3. Leik deg litt med å lage nokre morosame nemningar på retningsbestemde flyttingar (taksisar) av deg sjølv. Bruk positiv/negativ og ei forstaving framfor -taksi. Test ut på medelevar om dei skjønner kva nemningane betyr!

Oppgåve 6. Oppbygging av ein muskel

  1. Dra omgrepa til rett stad i figuren.

  1. Bruk alle orda frå oppgåve a), og lag ei kort skildring av kva figuren viser.

Oppgåve 7. Lag ordforklaringar

  1. Lag forklaringar til desse orda og omgrepa utan å bruke det aktuelle ordet eller delar av ordet i forklaringa di.

    • skjelettmuskulatur

    • tropisme

    • myosin

    • ytre skjelett

    • muskelfiber

    • svingtråd

    Finn fleire ord frå dette emnet sjølv.

  2. Jobb saman med ein annan, les opp forklaringane de har laga, for kvarandre, og forsøk å gjette rett.

  3. Var det nokre ord de ikkje klarte å gjette rett på? Kvifor var det slik, trur du?

Oppgåve 8. Skjelett

  1. Kva type skjelett har dei ulike organismane? Og har alle skjelett? Dra organismane til rett skjelett-type.

  1. Beskriv eigenskapar ved dei tre hovudtypane skjelett.

  2. Gi døme på ulike typar organismar for kvar av dei tre typane, og forklar korleis skjeletta er ei tilpassing til det miljøet organismane lever i.

  3. Korleis verkar skjelett og musklar saman når organismane bevegar seg?

Oppgåve 9. Muskulatur

Vel rett alternativ.

Oppgåve 10. Vel rett påstand

Oppgåve 11. Overføring av nervesignal til musklane

  1. Du speler fotball og vil gjerne sparke ballen. Dessverre har det vorte rot i rekkefølga for overføring av signal mellom nerveceller og muskelceller. Stokk om på boksane slik at signalet kjem fram på rett måte, slik at du får sparka ballen (i mål).

  1. Lag ein figur som illustrerer overføringa av signal til musklane.

  2. Bruk figuren til å forklare overføringa av nervesignal til musklane for ein medelev.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Bevegelse