Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om rørsler hos plantar

Gjennom å løyse desse oppgåvene skal du få oversikt over mangfaldet av måtar plantar bevegar seg på. Du skal få innsikt i nokre av mekanismane som ligg bak, og få øving i å bruke omgrepa som er knytte til rørslene til plantar.
Nærbilete av ein grøn plante som liknar ein open munn med skarpe tenner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Kvifor bøyer skota i ein potteplante seg mot lyset?

Plante som er lagd horisontalt på bakken. Illustrasjon.
  1. Kva skjer med rot- og skotveksten dersom ein blomsterplante blir lagd horisontalt? Kva faktor utløyser dette, og kva blir denne rørsla kalla?

  2. Kva vil det seie at ein blomster har negativt fotonastiske rørsler? Kjenne du til nokon plantar som har slike blomstrar?
  3. Kvifor trur du det kan vere vanskeleg å skilje termonastiar frå fotonastiar?

  4. Korleis kan du skilje fotonastiar og fototropismar frå kvarandre?

  5. Kjenner du til nokon frøspreiingsmekanismar som er forårsaka av vekstrørsler hos planten?

  6. Røter er vanlegvis positivt gravitropiske; dei veks nedover med tyngdekrafta. Kjenner du tilfelle der røtene er negativt gravitropiske? Kva kan vere årsaka til dette?

  7. Kva styrer den retningsbestemde veksten til ein pollenslange som veks på eit arr? Kva blir denne vekstrørsla kalla?

  8. Sjå på filmen under. Kva for nokre ulike typar planterørsler finn du? Lag ei kort skildring av kva som skjer i løpet av ein dag i livet til denne planten. Legg vekt på å forklare kva som skjer, og kvifor det skjer.

Grøne blad som har falda seg saman. Det er rim på nokre av dei og snø bak dei. Foto.
  1. Rhododendron med eviggrøne blad har ei termonastisk rørsle der blada blir folda slik at dei heng samanrulla og nedover ved låge temperaturar. Kva trur du er årsaka til dette?

  2. Kvifor er thigmonastiar generelt raskare rørsler enn thigmotropismar?
  3. Korleis bruker kjøttetande plantar rørsler for å fange bytet sitt?
  4. Hos nokre tre stiller blada seg slik at dei ikkje skygger for kvarandre. Dette er ei form for fototropisme som blir kalla bladmosaikk. Kva trur du dette kan vere ei tilpassing til?
  5. Kvifor trur du det berre er tropismar og taksisar, og ikkje nastiar, som har nemningane "positiv" og "negativ" framfor seg?

  6. Kva kjønnscelle hos mosane og karsporeplantane trur du har taksiske rørsler – eggcella eller sædcella?

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2022

Læringsressursar

Bevegelse