Bevegelse hos dyr
Når dyr beveger seg, kan dei skaffe mat og ly, finne nokon å pare seg med og kome seg unna rovdyr eller plutselege endringar i miljøet. Å kunne bevege seg er dermed naudsynt for at dyr skal kunne overleve. Det er ein livsprosess.
Denne moglegheita til å bevege seg, og dermed kunne flytte seg frå stad til stad, har bidrege til at dyra finst i mange ulike habitat og fyller mange nisjar i økosystem i vatn, på landjorda og i lufta.
For å kunne bevege seg frå stad til stad må dyra kjempe mot tyngdekraft og motstand frå luft, jord eller vatn. Dei må vere i stand til å lage ei kraft som er større enn desse kreftene, og på den måten skape bevegelse framover.
Utvikling av musklar og skjelett er vanlege tilpassingar for å klare dette. Det finst dyregrupper som klarer å bevege seg utan, men dei aller fleste virvellause dyra og alle virveldyr har musklar og skjelett.
Det trengst i tillegg ein mekanisme som styrer skjelett og musklar, slik at dyret kjem seg dit det vil: Når skal krafta brukast, kor raskt og i kva retning? Dei aller fleste dyra har eit nervesystem som koordinerer dette.
Passiv bevegelse sparer energi
Å bevege seg passivt betyr at dyret bruker omgivnadene for å flytte seg: Ein fugl kan sveve på luftmassane, nokre edderkoppar kan spinne ein tråd og bli borne av garde med vinden, flygeekornet spenner ut beina og seglar frå tre til tre. Nokre insekt bruker tyngdekrafta og rullar ned ein bakke, og det finst òg dei som får skyss av andre dyr. Passiv bevegelse sparer energi og gjer at dyra kan bevege seg over større område.
Edderkoppar på ballongferd
Enkelte edderkoppartar bruker silketråden som transportmiddel. Dei spinn ein tråd som vinden tek tak i, og på denne måten kan dei kome seg fleire hundre kilometer av garde. Slik kan desse edderkoppane finne seg nye habitat der dei kan slå seg ned.
Gråhegren leiker hangglider
Trekkfuglar er fuglar som flyg til ein annan stad etter at dei har hekka og egga er klekte. Nokre artar beveger seg over store avstandar, og for å kome fram til målet er dei avhengige av å bruke minst mogleg energi på å flytte seg. Éin metode er å bruke luftstraumar. Når sola varmar opp lufta, stig ho opp. Store fuglar, til dømes gråhegren, utnyttar dette til å bli løfta opp utan å måtte slå med vengane. Når han har kome seg høgt opp, kan han berre gli mot målet sitt, nesten som ein hangglider.
Amøbar er forholdsvis store, eincella dyr utan cellevegg. Dei beveger seg (og tek til seg næring) med såkalla pseudopodium. Ordet kjem frå latin og betyr "falske føter". Pseudopodium er altså ikkje same type føter som vi finn hos menneske og mange andre dyr. Amøbane sender ut tungeforma utløparar som er danna av cytoplasma. Når eit pseudopodium er danna, trekkjer det resten av amøben etter seg. Dei kvite blodcellene i kroppen vår beveger seg òg ved hjelp av pseudopodium.
Amøbe jaktar på alge
Denne amøben "jaktar" på ein type alge som høyrer til gruppa kiselalgar. I tillegg til at amøben bruker pseudopodia til bevegelse, er dei nyttige for å fange eit bytte.
Visste du at …?
Det finst ei soppgruppe som heiter slimsoppar, og som har eit stadium der dei er amøbar. Til liks med andre amøbar kan dei derfor bevege på seg.
Flimmerhår er ei samlenemning på to typar strukturar: ciliar og flagellar. Felles for begge typar er at dei er korte, liknar på hår og kan bevege på seg. Dei finst på overflata av små dyr og enkelte stader i kroppen vår.
Å bevege seg ved hjelp av flimmerhår er vanlegast for eincella organismar og larvane til fleircella dyr som leddormar og flatormar.
Ciliar
Ciliar minner om padleårer. Dei er flattrykte og slår eller viftar fram og tilbake på eitt plan. Organismar med ciliar kan vere dekte av dei, og viss organismen skal kunne bevege seg effektivt, må bevegelsane til ciliane samkøyrast. Når ein organisme møter ei hindring, kan han ryggje ved å bevege flimmerhåra i motsett retning. Viss ciliane beveger seg uavhengig av kvarandre, blir bevegelsen tilfeldig, noko som fører til at organismen fer hit og dit.
Dyr som beveger seg ved hjelp av ciliar
Filmen under viser korleis trompetdyr og ribbemaneter bruker ciliar for å bevege seg.
Flagellar
Det finst fleire typar flagellar. Nokre lagar ein bevegelse som minner om piskeslag. Andre lagar ein roterande bevegelse, nesten som ein propell. Nokre artar har fleire flagellar. Organismar som har flagellar, blir gjerne kalla flagellatar. Blant flagellatane finn vi mange parasittar og organismar som kan forårsake sjukdom hos både dyr og menneske.
Giardia
Giardia er ei gruppe flagellatar som har fleire flagellar. Giardia er parasittar på dyr og menneske, og dei kan gi langvarig diaré hos den som blir smitta. Parasitten finst gjerne i vatn som er forureina med kloakk.
Animasjonen under viser korleis flagellane hos giardia skaper ein bølgjande bevegelse som gir organismen framdrift.
Leddyr og virveldyr beveger seg ved hjelp av lemmar som føter, finnar eller vengar. Lemmane beveger seg i eit samspel mellom skjelett og musklar.
Føter
Føter er først og fremst ei tilpassing til å bevege seg på land. Virveldyr som kan leve på land, blir faktisk kalla tetrapodar (av gresk tetra podes – fire føter). Tetrapodane er ei monofyletisk gruppe, det vil seie at alle er etterkomarar av same stamfar. Dei firbeinte virveldyra har fire bein med føter og tær, og alle pustar med lunger. Symjeføter hos vadefuglar kan òg brukast til å bevege seg på land. I tillegg gir dei god framdrift i vatn.
Visste du at …?
Sjølv om slangar og kvalar har "mist" dei fire beina som forfedrane deira hadde, blir dei rekna til gruppa tetrapodar.
Finnar
Finnar er hudfaldar som fisk og andre dyr som lever i vatn, bruker til å bevege seg eller til å styre. Fisk som har finnar som er spende ut av såkalla strålar, blir kalla strålefinnefisk. Desse er festa til musklar i kroppen og gjer at fisken kan bevege på finnane. Hos bruskfisk, som hai, er det brusk i finnane.
Vengar
Vengar er ei tilpassing til å bevege seg i lufta. Insekt har vanlegvis to par tynne vengar. Fordi det eine paret hos fluger og myggar er redusert til små strukturar vi kallar svingkøller, ser det ut som om dei berre har eitt par vengar.
Hos virveldyra er det nok fuglane vi først og fremst forbind med vengar. Her er knoklane på framlemmane sterkt forlengde, og dei har fjør feste til seg. Vengane til flaggermus er ein hudfald som er spend ut mellom fram- og baklemmane.
Døme på bevegelse hos ulike dyr (nationalgeographic.com)
Korleis skjelett og musklar bidreg til bevegelse, kan du lese om i desse artiklane på NDLA:
Relatert innhald
Forsøk der de skal dissekere ein kylling og finne ut korleis og kvifor fuglar klarer å flyge.
I dette feltarbeidet skal de undersøkje om det finst liv i frose organisk materiale.
Otterholt, E. (2021, 4. juni). Giardia. I Store medisinske leksikon. Henta 19. april 2022 frå https://sml.snl.no/giardia
Royal Society for the Protection of Birds. (u.å.). The migration of birds – On the move. Henta 26. april 2022 frå https://www.rspb.org.uk/birds-and-wildlife/natures-home-magazine/birds-and-wildlife-articles/migration/on-the-move
UiO. (2019). Muskler. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 26. april 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/m/muskler.html
Wikipedia. (2022, 6. mars). Animal locomotion. Henta 26. april 2022 frå https://en.wikipedia.org/wiki/animal_locomotion
Zug, George R. (2020, 13. februar). Locomotion. I Encyclopedia Britannica. Henta 26. april 2022 frå https://www.britannica.com/topic/locomotion