Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Undersøk venene

Vener er blodårer som fører blodet tilbake til hjartet. I denne øvinga skal du studere venene mellom olboge og handledd.
Foto av underarm med tydelege vener
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

Illustrasjon som viser at blodet blir transportert mot hjartet når leggmuskulaturen klemmer på ei vene. Klaffar i vena hindrar at blodet blir transportert feil veg.

Finn fram eit tørkle eller liknande til å binde rundt armen.

Førebuingar

Det kan vere lurt å studere underarmen til ein person som i utgangspunktet har lett synlege årer.

Framgangsmåte

  1. Knyt eit tørkle eller liknande stramt like over olbogeleddet.
  2. Hald armen ned langs sida.

    • Kva skjer med blodstraumen i venene når vi held armen ned langs sida?
  3. Blokker ei stor blodåre (vene) med ein finger.
    • Kva skjer i vena ovanfor og nedanfor fingeren?
  4. Plasser ein annan finger inntil den første, og skyv blodet opp mot olbogen, som vist på biletet nedanfor.
    • Kva ser du?
  5. Fjern den siste fingeren (nummer 2 på biletet).
    • Kva skjer med blodet i vena når den siste fingeren blir fjerna? Forklar.
Foto av underarm der to fingrar stoppar blodstraumen i ei vene
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Forklar funksjonen til veneklaffane.
  2. Blodtrykket i venene (venetrykket) endrar seg avhengig av om ein person står i ro eller er i bevegelse. Normalt er venetrykket i føtene ca. 3 kPa. (Pa står for pascal og er ei måleining for trykk.) Dersom ein person står heilt i ro, kan venetrykket i føtene auke til om lag 5 kPa. Korleis vil du forklare denne endringa i venetrykket?
  3. Kvifor har ikkje arteriar klaffar?
CC BY-SASkrive av Lars Soløy-Nilsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Transport i dyr