Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Vi undersøkjer blodet

I dette forsøket skal vi undersøkje samansetninga til blodet og studere korleis blodceller oppfører seg i ulike miljø.
Foto av ein finger med bloddrope
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsøk med blod – sikkerheit

  • Elevane skal sitje åleine og berre jobbe med eigne blodprøver.
  • Bruk sterile blodlansettar eller blodstikkarar til eingongsbruk.
  • Læraren samlar inn glas og stikkreiskapar og forseglar dei i støytsikre merkte boksar, som deretter kan leverast på apotek eller til andre institusjonar som handterer avfall på ein forsvarleg måte.
  • Set plaster på stikket for å hindre blodsøl.
  • Blodsøl skal desinfiserast.
Meir om desinfeksjonsmiddel

Det er ikkje alle desinfeksjonsmiddel som drep virus.

  • Eit godkjent desinfeksjonsmiddel er Kloricid.
  • 70 % etanol (denaturert sprit / raudsprit) drep virus når blodsølet blir vaska bort mekanisk.
  • Konsentrert Klorin (handelsvare) fortynna med to delar vatn er òg eit virusdrepande middel, men det er ikkje eit godkjent desinfeksjonsmiddel.

Klorgass blir frigjord ved bruk av klorhaldige desinfeksjonsmiddel som Klorin og Kloricid.

Føremål

I dette forsøket skal du studere samansetninga til blodet og undersøkje korleis blodcellene oppfører seg i ulike miljø.

Del 1: Undersøk samansetninga til blodet

Foto av dekkglas som blir senka mot bloddrope og fysiologisk saltvatn på objektglaset
  1. Stikk eit hol på sida av ein finger, og klem ut ein bloddrope.
  2. Plasser bloddropen på eit objektglas, og stryk han utover med eit anna objektglas. Bloddropen bør vere så tynn som mogleg. Legg over dekkglas. Dette blir kalla å lage eit mikroskopipreparat.
  3. Sjå på preparatet under mikroskop med lita forstørring. Auk deretter forstørringa.
    Dersom det blir for tett med celler, kan du fortynne preparatet med fysiologisk saltvatn.

    1. Kva ser du?
    2. Leit etter kvite blodceller i preparatet. (Forholdet mellom talet på kvite og raude blodceller er om lag 1 : 1000.) Korleis ser du forskjell på raude og kvite blodceller?
    3. Kan du sjå blodplater? (Diameteren til blodplatene er berre ca. 20 % av diameteren til raude blodceller.)
    4. Kva form har dei raude blodcellene?

Del 2: Undersøk blodcellene i ulike miljø

Foto av raudgule celler. Dei ser ut som ballar med lite luft som er trykte flate på midten.
  1. Metta salt-løysning: Tilset nokre dropar metta salt-løysning ved kanten av dekkglaset. Bruk eventuelt eit filterpapir til å trekkje ut vatn frå motsett side av preparatet. Dette vil gjere at saltløysninga trekkjer inn i preparatet. Observer kva som skjer.
  2. Reint vatn: Lag eit nytt mikroskopipreparat, og tilset reint vatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.
  3. Fysiologisk saltvatn: Lag eit tredje mikroskopipreparat, og tilset fysiologisk saltvatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer.

    1. Kva skjer med blodcellene i dei ulike miljøa?
    2. Kva for eit av miljøa illustrerer kroppen?

Del 3: Farg blodutstryk

Foto teke gjennom okularet til eit mikroskop. Preparatet er eit farga blodutstryk som viser konturane av tallause raude blodceller og to lillafarga kvite blodceller.
  1. Lag eit nytt preparat. Lat blodet tørke i cirka fem minutt ved romtemperatur. Blodet må vere heilt tørka før du går vidare.
  2. Plasser to dropar metylblått på preparatet, og lat det liggje i to minutt. Skyl forsiktig glaset med destillert vatn til all overskotsfarge er fjerna.
  3. Sjå på preparatet under mikroskop med lita forstørring. Auk deretter forstørringa.

    1. Kva ser du?
    2. Kva for nokre celler tek opp farge, og kva for nokre celler tek ikkje opp farge?

    3. Bruk mikroskopipreparatet ditt til å anslå forholdet mellom talet på kvite og raude blodceller.

Dokumentasjon og vidare arbeid

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon.

  1. Ta bilete av blodcellene gjennom okularet med mobiltelefonen eller eit fotoapparat.
  2. Kva er spesielt med dei raude blodcellene?

  3. Kvifor er det berre dei kvite blodcellene som tek opp metylblått?

  4. Forklar samansetninga av blodet og kva funksjonar og eigenskapar dei ulike bestanddelane har.
  5. Kva er hovudoppgåvene til blodet i kroppen?
CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO, Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 12.02.2022

Læringsressursar

Transport i dyr