Hopp til innhald

Fagstoff

Samansetjinga og funksjonen til blodet

Blodet består av blodplasma og tre typar celler: raude blodceller, kvite blodceller og blodplater. Blodet regulerer samansetjinga av vevsvæska som omgir cellene. I kapillara mister blodet væske til vevet. Denne væska blir transportert tilbake til blodet med lymfa.
Sår på ein olboge som blir vaska. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samansetjinga til blodet

Blodet verkar einsarta når det dryp frå eit sår. Undersøker vi det nærare, ser vi at det består av tre ulike typar celler: raude blodceller, kvite blodceller og blodplater. Cellene flyt rundt i ei væske som blir kalla blodplasma.

Raude blodceller

Dei raude blodcellene utgjer nesten halvparten av blodvolumet og transporterer oksygen frå lungene til cellene. Inne i dei raude blodcellene er det hemoglobinmolekyl. Kvart hemoglobinmolekyl har fire jernatom, og kvart jernatom bind eitt oksygenmolekyl. Det er hemoglobinet som gir blodet den raude fargen.

Kvite blodceller

Sentrifugerøyr med innhaldet delt i tre sjikt. Foto

Dei kvite blodcellene er ein viktig del av immunforsvaret til kroppen. Det finst fleire typar kvite blodceller. Alle har til oppgåve å kjempe mot bakteriar, virus, sopp eller parasittar som har kome inn i kroppen.

Blodplater

Blodplatene bidreg til å stanse blødingar. Dei fester seg til den skadde blodåreveggen og dannar sambindingar som gjer at fleire blodplater klistrar seg saman til ein plugg. I tillegg blir det danna eit nettverk av proteintrådar som gjer at blodcellene klumpar seg saman (koagulerer). Koaguleringa av blodcellene forsterkar pluggen.

Blodplasma

Blodplasma er den delen av blodet som ikkje er celler. Blodplasma består av vatn og oppløyste stoff, mellom anna næringsstoff, avfallsstoff, ion og hormon. I tillegg inneheld plasmaet eit spesielt protein (fibrinogen) som verkar saman med blodplatene og stoppar blødingar.

Blod, vevsvæske og lymfe

Sjølv om kapillara er små, kan dei ikkje utveksle stoff direkte med kvar enkelt celle. Den siste etappen skjer gjennom vevsvæska, som er den klare, vassaktige løysninga som omgir alle cellene i kroppen.

Vevsvæske omgir cellene

Vevsvæske blir danna av blodplasma og inneheld dei stoffa som lett kan passere frå plasmaet gjennom kapillaråreveggen: vatn, gassar og små oppløyste stoff som glukose og ion. Blodplasma og vevsvæske har derfor relativt lik samansetjing. Den viktigaste forskjellen er at proteininnhaldet er mykje lågare i vevsvæska. Det kjem av at dei fleste plasmaproteina er for store til å passere gjennom åreveggen.

Ute i veva blir det transportert vatn mellom kapillara og vevet. Retninga på transporten blir bestemt av balansen mellom to motverkande krefter:

  • Blodtrykket er høgare enn væsketrykket til vevsvæska. Denne forskjellen gjer at vatn blir pressa ut av kapillara.

  • Blodplasmaet har større konsentrasjon av protein enn vevsvæska. Denne forskjellen gjer at vatn blir transportert inn i kapillara ved .

Ved starten av kapillara pressar blodtrykket meir vatn ut av kapillara enn det som blir transportert inn ved osmose. I den andre enden av kapillara er blodtrykket litt lågare (fordi væske har forlate kapillara). Dette gjer at meir vatn blir transportert inn i kapillara ved osmose enn det som forlèt kapillara på grunn av trykkforskjellar.

Væske som blir transportert mellom kapillarårer, vev og lymfeårer. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tenk gjennom
  • I eit bestemt organ i kroppen startar ein viktig livsprosess med at plasma blir pressa ut av kapillara på grunn av blodtrykket. Kva organ og kva prosess er det snakk om?

  • Har du lært om andre prosessar der osmose har betydning?

Utbreiinga av lymfesystemet i kroppen. Illustrasjon

Lymfe blir danna av vevsvæske

Ikkje all væske som blir pressa ut av kapillara, blir transportert direkte tilbake til blodstraumen. Hos ein vaksen, frisk person blir 20 liter væske pressa ut av kapillara kvar dag. Berre 17 liter blir transportert direkte tilbake til sirkulasjonssystemet. Resten blir ført tilbake til blodet via lymfesystemet. Lymfesystemet har eit nettverk av lymfeårer som samlar opp overskotsvæske frå vevet. Væska, som no blir kalla lymfe, blir transportert til vener nær hjartet, og der blir ho tømd i blodstraumen. Lymfa blir transportert gjennom lymfesystemet ved hjelp av kroppsmusklar som pressar på lymfeårene. Lymfeårene har klaffar som sørger for einvegs transport.

Samansetjinga av blod, vevsvæske og lymfe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2021

Læringsressursar

Transport i dyr