Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om transport hos dyr

Med desse oppgåvene kan du trene på viktige omgrep og på å beskrive prosessar knytte til transport hos dyr.

Oppgåve 1. Sirkulasjonssystemet

Teikn ei forenkla skisse av sirkulasjonssystemet til eit pattedyr. Set namn på hjartet og ulike hovudtypar av blodårer, og vis kva veg blodet sirkulerer. Vis på figuren kvar blodet er oksygenrikt, og kvar det er oksygenfattig.

Oppgåve 2. Dra og slepp

Oppgåve 3. Hjartet

  1. Du får utlevert eit pattedyrhjarte. Korleis kan du finne ut kva som er høgre og venstre side av hjartet?

  2. Teikn ei skisse som viser korleis ein elektrisk impuls spreier seg gjennom hjartet. Beskriv kva rolle sinusknuten og AV-knuten har i denne prosessen.

  3. Beskriv korleis hjartefrekvensen blir regulert.

  4. I kvile har Per ein hjartefrekvens på 72 slag per minutt og eit slagvolum på 70 ml. Kor stort er minuttvolumet?

  5. Kva betydning har klaffane i hjartet? Kva er det som avgjer om ein hjarteklaff er open eller lukka?

Oppgåve 4. Dra og slepp

Oppgåve 5. Dra og slepp

Oppgåve 6. Blodårene

  1. Forklar kva som er fordelen ved å ha

  • eit tjukt lag med elastisk bindevev i arteriane

  • eit relativt tjukt lag med glatt muskulatur i arteriolane

  • klaffar i venene

  • kapillar som består av berre eitt lag epitelceller

  1. Kva er fordelen ved at blodet har låg hastigheit gjennom kapillara?

  2. Kva forskjellar er det mellom arteriar og vener når det gjeld måten blodet blir drive framover på?

  3. Hos enkelte personar kan kransarteriane bli trongare og etter kvart tette. Kva kan dette føre til?

Oppgåve 7. Fleirvalsoppgåver

Oppgåve 8. Dra og slepp

Oppgåve 9. Sirkulasjonssystem

  1. Beskriv forskjellen på eit ope og eit lukka sirkulasjonssystem.

  2. Beskriv forskjellen på eit enkelt og eit dobbelt sirkulasjonssystem.

  3. Kva fordel gir eit lukka system samanlikna med eit ope system?

  4. Kva fordel gir eit dobbelt sirkulasjonssystem samanlikna med eit enkelt sirkulasjonssystem?

  5. Samanlikn sirkulasjonssystemet til dei ulike gruppene av virveldyr, og peik på likskapar og forskjellar.

  6. Utforminga av sirkulasjonssystemet er svært lik hos insekt og krepsdyr. Men dersom vi måler oksygeninnhaldet i hemolymfen til desse to dyregruppene, finn vi store forskjellar. Kva er årsaka?

Oppgåve 10. Blodet

  1. Beskriv samansetjinga av blodet.

  2. Kva er hovudoppgåvene til blodet?

  3. Kva er dei viktigaste forskjellane på samansetjinga av blod, lymfe og vevsvæske?

  4. Forklar kva det inneber at hemoglobin kan binde oksygen reversibelt.

  5. Kva innverknad har karbondioksid på hemoglobinet si evne til å binde oksygen? Kva betydning har dette i praksis?

Oppgåve 11. Dra og slepp

CC BY-SASkrive av Johan Vikan, Ragnhild Baglo og Tone Pedersen Rangul.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2021

Læringsressursar

Transport i dyr