Hopp til innhald

Fagstoff

Sirkulasjonssystemet til mennesket

Mennesket og alle andre pattedyr har eit lukka, dobbelt sirkulasjonssystem. Hovudoppgåvene til sirkulasjonssystemet er transport og regulering av kroppstemperatur.
Sirkulasjonssystemet i hjarte og overkropp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudfunksjonane til sirkulasjonssystemet er transport og temperaturregulering

Sirkulasjonssystemet har fleire viktige oppgåver. Dette er dei viktigaste:

  • transport av oksygen og næringsstoff til cellene i tråd med cellene sitt vekslande behov

  • transport av karbondioksid og avfallsstoff frå cellene

  • transport av hormon frå produksjonsstaden og ut til målcellene der dei skal verke
  • transport av kvite blodceller og antistoff som beskyttar mot infeksjonar

  • regulering av kroppstemperatur

Regulering av kroppstemperatur

Varmetapet til omgivnadene blir påverka av korleis blodstraumen blir fordelt mellom kroppsoverflata og kroppskjernen. Sirkulasjonssystemet har derfor ei viktig rolle i reguleringa av kroppstemperatur. Dersom kroppen har behov for å kvitte seg med varme, til dømes ved fysisk aktivitet, aukar blodstraumen til kroppsoverflata. Dersom kroppen derimot treng å spare på varmen, minkar blodstraumen til kroppsoverflata.

Teikning som viser korleis blodgjennomstrøyminga til hudkapillara påverkar varmetapet til omgivnadene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbygging

Skjematisk teikning av sirkulasjonssystemet til eit pattedyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pattedyrhjartet er delt i ei høgre og ei venstre side. Kvar av desse består av eit framkammer og eit hjartekammer. Blodet blir pumpa gjennom eit samanhengande, lukka nettverk av blodårer. Vi skil mellom tre hovudtypar blodårer på bakgrunn av oppbygging og funksjon: arteriar, kapillar og vener. Vi kjem nærare tilbake til oppbygginga av hjartet og blodårene i eigne fagartiklar.

Sirkulasjonssystemet er eit dobbelt krinsløp. I det vesle krinsløpet, lungekrinsløpet, blir oksygenfattig blod pumpa frå høgre side av hjartet ut til lungene, der det tek opp oksygen. Det oksygenrike blodet returnerer til venstre side av hjartet. I det store krinsløpet, kroppskrinsløpet, blir det oksygenrike blodet pumpa frå venstre side av hjartet ut til alle organa i kroppen, der det gir frå seg oksygen til cellene. Det oksygenfattige blodet returnerer til høgre side av hjartet. Eit dobbelt krinsløp inneber altså at blodet passerer hjartet to gonger per omløp i sirkulasjonssystemet.

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Transport i dyr