Oppbygginga og funksjonen til blodårene
Vi skil mellom tre hovudtypar av blodårer etter kvar i krinsløpet vi finn dei:
Arteriar og arteriolar leier blodet frå hjartet til organa.
Kapillarårer leier blodet gjennom organa.
Vener og venolar leier blodet frå organa til hjartet.
Vener og arteriar har same grunnstruktur. Inst, mot blodet, har blodåra eitt tynt lag med epitelceller. I tillegg består åreveggen av eit lag med elastisk bindevev og eit lag med glatt muskulatur. Dei ulike blodårene har varierande mengd muskel- og bindevev. Forskjellane heng saman med kva oppgåver blodårene har.
Blodet som blir pumpa ut av venstre hjartekammer, skal ut til organa i kroppen og må derfor ha høgt trykk. Arteriane må vere bygde slik at dei både toler og held oppe det høge blodtrykket.
Arteriane har mykje elastisk bindevev som gjer at dei utvidar seg når hjartet slår og blodet trykkjer mot åreveggen. Arteriane trekkjer seg deretter passivt saman når hjartet slappar av, slik at blodet blir pressa vidare mot organa.
Trykket i arteriane vekslar altså i takt med at hjartet slår og slappar av. Når du tek pulsen på ein person, er det desse trykkendringane du kjenner.
Arteriane forgreinar seg til arteriolar. Arteriolane har meir glatt muskulatur og mindre elastisk bindevev enn arteriane. Den glatte muskulaturen blir brukt til å regulere diameteren på åra, og dermed blodstraumen inn til dei ulike organa. Sidan blodtrykket er lågare, har arteriolar mindre elastisk bindevev enn arteriar.
Arteriolane forgreinar seg til milliardar av ørsmå kapillarårer. Kapillarveggen består av eitt enkelt cellelag, og kvar enkelt åre har ein diameter på storleik med ei raud blodcelle (cirka 0,001 mm). Blodet flyt langsamt gjennom kapillara, og avstanden mellom ei celle og næraste kapillar er kort. Låg fart, tynn vegg og korte avstandar gir gode vilkår for effektiv diffusjon av stoff mellom blodet og cellene i kroppen.
Blodet frå kapillara blir samla opp i gradvis større vener. Venene har tynnare vegg med mindre muskulatur enn arteriar og arteriolar. Dette heng saman med at blodtrykket er lågt, og at venene ikkje skal fordele blod, men samle det opp.
Venene har klaffar som skal sikre at blodstraumen går éin veg. Når musklane i kroppen klemmer på venene, blir blodet pressa i begge retningar. Klaffane sørgjer for at blodet strøymer i rett retning, slik figuren viser.