Hopp til innhald

Fagstoff

Sirkulasjonssystemet hos ulike virveldyr

Hos fiskar pumpar hjartet blodet i eitt enkelt krinsløp. Hos pattedyr/fuglar er hjartet delt i ei høgre og ei venstre side som pumpar blod til kvart sitt krinsløp: lunge- og kroppskrinsløpet. Organiseringa i enkelt eller dobbelt krinsløp har viktige konsekvensar for stoffskiftet.
Skjematisk teikning av sirkulasjonssystemet hos dei ulike gruppene av virveldyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Enkelt eller dobbelt krinsløp

Enkelt krinsløp inneber at blodet passerer hjartet éin gong per runde i sirkulasjonssystemet. Dobbelt krinsløp inneber at blodet passerer hjartet to gonger per runde i sirkulasjonssystemet.

Fiskar har enkelt krinsløp

Skjematisk teikning av sirkulasjonssystemet hos fiskar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjartet til ein fisk består av to kammer: eitt framkammer og eitt hjartekammer. Hjartet pumpar oksygenfattig blod til gjellene. Der tek blodet opp oksygen, før det blir transportert vidare ut til vev og organ. Deretter blir det transportert tilbake til hjartet.

Sidan gjellene og organa kjem etter kvarandre, må hjartet skape nok trykk til å transportere blodet gjennom begge. Når blodet blir pressa gjennom gjellene, fell blodtrykket. Det gjer at trykket som skal drive blodet gjennom resten av kroppen, blir lågt. Denne organiseringa gjer dermed at transporten av blod til organa går relativt sakte.

Landlevande virveldyr har dobbelt krinsløp

Amfibium, krypdyr, fuglar og pattedyr har dobbelt krinsløp. Dette inneber at hjartet pumpar blodet ut i to krinsløp:

  • eit kroppskrinsløp som leier blod til og frå organa i kroppen

  • eit lungekrinsløp som leier blod til og frå lungene

Fordelen med denne organiseringa, samanlikna med enkelt krinsløp, er at hjartet kan gi blodet ein ekstra "dytt" på vegen frå lungene til organa.

Amfibium og krypdyr har to krinsløp som er ufullstendig skilde

Skjematisk teikning av sirkulasjonssystemet hos amfibium og krypdyr. Raud farge symboliserer oksygenrikt blod. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjartet til amfibium og krypdyr har to framkammer. Venstre framkammer får oksygenrikt blod frå lungene, mens høgre framkammer får oksygenfattig blod frå kroppen. Amfibium har eitt hjartekammer, mens dei fleste krypdyr har eit delvis delt hjartekammer. Denne oppbygginga av hjartet inneber at lunge- og kroppskrinsløpet ikkje er fullstendig skilde. Vi kjem tilbake til konsekvensane av dette nedanfor.

Pattedyr og fuglar har to fullstendig skilde krinsløp

Skjematisk teikning av sirkulasjonssystemet hos pattedyr og fuglar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hos pattedyr og fuglar er hjartekammeret delt i to av ein fullstendig skiljevegg. Dette inneber at lungekrinsløpet er heilt skilt frå kroppskrinsløpet, i motsetnad til hos amfibium og krypdyr.

Kva konsekvensar har delinga av hjartekammeret?

Amfibium og dei fleste krypdyr har eit ope samband mellom lungekrinsløpet og kroppskrinsløpet i hjartekammeret. Dette gjer at oksygenrikt blod frå lungene kan blandast med oksygenfattig blod frå kroppen, og at blodet ut til organa kan få eit lågare oksygeninnhald. Det viser seg likevel at blodstraumane frå venstre og høgre framkammer blir haldne relativt godt skilde gjennom hjartekammeret hos både amfibium og krypdyr.

Kva anna kan pattedyr og fuglar oppnå med ei fullstendig deling av hjartekammeret? Den viktigaste konsekvensen er at høgre og venstre side av hjartet kan fungere som separate pumper for kvart sitt krinsløp. Dette inneber at venstre side av hjartet kan pumpe med større kraft og skape høgare blodtrykk i kroppskrinsløpet utan at trykket samtidig aukar i lungekrinsløpet:

  • Høgt blodtrykk i kroppskrinsløpet sørgjer for effektiv forsyning av oksygen og næringsstoff til cellene, noko som er ein føresetnad for eit høgt aktivitetsnivå og ein høg konstant kroppstemperatur.

  • Høgt blodtrykk i lungekrinsløpet kan føre til at blodplasma blir pressa ut av lungekapillara og over i alveolane. Når alveolane blir fylte med væske, avtek gassutvekslinga dramatisk. Denne alvorlege tilstanden blir kalla lungeødem og oppstår av og til som følgje av hjartesjukdom.

Tenk gjennom

Kvifor avtek gassutvekslinga dramatisk når alveolane blir fylte med væske?

CC BY-SASkrive av Johan Vikan og Jan Eivind Østnes.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Transport i dyr