Hopp til innhald

Fagstoff

Sirkulasjonssystem

Dyr over ein viss storleik har eit sirkulasjonssystem som sørger for transport av stoff over større avstandar. Sirkulasjonssystemet består av ei væske, eit røyrsystem og ein pumpemekanisme. Dei fleste virvellause dyr har eit ope system, mens virveldyr har eit lukka system.
Teikning som viser oppbygginga av sirkulasjonssystemet til ein meitemark. Illustrasjon.

Funksjonen til sirkulasjonssystemet

Alle organismar må utveksle stoff mellom cellene og miljøet. Diffusjon kan vere ein tilstrekkeleg effektiv transportmekanisme dersom avstanden er mindre enn nokre få millimeter. Transport over større avstandar føreset at organismen har eit eige transportsystem. Dei fleste dyr har derfor eit eige sirkulasjonssystem som fraktar stoff mellom cellene og utvekslingsoverflatene, og mellom ulike delar av organismen.

Oppbygginga av eit sirkulasjonssystem

Sirkulasjonssystem har fleire fellestrekk:

  • Transportmedium. Stoffa blir transporterte i ei eigna væske, til dømes blod, som beveger seg over store avstandar med mykje større hastigheit enn diffusjonshastigheita til stoffa.

  • Røyrsystem. Heile eller delar av transporten skjer gjennom spesialiserte røyr (blodårer) som forgreinar seg til ulike delar av organismen.

  • Pumpemekanisme. Ein pumpemekanisme skaper trykkforskjellar som driv væska gjennom røyra, ut til vev og organ. Pumpemekanismen kan bestå av kroppsmusklar som klemmer på blodårene, og/eller eitt eller fleire spesialiserte pumpeorgan (hjarte).

  • Klaffar. I tillegg vil sirkulasjonssystemet ha eit system av ventilar (klaffar) som sørger for einvegs transport.

Prinsippskisse av eit sirkulasjonssystem. Illustrasjon.

Vi skil mellom to hovudtypar av sirkulasjonssystem.

Opne og lukka sirkulasjonssystem

Prinsippskisser av ope og lukka sirkulasjonssystem. Illustrasjon.

Virvellause dyr har opne sirkulasjonssystem

Dei fleste har eit ope sirkulasjonssystem. Dette inneber at den sirkulerande væska blir pumpa gjennom blodårer som endar ope i kroppshola. I kroppshola blir væska blanda med vevsvæska og strøymer meir eller mindre fritt før ho returnerer til hjartet gjennom opningar med klaffar. Den sirkulerande væska blir kalla .

Virveldyr har lukka sirkulasjonssystem

har eit lukka sirkulasjonssystem. Dette inneber at den sirkulerande væska (blod) blir transportert gjennom eit samanhengande blodåresystem. Blodet blir pumpa ut i som forgreinar seg til stadig tynnare blodårer før dei endar i eit nettverk av . I kapillara blir stoff utveksla mellom blodet og cellene. Frå kapillara strøymer blodet over i som leier blodet tilbake til hjartet. På denne måten blir blodet halde åtskilt frå vevsvæska. Dei to væskene har derfor svært ulik samansetjing.

I eit lukka system returnerer blodet raskare til hjartet enn i eit ope system. I tillegg gjer eit lukka system det i større grad mogleg å regulere blodstraumen til ulike organ etter behov. Lukka system blir derfor rekna for å vere meir effektive enn opne system.

Teikning av insekt med ope sirkulasjonssystem. Illustrasjon.
CC BY-SASkrive av Johan Vikan og Jan Eivind Østnes.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2023

Læringsressursar

Transport i dyr