Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Disseksjon av hjarte frå pattedyr

Ved å dissekere hjarte frå eit pattedyr kan du lære mykje både om anatomien til hjartet og om funksjonen til hjartet. I denne øvinga skal du undersøke eit hjarte både utvendig og innvendig.

Innleiing

Eit hjarte halde av to hender. Foto.

Alle pattedyrhjarter er bygde på same måte. I denne undersøkinga kan de bruke hjarte frå gris, sau eller storfe, avhengig av kva som er tilgjengeleg frå slakteriet. Grisehjartet er omtrent like stort som menneskehjartet. Hjartet til sau er litt mindre, mens storfe har større hjarte.

Til læraren

Det kan vere lurt å informere slaktaren om at materialet skal brukast til undervisning, og at det derfor må vere så intakt som mogleg. Be spesielt om at lengre bitar av dei store blodårene inn og ut av hjartet blir med.

Dersom du bestiller hjarteslag, vil vanlegvis årene inn og ut av hjartet vere meir intakte. Vi tilrår å bestille hjarteslag viss det er mogleg, og gjerne eitt hjarteslag per to eller tre elevar. Hjarteslag er eit namn slaktarar bruker på hjarte, luftrøyr, matrøyr og lunger som heng saman. Lungene kan eventuelt frysast ned og bli undersøkte separat. Du kan òg klippe ut ringar av vener og arteriar (cirka to til tre mm per ring) og eventuelt fryse ned. Ringane kan elevane bruke til å studere elastisiteten til blodårene.

Anatomisk korrekt teikning av eit lengdesnitt av hjartet som viser plasseringa av dei fire kammera og dei store venene og arteriane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
To elevar med kvite frakkar fotograferer eit hjarte i ein plastbakke. Foto.

Om sjølve undersøkinga

Nærbilete av eit hjerte der opne forkammer og snitt av arteriar er tydelege. Foto.

Undersøkinga består av ei utvendig og ei innvendig undersøking av hjartet. Pass på at de ikkje byrjar å skjere i hjartet før de er ferdig med den utvendige undersøkinga.

I undersøkinga skal de identifisere mange ulike delar av hjartet. Det er viktig at de undervegs tek dykk tid til å reflektere over verkemåten og funksjonen til dei ulike delane.

Ta òg notat undervegs, og dokumenter observasjonane dykkar med bilete. Det kan vere lurt å fordele arbeidet i gruppa, slik at ein elev har hovudansvaret for notat og ein annan for å ta bilete.

Del 1. Hjarteslag

Dersom de ikkje har fått utlevert hjarteslag, startar de med del 2 av undersøkinga.

  1. Legg hjarteslaget på pulten slik de meiner det er orientert når dyret ligg på ryggen. Identifiser dei ulike organa.

  2. Korleis kan de sjå og kjenne forskjell på matrøyr og luftrøyr? Kvifor er dei ulikt bygde?
  3. Klem forsiktig på lungene. Korleis kjennest lungevevet ut?
  4. Lag eit snitt i luftrøyret på nedsida av strupehovudet. Stikk inn ein slange og tett godt rundt med handa. Blås i slangen. Kva skjer? (Vask røyret med sprit før neste elev prøver.) I filmen under kan de sjå griselunger som blir blåste opp.

  5. Skjer laus hjartet frå hjarteslaget. Pass på at de får med lange bitar av vener og arteriar.

Del 2. Utvendig undersøking av hjartet

To elever dissekerer grisehjerte. Foto.
  1. Orienter hjartet slik at det ligg same veg som i kroppen dykkar. Korleis veit de at de har orientert hjartet rett veg? Beskriv fasongen og konsistensen til hjartet.
  2. Veg hjartet og noter vekta. Rekn ut gjennomsnittsvekta for hjarta i klassen og kor mykje vekta varierer frå hjarte til hjarte. Kva trur de er den viktigaste årsaka til variasjonen i vekt?

  3. Dersom de har ein vasspring som er tilkopla slangar, kan de spyle vatn inn i dei store årene og observere om/kvar vatnet kjem ut. Kva finn de ut ved å gjere dette?

  4. Finn ut kor mange store årer som går inn og ut av hjartet, og kvar dei er plasserte. Finn de igjen årene frå hjartemodellen under? (De kan snu på modellen og zoome inn og ut.) Undersøk årene med omsyn til veggtjukne, diameter og elastisitet. Kva forskjellar er det på årene, og kva betydning har desse forskjellane?

  1. Finn kransarteriar. Legg merke til korleis dei er plasserte, og kor store dei er.

  2. Kransarteriane går ut frå aorta ved overgangen mellom aorta og venstre hjartekammer. Dersom de klipper varsamt i aorta, kan de kanskje finne forgreiningar til to kransarteriar. Kva kan vere fordelen med at kransarteriane startar frå aorta og ikkje direkte frå venstre hjartekammer?

  3. Dersom de klipper opp aorta og lungearterien, vil de kunne sjå klaffane mellom hjartekammera og arteriane. Desse klaffane blir kalla lommeklaffar. Undersøk og diskuter korleis lommeklaffane verkar.

  4. Kvar, omtrent, ligg sinusknuten?

Del 3. Innvendig undersøking av hjarte

Det er fleire måtar å dissekere eit hjarte på, avhengig av kva de vil undersøke. De kan til dømes dissekere hjartet med eit lengdesnitt eller eit tverrsnitt. Det er viktig at de skjer/klipper forsiktig og litt av gongen. Samarbeid gjerne med ei anna gruppe og disseker eitt av hjarta med lengdesnitt og eitt med tverrsnitt.

Hjarte innvendig – lengdesnitt

Stipla linje som viser korleis ein kan lage eit lengdesnitt i eit hjarte. Illustrasjon.
  1. Lag eit snitt gjennom hjartet, slik figuren viser, frå toppen av hjartet mot botnen. Skjer svært forsiktig og bruk ein sylskarp skalpell.
  2. Brett dei to halvdelane frå kvarandre. Viss de finn klumpar med mørkt, delvis storkna blod inni hjartet, fjernar de dette varsamt. Kan de finne høgre og venstre hjartekammer? Kva funksjon har veggen mellom dei to hjartekammera?
  3. Mål tjukna på ytterveggene til venstre og høgre hjartekammer, og skriv tala inn i ein tabell på tavla. Når alle hjarta er målte, kan de rekne ut gjennomsnittleg veggtjukne. Er det nokon vesentleg forskjell? Kvifor / kvifor ikkje?
  4. Korleis ser muskulaturen ut på innsida av hjartekammera?
  5. Kan de finne klaffar mellom for- og hjartekammera? Desse klaffane blir kalla seglklaffar, ser de kvifor? Undersøk og diskuter korleis seglklaffane fungerer.

Hjarte innvendig – tverrsnitt

Stipla linje viser korleis ein kan lage eit tverrsnitt i hjartet. Illustrasjon.
  1. Start øvst og kutt (eller klipp) ei éin cm tjukk skive på tvers av hjartet. Undersøk snittflata, og identifiser så mange strukturar som mogleg.

  2. Når hjartekammera blir synlege, kan de bruke ei eingongssprøyte med vatn til å måle volumet av kammera. Er det nokon vesentleg forskjell i volum på høgre og venstre hjartekammer? Kvifor / kvifor ikkje?

  3. Hald fram med å kutte éin cm tjukke skiver av hjartet heilt til spissen av hjartekammera. Ta bilete, og identifiser så mange strukturar de kan, undervegs. Legg skivene etter kvarandre i rett rekkjefølge.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Transport i dyr