Hopp til innhald

Fagstoff

Slik føregår eksamen i biologi 1

I biologi 1 kan du bli trekt ut til munnleg-praktisk eksamen. Finn ut korleis eksamen føregår, slik at du kan førebu deg best mogleg.
Ung mann sit ved eit bord og snakkar med ei kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksamenstrekk

I biologi 1 kan du bli trekt ut til å ha munnleg-praktisk eksamen. Å bli trekt ut betyr at det er tilfeldig kven som blir trekt ut til å ha eksamen. På ein munnleg-praktisk eksamen skal du vise kva du kan, gjennom ein samtale med faglæraren din. Den praktiske delen handlar gjerne om å gjennomføre eit forsøk.

Du får vite om du er trekt ut, 48 timar før eksamen.

Førebuing

Når førebuingstida startar, får du utdelt oppgåva. Varigheita på førebuingstida varier etter kva fylke du skal ta eksamen i. Dei fleste fylka har førebuingstid på 24 eller 48 timar, mens nokre har 45 minutt. Vanlegvis er alle hjelpemiddel tillatne i førebuingstida.

Ta kontakt med skulen der du skal ta eksamen, for å få informasjon om kva som gjeld i fylket ditt.

Korleis blir eksamen organisert i dei ulike fylka?

Retningslinjer for munnleg-praktisk eksamen for dei enkelte fylka

Eksamensoppgåva

Eksamensoppgåva kan bestå av fleire deloppgåver. Ho skal dekke sentrale delar av faget og vere knytt til kompetansemåla i faget. Du får òg oppgitt praktiske oppgåver som du skal førebu deg på. Det er faglæraren din som lagar oppgåva, i samarbeid med ein lærar frå ein annan skule.

Kjenneteikn på måloppnåing

I tillegg til oppgåva får du utdelt kjenneteikn på måloppnåing i faget. Desse tek faglærar og sensor utgangspunkt i når dei set karakter etter eksamen.

Døme på kjenneteikn for måloppnåing for naturfag vg1 SF på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Eksamen

Det er faglæraren din som er eksaminator under eksamen. I tillegg vil det vere ein faglærar frå ein annan skule til stades. Vedkommande er sensor og skal saman med faglæraren din vurdere kva karakter du skal få.

Du gjennomfører eksamen utan hjelpemiddel, bortsett frå det du treng til ein eventuell presentasjon. Nødvendig utstyr for å gjennomføre aktuelle forsøk vil vere tilgjengeleg i eksamenslokalet.

Viss du har valt å lage ein presentasjon, kan du bruke noko tid på å presentere denne, til dømes ti minutt.

Vurdering

Etter eksamen vurderer eksaminator og sensor kva kompetanse du har fått visst i løpet av eksamen. Kompetansen blir mellom anna vurdert ut frå kompetansemåla i læreplanen. Dei bruker dei same kjenneteikna på måloppnåing i faget som du fekk utdelt før eksamen, som hjelp. Viss du har laga ein presentasjon, så er det ikkje det du har laga, som blir vurdert, men det du viser av kompetanse på sjølve eksamen.

Lykke til med eksamen!

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2024

Læringsressursar

Eksamen