Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Vi undersøker immunceller

I dette forsøket skal du bli betre kjend med kroppen sitt forsvar mot smitte ved å studere kvite blodceller. Analysar av kvite blodceller kan brukast både til å stille diagnosar, til å vurdere kor alvorleg ein infeksjon er, og til å vurdere effekten av behandling.
Ein sjukepleiar møter pasientar på venterommet på legekontoret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon

Det finst mange typar kvite blodceller. I mikroskop kan vi kjenne dei att på utsjånaden og på at dei tek opp ulike fargestoff.

Segmentkjerna granulocyttar

Segmentkjerna granulocyttar har lappedelt, uregelmessig cellekjerne og mange korn (granula) i cytoplasma. Denne gruppa omfattar følgande:

Tre ulike typar kvite blodceller med ulikt tal små korn og lappedelte, uregelmessige kjernar: nøytrofil, basofil og eosinofil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • nøytrofile granulocyttar: som er "først på åstaden", den mest talrike typen av kvite blodceller ved ein

  • basofile og eosinofile granulocyttar: celler som skil ut stoff som fremmar betennelse

Mononukleære celler

Mononukleære celler har rund cellekjerne og manglar korn i cytoplasma. Denne gruppa omfattar mellom anna følgande:

Tre runde former som skal førestille ulike typar kvite blodceller. Makrofagar har bølgete overflate, lymfocyttar har glatt overflate, og dentrittiske celler har ei overflate som dannar lange, tynne utvekstar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • makrofagar: store, runde fagocyttar

  • lymfocyttar: små celler som har stor, kulerund kjerne og høyrer til det spesifikke immunforsvaret

  • dendrittiske celler: fagocyttar med mange og lange utløparar

Formål

I dette forsøket skal du bli kjend med kroppen sitt forsvar mot smitte ved å studere kvite blodceller.

Sikkerheitsrutinar i arbeid med blod
  • Elevane skal sitje åleine og berre jobbe med eigne blodprøvar.
  • Bruk sterile blodlansettar eller blodstikkarar til eingongsbruk.
  • Set plaster på stikket for å hindre blodsøl.

  • Blodsøl skal desinfiserast med eit godkjent desinfeksjonsmiddel som drep virus. Kloricid eller 70 % etanol er godt eigna.

  • Læraren samlar inn skarpe gjenstandar som glas og stikkreiskapar i ein solid behaldar av kartong, tjukk plast eller glas. Denne må lukkast godt før han kan kastast i restavfallet.

    Anna avfall med blod skal samlast i ein pose som må knytast igjen før han kan kastast i restavfallet.

    (Obs! Regelverket for handtering av biologisk avfall blir bestemt av kvar kommune. Sjekk med kommunen din om dette er ein godkjend måte å levere avfallet på.)

Del 1. Undersøk ditt eige immunforsvar

Bilete teke gjennom okularet til eit mikroskop. Preparatet er eit farga blodutstryk som viser konturane av tallause raude blodceller og to lillafarga kvite blodceller. Foto.
  1. Stikk eit hol på sida av ein finger, og klem ut ein bloddrope.
  2. Plasser bloddropen på eit objektglas, og stryk han utover med eit anna objektglas. Bloddropen bør vere så tynn som mogleg.

  3. La blodet tørke i cirka fem minutt ved romtemperatur. Blodet må vere heilt tørka før du går vidare.

  4. Plassar to dropar metylenblått på den tørre bloddropen, og la det ligge i to minutt. Skyl glaset varsamt med destillert vatn til all overskotsfarge er fjerna. Legg over dekkglas.

  5. Sjå på preparatet under mikroskop med lita forstørring. Auk deretter forstørringa.

    1. Kva ser du?

    2. Kva celler tek opp farge, og kva celler tek ikkje opp farge?

    3. Korleis ser du forskjell på raude og kvite blodceller?
    4. Kan du sjå blodplater? (Diameteren til blodplatene er berre ca. 20 % av diameteren til raude blodceller.)

    5. Bruk mikroskopipreparatet ditt til å anslå forholdet mellom talet på kvite og raude blodceller.

  6. Ta bilete av blodcellene gjennom okularet med mobiltelefonen eller eit fotoapparat. Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon.

Resultat og spørsmål

  • Kva er funksjonen til dei ulike blodcellene?

  • Kvifor er det berre dei kvite blodcellene som tek opp metylenblått?

  • Kva er oppgåva til immunforsvaret?

  • Teljing av ulike typar kvite blodceller kan gi mykje informasjon. Diskuter kva desse observasjonane kan bety:

    • Ein pasient har fleire nøytrofile granulocyttar enn det som er vanleg.

    • Talet på kvite blodceller hos ein pasient har blitt mindre etter at pasienten begynte på ein antibiotikakur.

    • Ein hivpositiv pasient har hatt eit fallande tal lymfocyttar over tid.

    • Talet på kvite blodceller har begynt å auke etter ein beinmergstransplantasjon.

Del 2. Kva feilar det pasienten?

Jente ser trist ut og held den eine handa mot panna. Foto.

Ein pasient kjem inn på legekontoret. Pasienten er ei kvinne på 23 år. Ho fortel at ho har svidande smerter når ho tissar, og at ho må oftare på do enn til vanleg. Ho forklarer at ho også har hatt feber og magesmerter. Ho har hatt liknande symptom tidlegare, men aldri så kraftige som no.

Som lege undersøker du pasienten og ber ho gå på toalettet for å ta ein urinprøve. På grunn av magesmertene bestiller du også ei mikroskopisk undersøking av urinprøven, urincytologi, for å avkrefte at det er noko alvorleg.

  • Urinprøve er ei undersøking av urinen med utgangspunkt i observasjonar som lukt, farge og kjemiske reaksjonar. Ein papirstrimmel tilsett ulike kjemiske stoff, urinstiks, blir brukt til kjemisk undersøking.

  • Urincytologi er ei undersøking der ein studerer enkeltceller i urinen under mikroskop. Urinprøven blir send til eit mikrobiologisk laboratorium, der eventuelle bakteriar i urinen blir dyrka fram. Det blir laga eit mikroskopipreparat av urinprøven, og denne blir farga og studert under mikroskop.

Resultat og spørsmål

  • Kva informasjon kan ein urinprøve gi?

  • Urinprøven til pasienten har ein bleik farge, er grumsete og har ei stram lukt. Leit på internett, og finn ut kva sjukdommar som kan gi slike symptom i urinen.

  • Finn ut meir om urincytologi. Når er det aktuelt å gjennomføre ei slik undersøking?

  • Kva informasjon kan du forvente å hente ut frå ein urincytologi?

  • Studer resultatet av urincytologien i biletet under.

    1. Forklar kva du ser.

    2. Kva celletypar finn du?

    3. Kan du observere mikroorganismar i ein urincytologi?

Celler der cellekjernen er synleg. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kva diagnose vil du stille til pasienten? Grunngi diagnosen du har stilt. Hugs å inkludere alle symptoma.

  • Gi ei beskriving av sjukdommen og kva som kan ha forårsaka han.

  • Foreslå ei eventuell behandling for pasienten.

Nysgjerrigper!

Under finn du resultatet av urincytologien til ein annan pasient, pasient B.

Pasient B har fått same diagnose som pasient A.
Studer resultatet frå urincytologien til pasient B, og forklar kvifor diagnosen er den same.

Celler med synleg cellekjerne. Nokre celler skil seg ut ved at dei har ein annan farge enn dei fleste andre. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alternativ måte å jobbe med denne aktiviteten på

Denne aktiviteten kan også gjennomførast som eit rollespel. Set saman grupper på fire elevar.

Gi elevane ulike roller:

  • lege som undersøker pasientane og stiller diagnose

  • helsesekretær som gjennomfører undersøkingane og formidlar resultata til legen

  • pasient A

  • pasient B

Sett av litt tid i forkant, slik at elevane kan førebu rollene sine. Pasientane kan til dømes vere tilbakehaldne med opplysningar, lyge openlyst, overdrive, vere kranglete eller stille faglege spørsmål.

Gjennomfør legebesøket som eit rollespel.

CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO, Camilla Øvstebø og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2022

Læringsressursar

Immunforsvar