Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag

Bruk målingar frå eit interaktivt kart, og vurder miljøtilstanden i vatn og vassdrag som ligg i nærområdet ditt eller i andre delar av landet.

I karta over finn du målingar av biotiske og abiotiske faktorar for vatn og vassdrag i heile Noreg.

Oppgåver

  1. Klikk på dei blå sirklane eller blå linjene ved dei lokalitetane du vil undersøkje nærare, for å finne dei målingane som er gjorde. Legg merke til at det er gjort ulike typar målingar på lokalitetane. De må rekne med å leite litt for å finne lokalitetar som kan samanliknast. Målingane kan eksporterast til rekneark.
  2. Bruk vasskvalitetstabellen hos Miljolare.no til å vurdere om innsjøen er påverka av til dømes overgjødsling, sur nedbør eller miljøgifter.

    For å vurdere førekomsten av miljøgifter kan de bruke grenseverdiane i tabell 3.1 og 3.3 i Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota frå Miljødirektoratet.

  3. Vel ut nokre innsjøar som du samanliknar nokre sjølvvalde parametrar for.

    Vel til dømes innsjøar som
    • ligg i same kommune
    • ligg i ulike delar av landet (ulike økoregionar)
    • høyrer til ulike klimaregionar (høgd over havet)
    • har ulik storleik
    • har ulik djupne
    • ligg nær tettbygde strok, industri eller anna
  4. Lag ei oversikt som gjer det lett å samanlikne tilstanden i ulike innsjøar. De kan til dømes lage grafiske framstillingar som viser måleverdiar over tid på same lokalitet, eller som samanliknar ulike lokalitetar. Finn ut korleis dei ulike parametrane kan påverke plante- og dyrelivet i vatnet.
  5. Presenter det de finn ut, for kvarandre eller for andre på skulen. De kan til dømes lage ei utstilling med plakatar eller setje saman ein digital presentasjon med det de har funne ut.

Relatert innhald

Kjelder

Miljødirektoratet. (2018, 1. juni). Klassifisering av miljøtilstand i vann. Økologisk og kjemisk klassifiseringssystem for kystvann, grunnvann, innsjøer og elver. Henta frå https://www.vannportalen.no/link/968aa34a52954269833858d861fecf00.aspx

Miljødirektoratet. (2020, 30. oktober). Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota – revidert 30.10.2020. Henta frå https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/m608/m608.PDF

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Økologi