Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Gassutveksling hos plantar

I denne aktiviteten skal du bruke ein pH-indikator til å påvise at planten forbruker CO2 i fotosyntesen og skil ut CO2 i fråvære av fotosyntese.
Vassplantar i akvarium. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med forsøket er å vise at plantar tek opp CO2 gjennom fotosyntese og skil ut CO2 i fråvære av fotosyntese.

Viktig bakgrunnskunnskap

I fotosyntesen bruker planten CO2 til å byggje glukose. I celleanding blir CO2 danna når glukosen blir broten ned. Fotosyntese skjer berre i lys, mens celleanding skjer heile tida.

I dette forsøket bruker vi ein pH-indikator, bromtymolblå (BTB), for å måle gassutvekslinga til ein vassplante. Når CO2 reagerer med vatn, blir det danna karbonsyre. Dette fører til lågare pH-verdi i løysninga. Når CO2 blir fjerna frå vatn, aukar pH-verdien i løysninga. BTB er gul i sure løysningar, blå i basiske løysningar og grøn i nøytrale løysningar. Dette gjer at du kan observere utvekslinga av CO2 gjennom fargeendringane i BTB-løysninga som planten står i.

Figur som viser farge og pH-verdi i BTB-løysningar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging og gjennomføring

Førebuande aktivitet

Til sjølve forsøket vil du trenge både gul og blå BTB-løysning. Lag først ei tynn, svakt blå BTB-løysning. BTB-løysninga er i utgangspunktet blå, så du treng berre å blande ut nokre dropar i vatn. Hell deretter halvparten av denne BTB-løysninga over i eit eige glas. Blås forsiktig luft inn i denne løysninga med eit sugerøyr til løysninga blir gul. Kan du forklare kvifor løysninga endrar farge?

Utstyr

  • vassplante, til dømes ein akvarieplante

  • gul og blå BTB-løysning, som du lagar slik det er beskrive ovanfor

  • reagensrøyr eller -glas til plantane

  • parafilm eller liknande til å forsegle reagensrøyr eller -glas

  • aluminiumsfolie eller liknande som kan brukast til å kontrollere lystilgang

  • lyskjelder

Planlegging

Når du har gjort deg kjend med korleis fargen på BTB-løysninga endrar seg avhengig av CO2-innhaldet, kan du planleggje eit forsøk som viser at planten tek opp CO2 i lys og skil ut CO2 i mørke.

Du kan fylle reagensrøyret med gul eller blå løysning og velje om planten skal stå i lys eller mørke. Du kan òg velje å ha nokre røyr med BTB-løysning utan plantar. (Kva kan du i så fall oppnå med det?)

Før du set i gang, bør du òg tenkje gjennom kva for nokre andre faktorar som kan påverke resultatet, og som du derfor bør halde mest mogleg like frå eksperiment til eksperiment.

Teikning av reagensglas med vassplante i blå og gul BTB-løysning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring

Dersom forsøket er planlagt på førehand og alt utstyret er klart, kan du setje i gang forsøket og få tydelege fargeforandringar i løpet av ein skuletime.

Diskusjonsoppgåver

Korleis kan det påverke resultata dersom du gløymer å forsegle røyra?

Nokre elevar har fått resultat som er vanskelege å tolke, sjå nedanfor. Kan du gi ei mogleg forklaring på desse resultata?

  • Elevane brukte ulik mengd BTB då dei laga løysningane. Dei som brukte ei meir konsentrert BTB-løysning (ein meir metta blåfarge), fekk eit anna resultat enn dei som starta med ei tynnare BTB-løysning.

Teikning som viser vassplantar i løysningar med ulik BTB-konsentrasjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Elevane brukte ulike mengder av vassplanten. I eitt reagensglas var det brukt store mengder av vassplanten. Fargen skifta meir i glaset der det var lite av planten.

Teikning av vassplantar i løysningar med ulik BTB-konsentrasjon. Teikninga viser at ulik mengd av vassplanten påverkar resultatet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2021

Læringsressursar

Gassutveksling