Hopp til innhald
Fagartikkel

Gassutveksling hos plantar

Plantar skil seg frå dyr ved at dei har både fotosyntese og celleanding. Fotosyntese og celleanding har motsett effekt på konsentrasjonen av oksygen- og karbondioksidgass. Gassutvekslinga med omgivnadene avheng derfor av balansen mellom dei to prosessane.

Gassutvekslinga til plantar avheng av balansen mellom fotosyntese og celleanding

Planteceller forbruker oksygen og produserer karbondioksid gjennom celleanding, akkurat som dyreceller. Plantar skil seg frå dyr ved at nokre celler òg kan utføre fotosyntese. Fotosyntesen forbruker karbondioksid og produserer oksygen. Utvekslinga av gassar mellom omgivnadene og planten avheng derfor av balansen mellom fotosyntese og celleanding. Balansen endrar seg i løpet av døgnet, gjennom året og gjennom livet til ein plante.

Celleanding skjer kontinuerleg i alle celler. Fotosyntese skjer derimot berre i celler med kloroplastar, og berre når forholda ligg til rette for det. Dersom planten har meir fotosyntese enn celleanding, forbruker han meir karbondioksid enn han produserer, og produserer meir oksygen enn han forbruker. Resultatet er at planten tek opp karbondioksid og skil ut oksygengass.

Gassutveksling skjer ved diffusjon gjennom spalteopningar

Plantar har ingen spesielle transportsystem for gassutveksling. Utvekslinga mellom blad og omgivnader skjer direkte ved diffusjon gjennom spesielle porer, spaltar, på undersida av blada. Spaltene kan opnast og lukkast ved hjelp av eit par spesielle lukkeceller. Opne spalter gjer at bladet kan ta opp karbondioksid, men inneber samtidig at vatn fordampar frå bladet. For plantar som har avgrensa tilgang på vatn, kan dette vere ei utfordring. Mange artar løyser utfordringa ved å lukke spaltene midt på dagen, når fordampinga av vatn er størst.

Gassutvekslinga til plantar kan målast i atmosfæren

Karbondioksidkonsentrasjonen i jordatmosfæren varierer gjennom året. Dette kjem av at balansen mellom fotosyntese og celleanding endrar seg med årstidene. Når det er sommar, tek plantane opp meir karbondioksid enn dei forbruker. Om vinteren er det motsett. Karbondioksidkonsentrasjonen til atmosfæren blir påverka meir av årstidsvekslingane på den nordlege halvkula enn på den sørlege. Dette kjem av at den nordlege har eit betydeleg større landareal. Det er spesielt gassutvekslinga i dei enorme nordlege skogane (taigaen) som bidreg til forskjellen.