Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om gassutveksling

Med desse oppgåvene kan du lære deg omgrep, forklare fenomen, sjå samanhengar og løyse problem innanfor temaet gassutveksling.

Oppgåve 1. Generelt om gassutveksling

  1. Kva meiner vi med spesialiserte overflater når vi snakkar om gassutveksling?

  2. Kva kjenneteiknar dyr som manglar spesialiserte gassutvekslingsoverflater?

  3. Kva faktorar påverkar mengda av ein gass som diffunderer gjennom ei overflate i eit gitt tidsrom?

Oppgåve 2. Gassutveksling hos ulike dyr

  1. I forhold til storleiken har pattedyr eit mykje høgare oksygenforbruk enn amfibium og krypdyr. På kva måtar er lungene til pattedyr tilpassa dette høge oksygenforbruket?

  2. Hos insekt er gassutvekslinga uavhengig av sirkulasjonssystemet. Kva er grunnen til dette?

  3. Beskriv motstraumsprinsippet og kva betydning det har i samband med gassutveksling.

Oppgåve 3. Fleirvalsoppgåver

Oppgåve 4. Gassutvekslingsorgan – dra og slepp

Oppgåve 5. Gassutveksling – dra og slepp

Oppgåve 6. Oppbygginga av luftvegane – dra og slepp

Oppgåve 7. Pusting – dra og slepp

Oppgåve 8. Fleirvalsoppgåver

Oppgåve 9. Pusting og gassutveksling hos pattedyr

  1. Du pustar inn oksygengass frå lufta. Beskriv vegen eit oksygengassmolekyl følgjer frå det er i lufta utanfor lungene, til det er i ein mitokondrie i ei celle.
  2. Kva er grunnen til at oksygen blir transportert frå lungene til blodet, mens karbondioksid blir transportert motsett veg, frå blodet til lungene?

  3. Personar som klatrar opp på høge fjelltoppar som Mount Everest, bør ha med seg oksygenflasker. Kvifor?
  4. Innanding er energikrevjande, men ikkje utanding. Kvifor?

  5. Alveolane er elastiske. Kva betydning har det?

  6. Beskriv korleis pustinga blir regulert i forhold til forbruket/produksjonen kroppen har av O2/CO2.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Ragnhild Baglo og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Gassutveksling