Hopp til innhald

Fagstoff

Pusting og regulering av pustebevegelsar

Pusting, eller ventilering, har som funksjon å skifte ut lufta i alveolane, slik at gassutvekslinga kan haldast oppe. Pustemuskulaturen skaper trykkendringar som styrer luftstraumen inn i og ut av lungene. Pustebevegelsane blir styrte automatisk frå pustesenteret i hjernen.
Barn som held pusten under vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor pustar vi?

Lufta i alveolane må skiftast ut for at gassutvekslinga mellom alveolane og blodet skal kunne halde fram. Avstanden mellom omgivnadene og alveolane er altfor stor til at diffusjon kan stå for denne utskiftinga. Vi treng å flytte lufta meir effektivt. Løysinga er å puste.

Korleis pustar vi?

Når du trekkjer pusten, kjenner du at brystkassa hevar seg. Det er fort gjort å tenkje at dette skjer fordi lungene blir fylte med luft, men det er faktisk omvendt: Lungene blir fylte med luft fordi brystkassa hevar seg.

Det er lufttrykket i lungene som avgjer om lufta strøymer inn i eller ut av lungene. Når lufttrykket i lungene er lågare enn lufttrykket utanfor kroppen, strøymer luft ned i lungene. Når lufttrykket i lungene er høgare enn lufttrykket utanfor kroppen, strøymer luft ut av lungene. Lufttrykket i lungene blir i sin tur bestemt av volumet i brysthola, som blir styrt av pustemuskulaturen. Pustemuskulaturen består av mellomgolvet og ribbeinsmusklane.

Innanding

Innanding skjer på følgjande måte: Like før du trekkjer pusten, får musklane i mellomgolvet beskjed om å trekkje seg saman. Dette gjer at mellomgolvet blir trekt ned mot bukhola. Samtidig blir brystkassa heva ved hjelp av ribbeinsmusklane. Resultatet er at lungevolumet aukar. Det skaper eit lågare lufttrykk i lungene enn i omgivnadene, og dette gjer at luft strøymer ned i lungene.

Utanding

Når lungene er fylte med nok luft, slappar mellomgolvet av, samtidig som brystkassa senkar seg. Dette gjer at lufta i lungene blir pressa saman. Dermed blir lufttrykket i lungene høgare enn i omgivnadene, og lufta strøymer ut av lungene. Utandinga krev normalt ikkje energi, i motsetnad til innandinga. Ved svært anstrengjande aktivitetar er det likevel naudsynt å auke både pustefrekvensen og luftvolumet som blir pusta inn og ut. Då hjelper ribbeinsmusklane til også ved utanding.

Animasjonane viser følgjande:

  • Ved innanding blir brysthola utvida, og luft strøymer ned i lungene.

  • Ved utanding minkar brysthola, og luft blir pressa ut av lungene.

Regulering av pustebevegelsane

Vi tenkjer ikkje over at vi pustar, fordi det skjer automatisk. I hjernen, i den forlengde mergen, er det eit eige pustesenter som regulerer kor ofte og kor djupt vi pustar. Pusten blir regulert slik at konsentrasjonen av oksygengass og karbondioksid i blodet blir halden relativt stabil, uavhengig av aktivitetsnivået.

Reguleringa av pusten skjer på bakgrunn av informasjon frå sanseceller om pH og gasskonsentrasjon i blodet. Vanlegvis er det karbondioksidkonsentrasjonen som bestemmer pustemønsteret. Når konsentrasjonen av karbondioksid i blodet aukar, søkk pH-verdien. Dette kjem av at karbondioksid dannar karbonsyre når det reagerer med vatn. Ved at konsentrasjonen av karbondioksid regulerer pustemønsteret, held vi oppe pH-balansen i kroppen. Når du held pusten, er det den aukande karbondioksidkonsentrasjonen som utløyser kjensla av ubehag som gjer at du til slutt må gi deg.

Brystkassa med mellomgolvsmuskelen. Illustrasjon.

Litt etter at du har pusta ut, stig konsentrasjonen av karbondioksid i blodet, og dermed søkk pH-verdien til blodet. Då sender pustesenteret ut nervesignal til mellomgolvet, som trekkjer seg saman. Luft blir deretter trekt ned i lungene.

Ved eit bestemt lungevolum blir strekkfølsame sanseceller som stimulerte. Dei signaliserer til pustesenteret at lungene inneheld nok luft. Nervesignala til pustemusklane blir hemma, mellomgolvsmuskelen slappar av, og vi pustar ut.

Klatrarar på Mount Everest med oksygenmaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2021

Læringsressursar

Gassutveksling