Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lungesjukdommar

I denne oppgåva skal de saman utforske nokre sider ved temaet lungesjukdom.
Friske lunger og plasseringa deira i kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

Før de begynner, bør de ha grunnleggjande kjennskap til oppbygginga av luftvegane og samanhengen mellom oppbygginga og funksjonen til lungene.

Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan de ha seks elevar på nokre grupper. I desse gruppene må då to elevar jobbe med same tema.

Fordel temaa nedanfor på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal så setje seg inn i kvart sitt tema.

Ekspert 1: KOLS

Finn ut:

  • Kva er KOLS ei forkorting for?

  • Korleis kjennest det ut å ha KOLS?

  • Kva symptom gir KOLS?

  • Kva er kjende risikofaktorar?

  • Kva behandling finst det mot KOLS?

Kjelde:

KOLS

Ekspert 2: astma

Finn ut:

  • Kva er kjende risikofaktorar?

  • Korleis kjennest det ut å ha eit astmaanfall?

  • Kva symptom gir astma?

  • Korleis verkar astmamedisin?

Kjelde:

Astma

Ekspert 3: lungefibrose

Finn ut:

  • Kva skjer med lungene til ein person med fibrose?

  • Kva er kjende årsaker til at ein utviklar fibrose?

  • Kva symptom gir fibrose?

Kjelde:

Lungefibrose

Ekspert 4: SARS-virus og covid-19

Finn ut:

  • Oppklar omgrepa SARS, koronavirus og covid-19.

  • Kva er akutt lungesviktsyndrom?

  • Kva er vanlege symptom på akutt lungesviktsyndrom?

  • Alvorlege tilfelle av covid-19 har av nokre blitt samanlikna med drukning. Kva er bakgrunnen for denne samanlikninga?

  • Korleis blir akutt lungesviktsyndrom behandla?

Kjelde:

Lungesviktsyndrom

Ekspert 5: spirometri og mål på lungefunksjon

Finn ut:

  • Kva er spirometri, og kva blir det brukt til?

  • Kva er forsert ekspiratorisk volum første sekund (FEV1), og kvifor kan det vere interessant å måle?

  • Knytt følgjande omgrep til storleikane som er angitt med bokstavane A–C i figuren under: restvolum, tidevolum, vitalkapasitet. Finn gjerne ut kva som er typiske talverdiar.

  • Forklar omgrepet pustefrekvens. Bestem pustefrekvensen i kvile til personen som er framstilt i figuren under.

Figur som viser korleis lungevolumet til ein person endrar seg i løpet av eitt minutt. Volumet aukar og avtek jamt og regelmessig fram til ca. det førtiande sekundet. Då aukar volumet mykje for deretter å avta mykje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde:

Spirometri

Individuelt arbeid

Jobb først individuelt. Svar på spørsmåla under temaet ditt. Bruk gjerne andre kjelder i tillegg til dei du har fått oppgitt.

Tidsbruk: 30 minutt.

Ekspertgrupper

De som har sett dykk inn i same tema, skal no sitje saman. Del det de har funne ut, oppklar det som er uklart, og førebu dykk på å presentere temaet for basisgruppa.

Tidsbruk: 30 minutt.

Deling og diskusjon

Set dykk i basisgruppa, og presenter det de har funne ut. Kvar ekspert får 5 minutt til å presentere temaet sitt.

Jobb deretter med oppgåvene nedanfor. Fleire av oppgåvene krev at de kombinerer kunnskap om fleire av temaa. Samanfatt gjerne oppgåvene i fellesskap til slutt.

Tidsbruk: 60 minutt.

Oppgåve 1

De har sett dykk inn i fire ulike sjukdommar: KOLS, astma, fibrose og covid-19. Diskuter ulike moglegheiter for å gruppere sjukdommane med utgangspunkt i likskapar og forskjellar. De kan begynne med å gruppere dei etter følgjande kriterium:

  • Kva del av gassutvekslingssystemet blir påverka?

  • I kva grad heng sjukdommen saman med livsstil?

Foreslå i tillegg andre måtar å gruppere sjukdommane på.

Oppgåve 2

I ein lungefunksjonstest fyller ein lungene så mykje som mogleg, for deretter å puste ut så raskt og kraftig som mogleg. Testen måler mengda luft som blir pusta ut, og farten på luftstraumen. Resultata kan gi mykje informasjon om eventuelle sjukdommar.

Tre personar tok ein lungefunksjonstest. Figuren under viser resultata av testen. Bruk figuren når de svarer på spørsmåla.

Resultat frå ein lungefunksjonstest av tre personar. Grafen viser volumet av lufta som blir pusta ut, som funksjon av tida i sekund. Grafen for person 1 og 3 stig raskt før han flatar ut på høvesvis 5 og 3 liter. Grafen for person 2 aukar tilnærma lineært. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Bestem FEV1 og vitalkapasitet for dei tre personane.

  • Person A er frisk, mens person B og C har ein av sjukdommane som de har sett dykk inn i (to ulike sjukdommar). Diskuter kva sjukdommar det kan vere.

  • Formuler eit spørsmål til person B og C som kan hjelpe dykk med å stille korrekt diagnose dersom de er usikre.

Oppgåve 3

Figuren viser alveolane til tre personar som har ulike sjukdommar. Oksygeninnhaldet i blodet som har passert gjennom lungene, er lågare enn normalt i alle dei tre tilfella.

  • Bruk informasjon frå figuren og kunnskap om diffusjon til å forklare kvifor oksygeninnhaldet er lågare enn normalt.

  • Ein astmatikar har normale alveolar. Kva er årsaka til at oksygeninnhaldet i blodet likevel kan vere lågare enn normalt?

Figuren viser alveolane til ein frisk person og tre personar med ulike sjukdommar: covid-19, fibrose og emfysem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4

Figuren nedanfor viser resultata frå ein langvarig kohortstudie om samanhengen mellom røyking og levealder.

Resultat frå stor britisk studie om samanhengen mellom røyking og død. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kva er ein kohort i denne samanhengen? Kva er ein kohortstudie?

  • Beskriv kva figuren i hovudtrekk viser.

  • Kor stor del av ikkje-røykjarane kan forventast å vere i live når dei fyller 85 år? Kor sannsynleg er det at ein storrøykjar blir eldre enn 70 år?

  • Lat oss gå ut frå at det går 10–15 år frå ein sluttar å røykje, til ein har same dødsrisiko som ikkje-røykjarar. Bruk denne informasjonen og figuren til å forklare for ein 40-årig storrøykjar kva betydning det vil ha for ho dersom ho sluttar omgåande.

  • Det er berekna at ein 65-åring som sluttar å røykje, kan "tene" ca. to ekstra leveår samanlikna med ein som ikkje sluttar. Ein 65-årig røykjar blir presentert for dette talet av legen sin og svarer at det er ei dårleg påskjøning, sidan dei to ekstra leveåra uansett "kjem til slutt i livet". Har han eit poeng?

CC BY-SASkrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2021

Læringsressursar

Gassutveksling