Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Modellering av mellomgolvet

Mellomgolvet er ein muskel som skil dei to kroppsholene i overkroppen. I denne aktiviteten skal du lage ein modell, setje opp ein hypotese og vidare undersøkje om hypotesen din stemmer.
Friske lunger og plasseringa deira i kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Mellomgolvet er ein muskel som skil dei to kroppsholene i overkroppen. I brysthola finn vi hjartet som ligg mellom to lunger, og bukhola inneheld organ som er del av organsystem for fordøying og formeiring. Mellomgolvet er i botnen av brysthola og speler ei viktig rolle for pustebevegelsen.

Formål

I denne aktiviteten skal du lage ein modell av mellomgolvet. Denne modellen skal du bruke til å setje opp ein hypotese for kva funksjon mellomgolvet har for pustebevegelsene våre. Du skal deretter undersøkje om hypotesen din stemmer med det du finn i teorien.

Framgangsmåte:

Ei brusflaske delt i to. I tuten på flaska er det festa ein ballong. På undersida der flaska er delt, er det festa ein plasthanske. Saman utgjer dette ein modell av mellomgolvet. Foto.
  1. Bruk ein saks til å dele brusflaska i to. Du skal bruke toppen av flaska vidare.

  2. Bruk tape (gjerne markeringstape) rundt kanten der du klipte opp flaska, slik at den ru kanten ikkje lagar hol i hansken.

  3. Plasser ein ballong i flasketuten, og brett han over kanten

  4. Fest plasthansken i botnen av den halve flaska.

Resultat og spørsmål:

  1. Dra plasthansken forsiktig ned og opp. Kva skjer med ballongen?

  2. La plasthansken representere mellomgolvet og ballongen representere lungene. Lag ein hypotese for korleis du meiner at mellomgolvet hjelper til med pustebevegelsen.

  3. Undersøk om hypotesen din stemmer ved å samanlikne han med fagstoffet du finn.

  4. Det er ikkje berre mellomgolvet som har ei viktig rolle i pustebevegelsen. Undersøk kva andre faktorar som er involverte i dette.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Gassutveksling