Sertifisering i bruk av lysmikroskop
Viss vi lærer oss å bruke lysmikroskopet, får vi høve til å utforske det vi ikkje kan sjå med berre auga, slik som mikroorganismar, krystallstrukturar og celler frå plantar og dyr.
Å kunne bruke eit lysmikroskop er ei veldig nyttig ferdigheit som du får bruk for når du jobbar med realfag på skulen og seinare i jobb. Det kan vere vanskeleg i byrjinga, men med litt trening vil du kunne bruke lysmikroskopet effektivt for å utforske og analysere dei prøvane du ønsker.
Film om oppbygginga av mikroskopet (4:24)
I denne filmen får du ein gjennomgang av dei ulike delane av eit mikroskop og kva funksjon dei har. Sjå filmen først, og øv på eit mikroskop etterpå.
Øv sjølv
I denne delen skal du øve på kva dei ulike mikroskopdelane heiter, og kva funksjon dei har.
For å bli sertifisert må du kunne vise kvar dei ulike delane på mikroskopet er, og forklare kort kva dei gjer / kva vi må passe på når vi bruker dei. Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" lenger ned når du øver, og øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.
Jobb gjerne saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre. De kan til dømes skrive namna på alle delane på små post-it-lappar og plassere dei på rett stad.
Du kan òg førebu deg ved å bruke dei interaktive øvingsoppgåvene under.
Bli sertifisert
Når du klar til å vise kva du kan om dei ulike mikroskopdelane og korleis dei fungerer, kan du be ein som allereie er sertifisert på dette nivået, om å sertifisere deg.
Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.
Filer
Film om handtering, sitjestilling og innstilling av okular (2:52)
I denne filmen får du ein trinn-for-trinn-gjennomgang av korleis du gjer mikroskopet klart til bruk. Sjå filmen først, og øv på eit mikroskop etterpå.
Øv sjølv
Du får delt ut eit ferdig preparat. I denne delen skal du gjere mikroskopet klart til bruk, heilt frå du hentar det fram, har preparatet klart til mikroskopering og til du har sett mikroskopet tilbake der det stod.
Jobb saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre.
Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" lenger ned når du øver, og øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.
Viktig!
Start alltid med objektbordet i lågaste stilling. Når du plasserer eit objektglas med eit preparat i haldaren, skal det vere god klaring opp til objektivet! Hugs at dette er eit dyrt instrument, og at vi ikkje ønsker smuss eller ripar på objektiva.
Bli sertifisert
Når du klar til å vise korleis du gjer mikroskopet klart til bruk, kan du be ein som allereie er sertifisert på dette nivået, om å sertifisere deg.
Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.
Filer
- Mikroskop – klargjering(DOCX)
Film om fokusering av preparat (3:30)
I denne filmen får du ein trinn for trinn-gjennomgang av korleis du bruker mikroskopet når du skal studere eit preparat. Sjå filmen først, og øv på eit mikroskop etterpå.
Øv sjølv
I denne delen skal du øve på å studere eit preparat.
Bruk eit ferdig preparat.
Jobb saman med ein annan. Vis og forklar for kvarandre.
Bruk sjekklista under "Bli sertifisert" under når du øver, og øv til du kjenner deg klar til å vise kva du kan.
Bli sertifisert
Når du er klar til å vise kva du kan om å bruke eit mikroskop til å undersøke eit preparat, kan du be ein som allereie er sertifisert på dette nivået, om å sertifisere deg.
Viss gjennomføringa blir godkjend, fyller de ut eit sertifikat. Sertifikatet kan lagrast i di eiga "sertifiseringsmappe" og eventuelt bli skrive ut og delt med læraren din.
No er du ferdig sertifisert. Gratulerer! For å halde ferdigheitene ved like og for å bli betre er det viktig å trene. Her finn du praktiske oppgåver der du får bruk for mikroskopferdigheitene dine: