Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Falske nyheiter eller faktum?

Under finn du utdrag frå meiningsytringar om korona-pandemien, virus, wifi og vaksinar. Her er det oppsiktsvekkjande påstandar som utfordrar oss. Korleis kan vi vite kva som er riktig, og korleis skal vi møte slike utspel?
Ei gruppe menneske med plakatar samla framfor Stortinget. I framgrunnen eit stort banner med teksten "Media er viruset". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verkelegheitsoppfatningar som utfordrar oss

Under finn du utdrag frå eit brev med meiningsytringar om korona-pandemien, virus, wifi og vaksinar. Her er det oppsiktsvekkjande påstandar som snur opp ned på mykje av det vi elles høyrer på nyheitene, og det du lærer på skulen. Korleis skal vi møte slike utspel, og korleis kan vi vite kva som er riktig? Korleis oppstår eigentleg ulike verkelegheitsoppfatningar, frykt og motstand mot vitskap og den informasjonen vi får frå styresmaktene?

Utdrag frå meiningsytringar om korona-pandemien, virus, vaksinar, wifi med meir

Den falske pandemien er sett i gang av dei superrike globalistane som Bill Gates, Anthony Fauci, Rockefeller, Clinton, Rotschild med fleire, og det privateigde WHO og SN.

Influensa er ein elektrisk sjukdom som kjem av påverknad av elektromagnetisk stråling, og har følgd i spora av elektrifiseringa i verda. Tidlegare var det berre sola som utløyste sjukdommen når solflekkaktiviteten var på det høgaste. Når influensa er ein elektrisk sjukdom som IKKJE smittar, kvar er då viruset?

Virus eksisterer IKKJE. Virus betyr gift, altså noko som er uønskt. Det finst derfor INGEN definisjon på kva eit virus er, men vi kan få virus på PC-en. Kroppen vår lagar millionar av nye celler kvart døgn, og dei gamle og døde cellene må fjernast. Dette avfallsstoffet, saman med andre uønskte stoff, blir kalla virus eller hexosom. Ein kan IKKJE bli smitta av dette. Det er dødt stoff og ufarleg.

Den såkalla PCR-testen som blir brukt for å teste om ein har "covid", er IKKJE ein test, men ein metode for å forske på svært små partiklar som det elles ville vore vanskeleg å forske på. Metoden er utvikla av nobelprisvinnaren Kary Mullis, som sjølv har forklart om kva denne metoden kan, og kva han IKKJE kan brukast til. Han fekk brått "lungebetennelse" og døydde like brått i 2019, då han forklarte dette. (Hans Kristian Gaarder døydde òg brått.) PCR-testen er altså ein falsk test og gir utslag på kva som helst, utan at det er nokon sjukdom. Utan PCR-testen – ingen "smitta".

Det går heller IKKJE an å vaksinere mot noko som IKKJE eksisterer. "Vaksinane" er IKKJE vaksinar, men giftsprøyter som inneheld både kvikksølv, formalin, aluminium og genmodifiserande materiale frå sjuke og døde dyr og menneske. Mange blir sjuke og får Parkinson og andre livstruande sjukdommar, og nokon døyr veldig fort.

Elektromagnetisk stråling er farleg på mange måtar, og gjer meir enn å utløyse influensa. Når vi blir bombarderte med wifi og trådlaus kommunikasjon, må vi bli sjuke. 4G, og spesielt 5G, forstyrrar funksjonane til cellene, fordi dei blir regulerte av svake elektriske signal.

Typiske symptom og konsekvensar av wifi er: hovudverk, svimmelheit, sterilitet, søvnløyse, hudutslett, grå stær og kreft i fleire former.

Alt dette skjer fordi ei gruppe menneske, desse superrike globalistane, vil ha jorda for seg sjølv.

– anonym –

Oppgåver

Gruppe med farga silhuettar av personar som snakkar saman. Illustrasjon.
  1. Les gjennom teksten ovanfor, og gjer ein faktasjekk av opplysningane du finn. Det kan vere lurt å bruke hugseregelen når du gjennomfører faktasjekken.

    1. Finn du fleire kjelder med same innhald?

    2. Eksisterer dei personane som er nemnde?

    3. Finn du kjelder der desse personane har uttalt seg om saka dei blir knytte til i teksten?

  2. Kan du sjå eit mønster i korleis påstandane blir grunngitte?

  3. Finn du påstandar i teksten som strir mot oppfatningane dine, og som du har kunnskap nok til å prøve å motbevise? Presenter argumenta dine for ein medelev.

  4. Diskuter påstandane i teksten med sidemannen.

    1. Trur du det er mange i landet som er einige i påstandane i teksten?

    2. Kjenner du til miljø der slike oppfatningar er representative?

    3. Har du tankar om kvifor ulike verkelegheitsoppfatningar kan oppstå?

  5. Korleis kan/bør politikarar handtere førespurnader og innspel frå grupper og enkeltpersonar som til dømes er overtydde om at korona-pandemien er oppdikta?

  6. Diskuter teksten i klassen.
    Lag gjerne eit rollespel der nokon får i oppgåve å forfekte oppfatningane til brevskrivaren.

  7. Skriv eit svar til brevskrivaren der du prøver å motbevise éin eller fleire av påstandane i brevet, eller forklare kvifor dette ikkje kan stemme.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2021

Læringsressursar

Metodar i forsking