Konspirasjonsteoriar og demokrati - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Konspirasjonsteoriar og demokrati

Dagleg møter vi ei enorm mengd informasjon. Mykje kjenner vi til frå før, men av og til dukkar det opp saker som får oss til å sperre opp auga. Tek du alt for god fisk, eller blir du skeptisk? Kva er det i så fall som får deg til å tru eller tvile på det du ser eller høyrer?
Film om konspirasjonsteoriar. Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0

Drøftingsoppgåver om konspirasjonsteoriar og demokrati

  1. Forklar kva som blir meint med omgrepet konspirasjonsteori.

  2. Kva konspirasjonsteoriar kjenner du til? Lag ei liste saman med medelevar.

  3. Er det farleg å tru på konspirasjonsteoriar, og kven lèt seg overtyde av desse? Grunngi påstandane dine. Har du døme å vise til?

  4. Kjenner du til éin eller fleire hendingar dei siste åra som er inspirerte eller utløyste av konspirasjonsteoriar?

  5. Har du nokon gong lese eller sett noko på internett du har tvilt på om er sant? Har du døme?

  6. Korleis oppstår avvikande verkelegheitsoppfatningar?

  7. Kven kan ha interesse av å lage ei falsk nyheit om til dømes

    1. vaksinar?

    2. korona-pandemien?

    3. klimaendringar?

  8. Drøft om konspirasjonsteoriar kan ha betydning for demokratiet.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Falske nyheiter eller faktum?

Her får vi presentert oppsiktsvekkjande påstandar som utfordrar oss. Korleis kan vi vite kva som er riktig, og korleis skal vi møte slike utspel?

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021