Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hypotesetesting med Semmelweis

Kontroversielle teoriar kan brukast til å illustrere korleis vitskap fungerer. I denne oppgåva skal du bli kjend med Ignaz Semmelweis og jobbe med vitskapleg tenkemåte.
Portrett av Ignaz Semmelweis. Foto.

Ignaz Semmelweis var lege og jobba på Allegemeine Krankenhaus i Wien på 1800-talet. Dette sjukehuset hadde to fødeavdelingar: ein for kvinner som høyrde til arbeidarklassen, og ein for overklassekvinner. Avdelingane var organiserte slik at overklassekvinnene fekk tilsyn av legar, mens arbeidarklassekvinnene fekk tilsyn av jordmødrer.

Semmelweis gjorde ein interessant observasjon: På avdelinga for overklassen døydde 13–18 % av kvinnene i barselfeber, men på avdelinga for arbeidarklassen døydde berre 2 %. Som vitskapsmann undra han seg over kvifor det var slik.

Oppgåver

  1. Kva er barselfeber?

  2. Kan du hjelpe Semmelweis ved å tenke deg til kvifor fleire overklassekvinner enn arbeidarklassekvinner døydde av barselfeber?

  3. Ignaz Semmelweis samanlikna dei to fødeavdelingane og laga seg nokre hypotesar:

    Hypotese 1: Var det fordi presten berre gjekk innom avdelinga for arbeidarklassekvinner?

    Hypotese 2: Hadde det samanheng med klokka som berre ringde på den eine avdelinga?

    Hypotese 3: Kunne det vere eit "likstoff" som legane bar med seg, som gjorde at kvinnene døydde?

    1. Ta utgangspunkt i det du kan frå før om vitskapleg tenkemåte, og forklar kva som blir meint med ein hypotese.

    2. Vurder dei tre hypotesane til Semmelweis. Kor aktuelle meiner du at desse hypotesane er for å finne svar på det Semmelweis undra seg over?

    3. Design eit forsøk som kan brukast for å teste dei tre hypotesane.

    4. Viss du skulle ha undersøkt same problemstilling, kva hypotesar ville du ha laga? Korleis kunne du ha testa hypotesane dine?

  4. Sjå figuren nedanfor, og samanlikn dødsraten for barselfeber på fødeavdelinga på sjukehuset i Wien og sjukehuset i Dublin. Kva informasjon kan du hente ut av denne grafen? Forklar likskapar og forskjellar mellom dei to grafane.

To grafar som viser dødsratane for barselfeber på fødeavdelinga på sjukehuset i Wien og sjukehuset i Dublin i perioden 1784 til 1849. Kurva for sjukehuset i Dublin er relativt flat samanlikna med kurva for sjukehuset i Wien. Kurva for sjukehuset i Wien stig etter 1823, då legane begynte å utføre obduksjonar. Kurvene går dramatisk ned etter 1847, då handvask blei obligatorisk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1823 begynte legane ved sjukehuset i Wien å utføre obduksjonar.

I 1847 blei det obligatorisk med handvask for helsepersonell.

  1. Kan du tenke deg ein samanheng mellom barselfeber og obduksjon?

  2. Semmelweis foreslo ei løysing for å redusere talet på dødsfall på sjukehuset i Wien. Denne løysinga reduserte dødelegheita for barselfeber til 1 %. Kva var løysinga til Semmelweis?

  3. Etter å ha undra seg og testa ulike hypotesar presenterte Semmelweis ein ny teori.

    1. Kva meiner ein med omgrepet teori? Korleis bruker vi ordet "teori" i daglegtalen?

    2. I dag veit vi årsaka til den høge dødsraten på sjukehuset i Wien, men det tok over 20 år før teorien til Semmelweis blei allment akseptert. Kvifor trur du det tok så lang tid?

    3. Er teorien til Semmelweis framleis gyldig i dag?

  4. Forklar kva som blir meint med vitskapleg tenkemåte. Ta utgangspunkt i dømet over. Lag eit flytskjema som illustrerer naturvitskapleg metode, og forklar flytskjemaet ditt for ein medelev. Kvifor er vitskapleg tenkemåte nyttig i realfag?

  5. Kva er forskjellen på ein hypotese, ein teori og ei naturlov?

  6. Kan du finne andre døme på vitskapleg metode frå medisinsk historie?

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022

Læringsressursar

Metodar i forsking