Hopp til innhald

Fagstoff

Kreativ bruk av mobiltelefon

Teknologiutviklinga opnar for mange nye moglegheiter til å bruke mobiltelefon i undervisninga. Vi treng ikkje lenger fleire ulike einingar for å få tilgang til ulike typar teknologi. Talet på nyttige appar til mobiltelefonar aukar stadig, og kamerakvaliteten er god.
Til venstre: to hender som held ein mobiltelefon. Til høgre: bilete av ein mobilapp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange moglegheiter med mobil

Stereolupe med dorull som avstandshaldar. Foto.

Mange telefonar har GPS, og , som saman med tilgang til internett gir moglegheit til å kartleggje retning, bevegelse og geografiske posisjonar. Det går òg an å kople til eksternt utstyr, som skjermar, høgtalarar og sensorar (til dømes pulsmålarar og alkometer).

På mobiltelefonen kan du ha appar for måling, registrering, artsbestemming, kart med dokumenterte observasjonar, faktasjekk og mykje meir. Det er òg mogleg å finne relevant informasjon på internett direkte frå telefonen, anten du er ute i naturen eller på skulen.

Kamera og geotagging – dokumentasjon i felt og på laboratorium

Avføring frå bjørn. Synlege restar av molte. Foto.

Mobiltelefonar og digitale kamera er svært praktiske når du skal registrere og dokumentere prosessar og resultat frå felt- eller laboratoriearbeid. Telefonane har gode kamera og nyttige appar, og dei er lett tilgjengelege. Mange telefonar har òg linser til å ta gode makrobilete.

I feltarbeid kan du bruke kameraet og GPS-funksjonen på mobilen til geotagging av bileta. På dei fleste nyare mobiltelefonar kan dette skje automatisk. Kvart bilete blir då merkt med ein eksakt posisjon (lengde- og breiddegrad) som du kan bruke i rapportering. Du kan òg finne posisjonen din på eit kart og notere koordinatane.

Feltarbeid

Spor i snø. Foto.

Snøsporet som er avbilda, er eit fotavtrykk frå eit pattedyr, men kva for eit dyr har sett avtrykket? Det minste sporbiletet er behandla i fotoredigeringsprogrammet til kameraet for å endre kontrast og eksponering, slik at detaljane blir tydelegare. Det er då lettare å telje talet på tær og sjå korleis dei er plasserte. Når du samanliknar biletet og nøkkelen, ser du at avtrykket er frå ein jerv! Bestemminga er gjord i felt, berre med telefonen som hjelpemiddel. Det finst både appar og nettsider med nøklar til å artsbestemme både fotavtrykk og andre sporteikn.

Skjermbilete frå appen med eit bilete av ein frosk og svaret frå appen. Foto.

Nokre appar kan bruke bilete til å identifisere artar, mens andre har lydfiler med fuglesong og kan ta opp lyd. Avspeling av fuglesong kan hjelpe oss med å identifisere fuglar i felt, gjerne supplert med bilete og feltkjenneteikn frå appar på telefonen.

Døme på app til artsbestemming:

Artsorakel: artsbestemming ved hjelp av bilete du tek (utvikla av Artsdatabanken og Naturalis Biodiversity Center)

Interaktive feltdagbøker

Gul sopp og grøn mose. Foto.

Biletet av kantarellane er òg teke i felt, med naturleg lys og blitsen på telefonen. Då biletet blei teke, registrerte GPS-funksjonen på telefonen den eksakte posisjonen i naturen. I etterkant er biletet redigert noko, og posisjonen er lagd inn i Google Maps (maps.google.no). Dette er ei gratis teneste der brukarar (t.d. enkeltpersonar eller grupper) kan lage eigne kart og kople spor, bilete og kommentarar til område på kartet. Bilete og feltobservasjonar kan på denne måten bli til interaktive feltdagbøker som du kan velje å dele.

Karttenester

Kart med menyval. Skjermbilete.

Fleire digitale karttenester fungerer svært godt på mobiltelefon. Du kan som nemnt brukte dei til å finne koordinatar, navigere, lage feltdagbok og markere funn. I tillegg kan du sjekke og førekomstar av artar eller miljøforhold i området der du er på feltarbeid.

Takk vere dugnadsinnsats frå svært mange blir viktige data om utbreiinga av ulike artar registrerte på kart hos Artsdatabanken. Denne informasjonen kan du bruke, men du kan òg bidra.

  • Miljøstatus har temasider om artar, miljø, kultur og natur (Miljødirektoratet).

  • Norgeskart har detaljerte kart beståande av mange lag med informasjon (Kartverket).

  • Artsobservasjoner viser utbreiing av artar. Her kan du òg registrere funn (Artsdatabanken).

Forstørringar, projektor og teleopptak

Mikroskopbilete av hud. Foto.

Det er ikkje vanleg med optisk zoom på mobilkamera, sidan det vil auke dei fysiske måla på telefonane. Men det er likevel enkelt å utvide brennvidda til mobilkameraet. Ved å setje ei lupe mellom linsa og objektet kan du ta gode nærbilete av insekt. Kameraet kan òg setjast direkte på okularet til ei stereolupe eller eit mikroskop. Bileta kan bli svært gode, og mobilkameraet kan erstatte dyrt og spesialisert fotoutstyr (sjå vevsbiletet).

Mikroskopbilete av raudlaukceller. Foto.

Telefonen kan koplast til ein projektor, eit nettbrett eller ein skjerm, slik at du kan vise andre kva som ligg under mikroskopet. Det kan vere praktisk å ha eit enkelt stativ, til dømes ein dorullkjerne som er klipt litt kortare. Den gjer det enklare å halde telefonen roleg og i riktig avstand frå okularet. Når du er i felt, kan du på same måte setje ein kikkert framfor kameraet for å gjere teleopptak.

Redigering og publisering

Bilete og film frå felt eller laboratorium kan redigerast på PC, men det er òg mogleg å gjere svært mykje av etterarbeidet, inkludert publisering, direkte på telefonen.

Filmen Forstørrelse via mobiltelefon (under) viser korleis mobilkameraet er brukt til å dokumentere sporar frå kråkefot. Bileta og filmsnuttane er tekne med ein iPhone. Deretter har ein sett dei saman og redigert dei på telefonen i programmet iMovie og publisert dei direkte i YouTube frå telefonen via ein eigen applikasjon. Heile prosessen (fotografering, redigering og publisering) er altså gjord med ein mobiltelefon.

Gjer deg kjend med din eigen telefon og dei moglegheitene han gir deg til å dokumentere og rapportere frå ekskursjonar og forsøk. Utnytt moglegheitene som digitale presentasjonar gir!


CC BY-SASkrive av Alex Strømme og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023

Læringsressursar

Metodar i forsking