Forsøk i biologi
Styrte forsøk er forsøk der du får ei detaljert oppskrift på kva som skal gjerast. Oppskrifta inneheld òg ei liste over utstyr og kjemikaliar du treng i forsøket, og som du må finne fram før du startar.
Sjølv om metoden er bestemt på førehand, må du oftast lage hypotesar før du begynner på forsøket. Det er òg viktig å vite nøyaktig korleis du skal registrere resultata, slik at dei kan tolkast seinare. På grunnlag av resultata skal du så prøve å trekkje ein konklusjon der hypotesane blir falsifiserte eller verifiserte. Kanskje må du gjennomføre fleire eksperiment eller utvide eksperimentet for å kunne konkludere? Styrte forsøk blir vanlegvis publiserte i ein rapport.
I opne forsøk kan du bruke ulike metodar for å finne svar eller løysingar på eit definert problem. Vitskaplege arbeidsmetodar er utgangspunktet for framgangsmåten. Nokre opne forsøk er korte og lèt seg gjennomføre på ein skuletime. Andre kan krevje fleire eksperiment med ulike metodar eller observasjonar over lengre tid.
I opne forsøk må du sjølv velje metode/framgangsmåte. Du får øving i å formulere ei problemstilling, lage ein hypotese og bestemme kva variablar som skal endrast, kva for nokre som skal haldast konstante, og kva for nokre som skal undersøkjast/målast.
Det er viktig å lage ei nøyaktig, men likevel lett forståeleg metodebeskriving. Forsøka eller observasjonane må seinare kunne utførast og etterprøvast av andre. Resultata blir brukte til å styrkje eller til å svekkje hypotesen. Dei må registrerast, slik at dei kan lagrast og tolkast. Akkurat som ved styrte forsøk må du til slutt vurdere feilkjelder, prøve å trekkje ein konklusjon og dokumentere alt i ein rapport.
Døme på eit ope forsøk: Forsøk: passiv transport (NDLA)
Mange synest at disseksjonar er eit spennande supplement til den teoretiske undervisninga. Under disseksjonar undersøkjer vi korleis organismar eller delar av organismar er bygde opp, og ser på organ som vi vanlegvis ikkje kjem i kontakt med. Vi kan til dømes dissekere eit grisehjarte, eit blåskjel eller ei reke.
Disseksjonane må planleggjast nøye, og gjennomføringa kan ta tid viss du skal rekke å studere dei ulike organa. Under arbeidet er det viktig å dokumentere det du ser, gjennom notat, teikningar og foto. Det vanleg at disseksjonen endar opp med ein beskrivande rapport.
Datasimuleringar er ofte modellar av verkelegheita. Eit dataspel er ei simulering som er laga for å gi underhaldning. Andre simuleringar er laga for å optimalisere produksjonsprosessar eller for at brukaren skal lære noko. Grensene mellom dei ulike typane er uklare, og mange hevdar at i framtida vil meir læring vil skje ved hjelp av spel.
Simulerte forsøk har den fordelen at dei kan gjentakast mange gonger utan mykje for- og etterarbeid. Det går raskt, du treng ikkje skaffe utstyr, og det er ingen risiko knytt til forsøka. Du kan òg bruke simuleringane til å førebu deg på fysiske forsøk, eller til å repetere. Prøv til dømes forsøket Simulering: Pepsin løyser opp eggekvite (NDLA).
Relatert innhald
I dette forsøket skal du bruke ein dataloggar og lære om fotosyntese, celleanding, pH og karbondioksid løyst i vatn.